Det var eit år eg blei spurt av Sølvberget bibliotek og kulturhus om å
utarbeida ein forprosjektrapport til ei utstilling som fekk namnet «Kalvedans».
Dette skulle vera ei utstilling med kunst, kulturhistorie, samfunnsengasjement
og framtidsspørsmål, presentert i ei opplevingsutstilling om kyr. På same tid
skulle «Kalvedans» vera eit kunstprosjekt som stiller etiske og filosofiske
spørsmål. Det var Henrikke Garpestad Borch som hadde ideen. Av fleire grunnar
blei utstillinga aldri noko av, men den kom til meg igjen i dag, fordi eg som
del av arbeidet med å finna stoff til rapporten kom borti notata frå ei
doktorgradsavhandlinga av Lars Christian Risan som fekk namnet «Hva er ei ku?»,
med undertittel «Norsk Rødt Fe som teknovitenskap og naturkultur».
Norsk Rødt Fe er namnet på den norske kombinasjonskua – avla for å
produsera både mjølk og kjøt – og ei verkeleg suksesshistorie som innfridde
arbeidarpartistatens distriktspolitiske og strukturnasjonalistiske
forventningar, les me i introduksjonen i Risan si avhandling. Eitt av føremåla
med avhandlinga hans var å undersøkja Norsk Rødt Fe som ei urein blanding av
teknologi, vitskap, kultur og natur. Som ein del av prosjektet reiste Risan til
Jæren for å sjå korleis kyrne hadde det i dei nye lausdriftsfjøsa.
I den nye
dyrevernmeldinga som kom i 2002, heitte det at alle nye fjøs skal vera
lausdriftsfjøs. Risan skriv om korleis jærbøndene måtte bli kjent med kyrne på
ein heilt annan måte i lausdriftsfjøs. Dei byrja å skilja dyra frå kvarandre på
korleis dei oppførte seg i staden for kor dei var plasserte. Personlegdom
oppsto som eit fenomen. Lausdriftsfjøset gav dyra eit rom der dei kunna oppføra
seg på ein heilt annan måte enn det dei kunne før. Det sosiale livet i fjøset
utvikla seg også etter at dei fekk lausdriftsfjøs. Dyra etablerte rangordningar
mellom seg, nokon dyr blir gode, andre mobbeofre. Dyra blei rolegare då dei
blei flytta inn i lausdriftsfjøs, og dei blei meir fortrulege, ifølgje bøndene.
Då dei stod bundne i båsfjøset, kunne dei ikkje flytta seg når noko verka
truande. I lausdriftsfjøset kan dei berre gå unna, og det gjer dei trygge, meir
sjølvsikre. For Risan var det eit mål i gå i møte det han kallar «den urbane
dyrevernretorikken», som hevdar at teknologi «framandgjer» dyr og dyrehald. Med
avhandlinga si meinte han å ha motprova denne retorikken. Som han skriv:
«Fjøsteknologien er med å kontrollere dyrene, men den «objektiviserer» dem ikke. Snarere motsatt: den subjektiviserer den. Den er (i forhold til gammeldagse båsfjøs) et framskritt for dyreverket, for den gir dyrene litt av deres subjektivitet og handlekraft tilbake. Samtidig bruker denne teknologien dyrenes subjektive, aktive medvirkning til (potensielt) å øke produksjonen.»
D62/80-84
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar