Den siste veka blei det annonsert at Linn Ullmann og Geir Gulliksen er
dei norske nominerte forfattarane til Nordisk Råds Litteraturpris, ein pris som
heng ganske høgt. Gulliksen for romanen «Historie om et ekteskap», som eg har
lånt og gler meg til å lesa! På leselista står også «De urolige» av Linn
Ullmann, der ho har skrive ei historie om ein kunstnarfamilie og eit rotlaust
barn med to verdsberømte foreldre. Faren Ingmar Bergman og mora Liv Ullmann er
ikkje direkte nemnt med namn i romanen, men det er nok den erfaringa frå
samlivet med dei to Linn Ullmann har tatt med seg i romanen.
Når Linn Ullmann snakkar om skuld, så er det ikkje med bakgrunn i den
siste romanen, men fordi ho blei hanka inn i ein serie som Dag og Tid hadde for
nokre år sidan der dei stilte dei store spørsmåla; om sorg, skam, soning, synd
og skuld. Det er jo snart påske også, så la oss lytta til kva Linn Ullmann
seier om skuld.
Skuld kjem når me gjer noko gale. Skuld er å ta ansvaret sitt på alvor,
er Linns utgangspunkt. Skuld er ein moralsk vegvisar, seier ho. Men me må ikkje
blanda skuld og dårleg samvit, for det siste er berre ei kjensle, meiner ho. «Å
fokusere på dårleg samvit kan føre til at vi ikkje tek på oss ansvar, fordi vi
kjenner etter for mykje.» Ho ber oss gjerne sjå til barna, dei er veldig
opptekne av kven si skuld det er, og har ei meir knallhard forståing av
rettferd enn me vaksne, seier Linn Ullmann.
Ho er skeptisk til eit
terapifiksert samfunn der me høyrer at dersom me fjernar skuld, så får me det
betre. Skuld treng ikkje å vera destruktivt, og alt treng ikkje å vera
psykiatri, seier Ullmann, og kjem med følgjande døme: «Ta mellommenneskelege
relasjona: I staden for å seie «Eg krenkte deg, eg øydela noko i deg. Det tek
eg ansvar for», seier vi «Du må skjøne meg, eg var ein annan då eg gjorde det,
eg visste ikkje kva eg gjorde. Eg var sint og var eigentleg lei meg». Vi skaper
oss nye identitetar. Det relativiserer moralen.»
Ullmann trur at det at skulda vert erkjend og ansvaret vert plassert,
er forløysande. Når intervjuaren Eskil Skjeldal nemner at skuld òg er eit
religiøst omgrep, og at me har skuld overfor ein Gud, og om ho kjenner seg att
i dette, er ho kontant: «Nei, der går grensa. Eg aksepterer ikkje at vi er
fødde med skuld. Det er handlingane våre som skaper skuld.»
Sjølv har ho skrive romanar som handlar om skuld, makt, ansvar,
forsoning og tilgjeving. Dette er viktig for henne og ho fortel at
coaching-samfunnet gjer henne deprimert. Som forfattar freistar ho å grave
under det me tek for gjeve, til dømes at skuld må fjernast. Ho kjem inn på
Anders Behring Breivik og fortel at skuld er ei komplisert forteljing. «Eg
freistar å syne fleire forklaringar, og at det ikkje alltid er ei klausal
årsakssamanheng. Eg trur at det er uendelege variasjonar av hendingar og
handlingar som verkar inn: Frå det psykiatriske til det guddomlege, frå det
trivielle til det burleske og gruelege. Difor er skuld vanskeleg, for vi kan
ikkje alltid seie at «der er årsaka», eller «du er årsaka».
Samtidig erkjenner
ho at skuld òg kan vera svært enkelt. «Eg trur difor at Noreg hadde kollapsa om
Breivik hadde vorte dømd utilrekneleg. Den openberre skulda ville ha fordufta.»
Linn Ullmann er ein forfattar verd å lesa; om du ennå ikkje har starta
på hennar forfattarskap, så har du noko å gleda deg til.
D63/4
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar