Sjølv utan ski på beina, kan påska ha sine høgdepunkt. I går blei
Susanne Bier sin fascinerande påskekrim på TV2 avslutta – The Night Manager –
men eg har lukkelegvis mange timar igjen av den beint fram fascinerande
innspelinga av Amalie Skram sitt verk Hellemyrsfolket
på lydbok. 32 timar og 27 minutt til saman i Eilif Armand si innlesing frå
1967. Den første boka i serien; Sjur
Gabriel, skreiv eg om på gymnaset, hugsar eg, men har alltid sidan kjent på
at Amalie Skram må eg lesa meir om! Derfor syg eg til meg artikkelen om Amalie
Skram frå Dag og Tid i dagens Kina-bok. Ho blei fødd i Bergen i 1846 og flytta
til København i 1884. Seinare i livet sa ho at ho ville bli sedd på som dansk
forfattar. Ho måtte slåst mot fordomane i tida om kvinnelege forfattarar for å
få utgjeve den første romanen, men dei kraftige skildringane hennar av
menneskeleg liding blei seinare akseptert som sentrale tilskot til det moderne
gjennombrotet.
Hellemyrsfolket blei sett på som hovudverket hennar, men også
dei sokalla «ekteskapsromanane» hennar er viktige; Constance Ring, Forrådt, Lucie og Fru Inés. Bøkene gir sympatiske portrett av unge kvinner – og ofte
òg av menn – fanga i eit samfunn som byd på ulike vilkår og hemmar menneskeleg
utvikling, skriv Janet Garton, som har skrive biografi om Skram.
Amalie Skram var venstreorientert og tok parti for dei utstøytte og dei
fattige. Ho meinte at samfunnet diskriminerte kvinnene, noko ho sjølv kjende
på. I romanane sette ho søkjeljoset på dobbeltmoralen, og ho hadde ein god
penn. Ho hadde opphald på sinnssjukehus i København og frå denne tida stammar
romanane Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen. Bøkene laga merksemd
kring den uforsvarlege behandlinga av «galne» menneske og av kvinner som nekta
å underordna seg.
Amalie Skram kunne vera overstrøymande glad, men hadde òg ein hang til
melankoli. Ho fortalde at ho skreiv romanane i tåreflom. Ho slost heile livet
for rettferd og skjelte ut venene sine for ikkje å sjå kor mykje liding dei var
kringsette av. Ho var også uforsonleg mot dei ho såg på som hyklarar og
autoritære maktmenneske. Ho gjekk oftast til åtak på kyrkjas menn.
Kva ville så Amalie Skram med livet, ifølgje Janet Garton?
«Ho ville fyrst og fremst bli verdsett for forfattarskapen sin og ikkje for den blendande venleiken sin. Å skrive var for henne både ei naudsyn og ei liding. Ho ville gjera ein skilnad – og det gjorde ho.»
Så då skal eg denne langfredagen tilbake til Sjur Gabriel og Oline og
slekta deira. Det er også historia om eit norsk, fattigsleg 1800-talstilvære.
Amalie Skram er blitt omtala som den fremte norske representanten av
naturalismen, og ho framhevar i romanane sine den nære samanhengen mellom
materielle kår og tanke- og kjenslelivet til menneska. Det er noko djupt
menneskeleg i desse romanane, og Eilif Armands tilnærming til strilemålet er
verd dei nesten 33 timane åleine.
God påske til alle – med eller utan Amalie Skram!
D65/159