Det slår meg at ein del av artiklane eg har
tatt vare på, er av typen: Dette må eg klyppa ut og så, når eg ein gong får
tid, skal eg lesa boka, sjå filmen, eller for den saks skuld, lesa heile
artikkelen. Men ingenting har fått plass i bøkene utan at det finst ein kime av
interesse i meg ein stad. Og i dag kom eg over tre små artiklar med tilvising
til nettstader. Desse har eg aldri vore innom, og eg tenkte – i dag er dagen! Artiklane og tipsa er samla i boka der eg
samla litt materiale frå Demokratijubilea; Stemmerettsjubileet i 2013 og
Grunnlovsjubileet i 2014.
Kjensgjerninga som slo inn hjå dei fem-seks
jentene som gjekk saman for å etablera nettstaden Under Arbeid, var nettopp
det, at hundre år etter at alle fekk stemmerett i Noreg, så er arbeidet for
likestillinga framleis Under Arbeid. Madeleine Schultz var gründer for
nettstaden som har målgruppe jenter mellom 13 og 20 år. Etter sjølv å ha
arbeidd med mote og skjønnheitsideal i ulike blad, bestemte ho seg for å
etablera ein nettportal for unge jenter som søkjer rollemodellar eller nyheiter
ved sida av kropp og utsjånad. Media har eit stort ansvar for seksualiseringa
av unge jenter, meiner Schulz. I vel eitt år var ho redaktør for nettstaden,
men nettstaden lever vidare, og ho er framleis skribent der. Send adressa rundt til kvinner og menn som
kan ha interesse av den: www.underarbeid.com.
Eg var i konfirmasjon i helga, og det var
ikkje måte på korleis det blei snakka i kyrkja om den lange rekkja av
tilfeldige møte mellom personar lekk etter lekk tilbake i tid, som gjorde at eg
no var meg! Og skal ein ta dette heilt ut ein gong, og verkeleg gå inn i
korleis det var å leva sånn omtrent på tipp-tipp-oldefar si tid, så kan ein
låna tid til den historiske matklubben på Riksarkivet. Med utgangspunkt i ei
slektsbok som blei skriven rundt 1814, har matklubben tatt tak i desse
oppskriftene og prøvd ut det eine eksotiske etter det andre. Dei originale
oppskriftene er tatt med, og så den nye varianten. Kjekk nettstad; eg skal
innom for å finna noko kjekt til neste gong eg skal ha folk i huset, og det må
du også gjerne gjera: http://kokekunst.tumblr.com/
Me avsluttar med ein kunstblogg, eg fekk
tilgang til den gjennom spalta i Klassekampen der ulike skribentar frå Norden
skriv om aktuelle emne innanfor litteratur og kunst. Fotokunstnaren Iiu
Susiraja er mellom anna blitt omtalt som henne som tar «ærlege selfies» eit
steg vidare. Dei første bileta ho tok med sitt første digitalkamera var
sjølvportrett. Ho var redd for å bli fotografert og gjennom dei mildt sagt
særeigne portretta ville ho overvinna frykta for å bli fotografert. Den finske
kunstnaren seier også noko fint om å ha draumar. Først drøymde ho om å overleva
ein vanskeleg periode, å bli ein vinnar i sitt eige liv. Så drøymde ho om å bli
ein kjent kunstnar. Ho seier at det å oppfylla ein draum gir ei eiga ro.
Sjølvportretta hennar blir også ein
interessant kommentar til jentene i nettstaden Under Arbeid. Sjå sjølvportretta
til Iiu Susiraja på nettstaden hennar her: http://www.iiususiraja.com/
Nyt våren!
D71/18-19, 36, 81
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar