5. juni 2015

Prioriteringar i ei VM-tid



Ho kalla seg kaospilot, hadde ei spalte i eit blad som heitte jobb & utvikling og heitte Nina Strand Solevåg. Ho fortel i denne spalta at fleire og fleire av konsulentkollegaene hennar arbeider med handtering av stress. 


Ho viser mellom anna til ein kronikk av psykiater Finn Skårderud: 
”Utbrenthet er et godt navn fordi det bevarer en viss verdighet. Det er nesten for godt. Det likner på depresjon, men lyder mer heroisk. Alle kan ikke bli utbrent. Men må brenne for å bli utbrent.” 
Og det er nettopp dette som er fascinerande, skriv kaospiloten, at du blir sett på som ein helt viss du er i ferd med å jobba deg ihel. 
”Vi skal brenne for det vi jobber med, og vi fordømmer dem som tar det med ro.” 
 Og dette ville Nina Strand Solevåg ha ein slutt på. 
”Husk at du også skal ha et liv utenfor jobben. Det er du som bestemmer over jobben din, den bestemmer ikke over deg.”
Og vidare: 
”Jeg hyller dem som vet å strukturere hverdagen sin slik at de unngår å bli utbrent. For det går an å endre dårlige vaner.”
Ho spør om me har tenkt på at det går an å skriva om si eiga historie. Til dømes kan ein seia at ein har mykje å gjera, men at du er flink til å prioritera. Det kan bli ein sjølvoppfyllande profeti, meiner ho.

Og her deler ho ei god øving med oss som ho sjølv fekk av ein mentor. Du kjenner kanskje til den, men det handlar altså å skilja mellom det som hastar og det som er viktig. Slik gjer du det: (sjå faksimile nedafor): Du teiknar opp fire firkantar og der skriv du inn kva som hastar og ikkje hastar. Det veldig mange gjer, er å skriva ned alle gjeremåla i boksen for ”Hastar/Viktig”. Alt er like viktig! Så rådet for å handtera stress, er å unna seg ti minutt til denne øvinga i ein travel kvardag. 


Det er VM-tid, i morgon kveld kl. 00:00 norsk tid er det opningskamp i Canada mellom vertsnasjonen og Kina. NRK sender alle kampane, og det blir viktig å prioritera rett framover!
Eg henta fram skjemaet til Nina Strand Solevåg, og kjem til å leva etter dette den neste månaden, fram til finalen 5. juli. Fyll ut skjemaet du også!



D23/11


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar