Denne veka kunne eg ha skrive om korleis den franske naturvitskaplege
pioneren Jean-Baptiste Lamarck, som levde frå 1744 til 1829, dei siste åra har
fått ein slags renessanse. Lamarck var kjend for ein tidleg variant av
evolusjonsteorien der han meinte at artar endra seg ved at individ tilpassa seg
miljøet sitt og desse endringane vart så arva av avkommet deira. Fleire studiar
tyder på at han kan ha vore inne på noko, fortel ein artikkel i denne vekas
Kina-bok.
Eg kunne også ha skrive om at den ”immaterielle kulturarven” som er
tatt opp på Unesco si verdsarvliste. Dei fleste er kjende med at lista består
av mange imponerande bygningar og bygningsmiljø – og etter kvart også
naturfenomen – men altså no også dette immaterielle. Eitt eksempel er
plystrespråket Silbo Gomero, eit språk på La Gomera, éi av Kanariøyane. Dette
er eitt av fleire plystrespråk, men det einaste som skal vera fullt utvikla.
22.000 menneske er i stand til å plystra det, og det finst til og med
dialektvariasjonar! Ein annan smakebete: På Vanuatu-øyane i det sørlege Stillehavet
teiknar ein i sanden, i leire eller vulkansk aske. Med fingeren blir det laga
intrikate og elegante geometriske mønstre og teikningane er ei form for
kommunikasjon mellom dei 80 språkgruppene som bur på dei mange øyane. Frå
Vietnam står musikkinstrumentet gong på lista. Instrumentet er ei metallskive
som blei brukt som ein bindelekk mellom menneske og den overnaturlege verda.
Mange av artiklane eg tar vare på, er klypte ut med eit ønskje om å ta til meg kunnskap, som det
eg har nemnt så langt. Men så fall augo på ti små linjer eg må ha klypt ut av
eitt eller anna blad. Linjer som snakkar vel så mykje til sjela, og den større
samanhengen me står i. Dette er dei ti linjene:
Vær oppmerksom på dine tanker,for de blir til ord.Vær oppmerksom på dine ord,for de blir til handlinger.Vær oppmerksom på dine handlinger,for de blir til vaner.Vær oppmerksom på dine vaner,for de blir din karakter.Vær oppmerksom på din karakter,for den blir din skjebne.
Og desse orda hadde eg tenkt å avslutta med i dag, men så kom det til meg eit minne i utklyppsboka denne veka, og det kan også knytast til at det denne hausten er ute ei bok om homopioneren Karen Christine Friele, mest kjend som Kim Friele. Ein minst like stor pioner har vore Gerd Brantenberg, forfattar mellom anna av boka ”Opp alle jordens homofile”, utgjeve i 1973, og som homofile og lesbiske framleis hentar fram frå bokhyllene på biblioteket når dei treng støtte til eigne kjensler. Ho har også gjeve ut den såkalla St. Croix-trilogien, ei litterær tilnærming til hennar eigen oppvekst i Fredrikstad.
Så kom denne tanken til oss i Stavanger, då me skulle arrangera eit
nytt Stavanger på skeivå; korfor kan me ikkje ha eit arrangement der me snakkar
om oss sjølv? Talkshowet Homosnakk var ein realitet, og me starta jakta på
gjester. Gerd Brantenberg sto øvst på lista, me klarte å få tak i e-postadressa
hennar, og så var det berre å spørje: Har du lyst å vera gjest osb. Kim Friele
hadde vore i byen tidlegare, men Brantenberg var ei slags uinntakeleg festning
som me berre følte levde vidare gjennom bøkene. Nesten litt rart å tenkja på at
ho faktisk var i live! Og det mest fantastiske av alt: dama sa JA! Ho ville
gjerne koma til Stavanger. Det blei både talkshow og bokprat på Sølvberget. Ho
tok folk med storm begge stadene. Avisa Blikk var der og formidla mellom anna
ein lesbisk historieleksjon Brantenberg kom med på Homosnakk: ”- Jeg skrev en
kronikk i Dagbladet i 1965 under pseudonymet Eva O og ga den overskriften ”Kvinnelig
homoseksualitet, et ikke-eksisterende fenomen”. Dagbladet
endret den til ”Kvinnelig homoseksualitet et sammenhengende helvete”, fortalte
Brantenberg som da var 23 år, til rungende latter fra publikum.”
Dette første Homosnakk gav mange av oss også god erfaring i tankens
kraft, på ein god måte. Me stila høgt, og tenkte at det einaste me kunne møtast
med i ønskje om gjester, var eit nei. Og det nei-et skulle me takla.
D46/22-23, 43, 1-3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar