Radikaliserte ungdomar er blitt eit omgrep etter terrorhandlingane
denne hausten. På tv ein dag denne veka såg eg til og med at min heimkommune
Tysvær hadde tatt grep og invitert til seminar om korleis ein kan demma opp for
denne utviklinga blant ungdomane våre. Utan at det treng å ha ein direkte
samanheng, så fell augo mine denne veka på ein kronikk som lektor Harald
Liebich skreiv i Stavanger Aftenblad for rundt fem år sidan. Ingressen hans
burde likevel vera overførbar: Materiell overflod og teknologi har gjort livet
så lett at det blir tungt. Ofte utan mål og meining, skriv han. Tittelen på
kronikken er ”Makelighetens revolusjon”, eit omgrep han henta frå Erling Bjøl
som nytta dette i verket ”Vår tids kulturhistorie”, utgjeve for 40 år sidan den
gongen, altså rundt 1960. Tekniske nyvinningar som vaskemaskin og støvsugar
skulle frigjera mennesket frå monotone plikter, fysisk ubehag og strevsame
oppgåver. Denne samfunnsutviklinga blei forsterka i åra som kom. Nye tekniske
oppfinningar har redusert dei kjedelege oppgåvene endå meir.
Liebich viser til sansane våre, korleis desse er innretta på å suga inn dufter og lydar me omgir oss med i tilværet. Men nase, øyre og augo blir sjeldan utfordra i moderne tid. Me omgir oss med det nøytrale og eit reint og velfrisert tilvære. Han omtalar alle desse kapslane me rører oss i; alt frå leilegheita til treningsstudio til handlesentraa. Kroppen er laga for aktivitet og utfalding, så kva skjer med ein organisme som lever så fysisk beskytta og innanfor så smale felt, spør Harald Liebich. Han meiner det moderne mennesket minner om den omfintlege puddelen som skjelv straks det regnar og bles litt. I vaksen alder har det moderne mennesket oppnådd ein så god økonomisk situasjon at det ikkje er meir materielt å streva etter. Resultatet blir keisemd, som er blitt ein moderne, sjeleleg sjukdom, meiner Liebich. I denne keisemda ligg eit tomrom som ventar på å bli fylt utan å bli det. I denne makelege tidsalderen krev det viljestyrke å lausriva seg frå tv-underhaldninga eller pc-skjermen. Mange et seg inn i tomrommet med dei helseutfordringane det fører til i samfunnet. For mange blir vegen ut å vera opptatt av sosial status, prestisje og sjølvstadfesting, ikkje ulik den strebinga me såg i overklassa i tidlegare tider, skriv Liebich.
Livet er skjørt i den beskytta kapselen, og det teknologiske samfunnet er sårbart. Og interessant nok, tenkjer eg etter hendingane dei siste dagane; medan sjølviepidemien brer om seg som følgje av dei nye sosiale mediene, brukar terrorgruppene dei same mediene til å ta tak i ungdomane som dei vil bruka til å fylla opp det same tomrommet med terror. Kva blir så det neste etter dette?
Liebich får det siste ordet:
”Historien viser at faser som er samfunnsmessige sårbare, har en tendens til å rakne etter en viss tid. Makelighetskulturen som utviklingsstadium er ikke historiens endestasjon.”
Augo mine var lukkelegvis ikkje så makeleg anlagte at eg ikkje fekk med meg denne regnbogen i veka som gjekk! |
D47/15
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar