Våren pirrar nasen, flyselskapa fristar med billege billettar til
europeiske byar, men med ein kriseprega økonomi er det nokon av oss som må nyta
vårlufta i det nære. Derfor fell blikket mitt i dagens tekst på ein del av ein
serie som Stavanger Aftenblad hadde for nokre år sidan om ei annleis byhistorie.
Som byleksikonredaktør blei det opna ei interesse for slike saker som framleis
held seg varm. Det var den nye byantikvaren i Stavanger, Hanne Windsholt, som
inviterte lesarane rundt med ulike tema som knaggar, og i dag skal eg henta
fram den artikkelen som handla om kulturlandskapa. Avisene fløymer over om saker
om kommunesamanslåing om dagen, samstundes som det denne veka blei lagt fram
planar om ny sentrumsplan i Stavanger. Det er snakk om å gjera sentrum
attraktivt både som arbeidsplass og for liva våre. Noko av det mest attraktive
med Stavanger, synest eg, er mulegheita av å finna flotte kulturlandskap berre
få minutt frå sentrumskjernen.
Lyngheier og små gardar var det som utgjorde kommunen vår tidlegare.
Berre små restar er igjen av dette. Windsholt sin tur startar på Austre Åmøy,
der det 3000 år gamle helleristingsfeltet – eitt av dei største i Norden –
framleis fascinerer. Jordbruket oppsto i bronsealderen (1700-500 f.Kr.) og
jordene på Austre Åmøy står dermed i ein 3000 år gamal samanheng, noko som gir landskapet
høg kulturhistorisk verdi, fortel Windsholt. Og då er ikkje turen lang til
jordbrukslandskapet på Austre Åmøy. Fram til 1860 fekk alle ein liten teig då
ein bonde skulle dela garden sin mellom sønene sine. Teigane blei liggjande
hulter til bulter og gardshusa for alle bruka låg samla i ein liten landsby.
Dette systemet som blei kalla teigblanding, gjorde det vanskeleg å få til ei
effektiv jordbruksdrift. I 1859 kom jordskiftevesenet og denne reforma førte
til at nye eigedomsgrenser blei trekt opp, og steingjerda på Austre Åmøy er eit
resultat av dette. Kvar gard fekk eit samanhengande stykke med litt bakke, litt
flat mark og tilgang til sjøen. Og kvart bruk fekk sitt eige tun.
På Smiodden ved Kvernevik, i dag mellom anna kjend for monumentet «Brutt lenke» etter Alexander L. Kielland-forliset i 1980, finst det eit kystlyngheilandskap, som det berre finst nokre få flekkar igjen av. For 150-200 år sidan var heile Jæren og mesteparten av dagens Stavanger kystlynghei. Dette er ein fleire tusen år gamal kulturlandskapstype skapt ved beite kombinert med brenning eller lyngsått. Landskapstypen er truga, ikkje berre i Noreg, men i heile Europa, så her må me ta vårt internasjonale ansvar for å ta vare på dette unike landskapet. Denne landskapsarven minner oss om kva me eigentleg kom frå, seier byantikvaren. Ho tar oss med vidare til Lierdal gard på Tasta som har høg kulturhistorisk verdi fordi den er typisk for korleis ein dreiv jordbruk frå 1850 til 1950.
Endeleg – Eiganes kolonihage! Og andre kolonihagar i Stavanger. Desse kom til i 1916-1917, midt i storheitstida til fabrikkbyen. Arbeidarane budde trangt og nokon tenkte den lure tanken at arbeidarane hadde trong for å lufta seg og spe på kosten med grønsaker, frukt og bær. Byantikvaren meiner at kommunen bør leggja til rette for nye kolonihagar no når nye store bustadområde skal byggjast ut.
For eiga rekning legg eg til: Kunnskap om historia er som fotball; det
blir så mykje meir interessant når du kan reglane! Og eit tips til slutt: ta
3-bussen som går frå Sandnes via Stavanger sentrum og Madla til Viste hageby.
Gå av på siste haldeplass, og gå tilbake til byen, forbi kystlyngheia på
Smiodden og langs Hafrsfjord. Ta gjerne med deg ei bok og noko godt i sekken;
her er mange flotte stader å slå seg ned. Kombinasjon av sjø og vår er
uslåeleg, og det magiske kan oppstå nærare enn du kanskje tenkjer på til dagleg.
D67/8-10
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar