Det er tre år
sidan me var i innspurten av førebuingane til å markera hundreårsdagen for
innføringa av allmenn røysterett i landet vårt. På programmet på
Domkyrkjeplassen i Stavanger sto mellom anna eit lite tablå der ungdomar framførte
argumenta i røysterettskampen, kledde i tidsrette klede som me hadde fått lånt
på Rogaland Teater. Johannes Læringssenter tok på seg oppgåva å laga
bursdagskake; ei fleire meter lang sjokoladekake der ordføraren fekk æra av å
ta den første smakebeten. Og medan me sto der og fylte ganane våre og
gratulerte kvarandre med dagen, tona det ut heftige tonar frå kvinner som har
visst å heva røysta; Eurythmics med Annie Lennox og songen «Sisters Are Doin’
It For Themselves», Marie Bergman og «Ingen kommer undan politiken», Patti
Smith og «Because the Night». Men ingenting
kan fylla ein med slik sprengkraft som å samla seg i allsong, så me hadde funne
fram to songar som blei ofte sungen i kvinnekampen på 70-talet, nemleg «Vi är
många» og «Å, jenter». Den siste festa på plate av gruppa Kjerringrokk.
Eg slikkar
framleis litt såra etter semifinalen i Melodi Grand Prix i går, der ingen i
Europa ville ha nokre nordiske bidrag, heller ikkje Agnethe Johnsen sin «Icebreaker»,
i finalen. (Sverige er direktekvalifisert). Det var eit knallsterkt
semifinaleheat ho fekk å bryna seg i, gjorde det aller beste ut av det, men er
altså prisgjeven at nokon tar opp telefonen og faktisk stemmer på deg. Akkurat
det er eit sjansespel.
Det som også må
har vore eit lite sjansespel, er Agnethe sitt val om å takka nei til dei aldri kvilande
krava utanfrå om å vera til stades for presse og fans ei slik veke. Av og til
kan til og med litt bli for mykje, og
for Agnethe skjedde det denne gongen då ho skulle representera landet sitt, i den
mest ikoniske konkurransen me deltar i, nemleg MGP. Då kjem teksten i «Å,
jenter» til meg. For kva gjer ei jente som vil seie noko når alle ropar: Hva sier du? Hva hvisker du nå? Vi hører ikke!
Snakk litt høyere!
På 70-talet var det politiske argument som skulle fram, men alt handlar
til slutt om å finna vegen inn til sjølvverdet, tenkjer eg: «Hvis dere bare holder kjeft nå så hører
dere nok hva jeg har å si».
I eit medielandskap overfylt av talentkonkurransar og håpet om å bli
oppdaga, er det lett å gå på akkord med alle dei som vil ha ein liten bete av
deg. Kor mange drøymer ikkje i tillegg om å få senda
ein sjølvi med seg sjølv og Agnethe ut på instagram eller dei tusen andre
plattformene som finst der ute.
Det er her Agnethe framstår som ein politisk
rebell på linje med dei mange som har gått føre i kampen om å heva røystene
sine; både i røysterettskampen og i kvinnekampen for 40 år sidan. Krisa hennar
er personleg, berre dei som har vore der veit kor uendeleg mørkt det kan vera
der. Av og til er det ikkje eingong snakk om å sjå ljoset i tunnelen, for det
finst ingen tunnel. Og i dette smertefulle rommet kan andre sine krav kjennast
som gift; giftpiler som lammar deg.
Her klarer
Agnethe å løfta stemma. Ho gjer det i
mediejippoet Melodi Grand Prix. Hennar nei er så kraftfullt og gir så mange
håp. For i ei tid der alle går i flokk, og då meiner eg på ein negativ måte; at
me går mot noko som ikkje gjer oss godt, der har Agnethe tørt å kjenna etter.
Ho gjennomførte på scena. Me slikka såra våre over å vera ute, ho sa til NRK
etterpå at ho kjende det som om ho hadde vunne over seg sjølv. For dette kan
også Melodi Grand Prix brukast til: å vinna sjølvrespekt. Eg har fått ein ny
helt.
Og som ein
bonus i dag, har eg funne fram lydfila av songen «Å, jenter», framført av
Kjerringrokk. Teksten på platecoveret er ei helsing til Agnethe, her frå vest.
Kanskje er det ei påminning om det kraftfulle sameblodet i årene hennar:
«Våre røtter er mange og dype, for kvinnens kamp i karrige kår er plantens kamp i den skrinne jord. Vår vekst skal gi kraft, for ville vekster har alltid vært folkets egen medisin.»
Og som endå ein
bonus, får du her teksten til «Å, jenter»:
Å, jenter
Hvorfor har jenter
så spinkle stemmer?
Hvorfor blir jenter
så sjelden lyttet til?
Og hva gjør ei jente
som vil si no’ når alle roper:
Hva
sier du?
Hva hvisker du nå?
Vi hører ikke!
Snakk litt høyere!
Hva hvisker du nå?
Vi hører ikke!
Snakk litt høyere!
Skal ei jente sitte stumme
og bare håpe på at et mannfolk
skal si det hun har tenkt?
Eller skal hun reise seg opp,
trekke pusten litt inn, og rope
Hvis
dere bare holder kjeft nå
så hører dere nok hva jeg har å si.
så hører dere nok hva jeg har å si.
Å, å, å, jenter; å, å, å, jenter.
Vi-i må heve våre stemmer
skal vi høres.
Å, å, å, jenter; å, å, å, jenter.
Vi-i må heve våre stemmer
skal vi høres.
Å, å, å, jenter…..
D72/107
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar