Skodespelaren
Anders Danielsen Lie er i Cannes for å delta i filmfestivalen på den franske
solkysten for andre gong. Denne gong i ein fransk film i ei lita birolle, men - forstår me - viktig birolle, i filmen «Personal Shopper». Rolla har ført til
mange interessante intervju med skodespelaren i norske media denne veka. Eg har
følgt han ei stund og fekk for alvor augo opp for han i NRK-serien «Koselig med
peis». «Oslo 31. august» er også vel verd å få med seg. Gjennom intervjua, fekk eg også med meg at det er han som spelar «Herman» i filmen basert på
Lars Saabye Christiansen sin roman. Den må eg sjå også!
Så skal du bli
skodespelar, så er det mykje å læra av Lie. Men eg er ikkje heilt der, i
tradisjonell forstand, eg har berre lyst å spela hovudrolla i mitt eige liv, og
det er eit stykke arbeid berre det!
Då er det
lukkelegvis slik at Anders Danielsen Lie også har eit anna yrke, han er lege.
Og han har ordet i si makt og serverer oss innimellom essays og innlegg som det
er vel verdt å dvela litt ved. «Færre piller, flere samtaler!» slår han fast i
tittelen i essayet som har festa seg denne veka. Dei fleste yrkesgruppene og
medlemane i den er opptatt av å forsvara yrket sitt inntil døden. Men Danielsen Lie seier alt i ingressen:
«Fastlegene har et ansvar for å motvirke medikaliseringen av samfunnet. Det er
mye man kan gjøre ved bare å være en god lytter.»
Han tar tak i kåringa som sa at Noreg er det beste landet å bu i, men
nemner i same andedrag alle nordmennene som får dårlegare psykisk helse,
korleis angst og depresjon breier om seg og at halvparten av dei som er
sjukemelde eller får uføretrygd har ei psykisk liding. Nemn også dei éin av tre som slit med dårleg søvn. Det er sjølvsagt
samansette bilete som gjer at folk blir sjukemelde, men utgangspunktet til
Danielsen Lie er heiderleg nok; han meiner at me har ei samfunnsmedisinsk plikt
til å setja i verk behandlingstiltak når folk blir sjukemelde over tid.
Han ivrar for
samtalebehandling, også på fastlegekontoret. Men det er ikkje lett. Den
sjølvstendig næringsdrivande fastlegen har rundt tretti pasientar til dagen, og
gir kvar pasient 10-15 minutt av si tid. Så byrjar runddansen. Kanskje blir
pasientane sendt vidare til eit distriktspsykiatrisk senter, men der er det ikkje
lett å koma til med lettare psykiske plager, og dermed blir det til at ein får
antidepressiva medan ein ventar. Medisinar som det syner seg blir brukt i
større omfang enn det er dekning for utifrå verknaden på lettare depresjonar.
I ein slik
situasjon tyr mange også til det såkalla alternative feltet for hjelp. Han tar
ikkje stilling til verknaden av metodane som blir brukt, men tar tak i
hovudpoenget sitt også her: «De alternative terapeutene har ofte god tid. Noen
har den magiske evnen til å få folk til å føle seg «sett»». For kva er det mange av dei 2500 årlege
klagene til Helsetilsynet tar tak i? Jo, at folk stort sett klagar på
oppførselen til legane og den dårlege kommunikasjonsstilen. Mange synest at
fastlegane har negative haldningar til dei som menneske og dei kjenner seg
handsama som statistikk.
Summa summarum:
Anders Danielsen Lie meiner at det må bli tydelegare kven som skal ha
behandlingsansvaret på det han kallar dei psykiske folkesjukdomane, og svaret
hans er fastlegen, mellom anna fordi alt henger saman med alt. Depresjon er ein
betydeleg risikofaktor for tidleg død av hjarte- og karlidingar og
luftvegssjukdomar. Fastlegen er den som har dei beste føresetnadene for å tilby
ei heilskapleg behandling.
Endeleg: Det er
mykje som kan gjerast berre ved å vera ein god lyttar, seier Danielsen Lie.
Ikkje minst handlar det om å investera tid i den terapeutiske relasjonen.
Dessutan må fastlegen ha eit ansvar for å «oppdra» pasientane sine, stå imot
presset frå legemiddelindustrien og motverka medikaliseringa av samfunnet.
Han avsluttar med den kanadiske psykiatriprofessoren Joel Paris sitt
grundige oppgjer med moderne psykiatri. For lette
psykiske lidingar har psykofarmaka dei siste tiåra vore ei sovepute. Paris sin
hovudkonklusjon: Samtalebehandling må spela ei mykje større rolle i framtidas
psykiatri.
D73/144-147
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar