Trudde ikkje eg skulle koma til å skriva om dette, men ein artikkel som
sto i eit blad som vedlegg til Bok & samfunn, nemleg Papir & kontor,
har eg tatt vare på. Og det tar utgangspunkt i eit forskingsprosjekt som er
gjort ved Handelshøyskolen BI og føreslår kva som må til for at nye
innovasjonar skal lukkast.
For det er nemleg ikkje slik at berre ved å vera
innovativ – altså det som vel må bety nyskapande – så er suksessen sikra.
Førsteamanuensis Line L. Olsen ved BI fortel nemleg at ni av ti innovasjonar
floppar i marknaden, og det er ikkje akkurat godt nytt for alle dei som no sit
rundt og skal finna noko å leva av etter – eller samtidig - med olja. Løysinga dette forskarlaget kjem
opp med, er trend spotting. Det
handlar rett og slett om å identifisera dei forbrukartrendane som ligg der
djupt i materialet, og det dei gjer i prosjektet sitt ved BI er å identifisera
og omtala sju viktige og varige forbrukartrendar.
Desse sju trendane er: Alltid på farten. Alltid tilkopla. Avkastning på
tid. Kvalitetsinformasjon raskare. Å leva i nået. Sjå på meg no. Personvern.
Avhengig av det kjerneproduktet eller tenesta ein alt leverer, bør
leiarar integrera nokon eller alle desse sju trendane når dei søkjer etter nye
innovasjonsidear – løysingar som er retta inn mot dei langsiktige ønskja og
behova til kunden på ei betre måte, meiner Line L. Olsen.
Skal ta med meg dette. Samtidig som mi eiga tilnærming også har vist
seg å ha livets rett i mange år. Spørja seg sjølv om kva ein ønskjer å oppleva,
og så hegna om desse ønskja som små frø og gje dei den omsorga dei treng fram
til den sårbare spira som så skal veksa seg stor og oppfylla sitt eige
potensiale. Slik gulrotfrøet har i seg potensialet til å bli ei gulrot. Det er
eit lite under, MEN – det må ta den tida det tar.
Av og til må ting ta den tida det tar - som å la tennene koma når dei skal. |
D69/76-77
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar