13. mai 2016

Om å heva røysta



Det er tre år sidan me var i innspurten av førebuingane til å markera hundreårsdagen for innføringa av allmenn røysterett i landet vårt. På programmet på Domkyrkjeplassen i Stavanger sto mellom anna eit lite tablå der ungdomar framførte argumenta i røysterettskampen, kledde i tidsrette klede som me hadde fått lånt på Rogaland Teater. Johannes Læringssenter tok på seg oppgåva å laga bursdagskake; ei fleire meter lang sjokoladekake der ordføraren fekk æra av å ta den første smakebeten. Og medan me sto der og fylte ganane våre og gratulerte kvarandre med dagen, tona det ut heftige tonar frå kvinner som har visst å heva røysta; Eurythmics med Annie Lennox og songen «Sisters Are Doin’ It For Themselves», Marie Bergman og «Ingen kommer undan politiken», Patti Smith og «Because the Night». Men ingenting kan fylla ein med slik sprengkraft som å samla seg i allsong, så me hadde funne fram to songar som blei ofte sungen i kvinnekampen på 70-talet, nemleg «Vi är många» og «Å, jenter». Den siste festa på plate av gruppa Kjerringrokk. 


Eg slikkar framleis litt såra etter semifinalen i Melodi Grand Prix i går, der ingen i Europa ville ha nokre nordiske bidrag, heller ikkje Agnethe Johnsen sin «Icebreaker», i finalen. (Sverige er direktekvalifisert). Det var eit knallsterkt semifinaleheat ho fekk å bryna seg i, gjorde det aller beste ut av det, men er altså prisgjeven at nokon tar opp telefonen og faktisk stemmer på deg. Akkurat det er eit sjansespel.

Det som også må har vore eit lite sjansespel, er Agnethe sitt val om å takka nei til dei aldri kvilande krava utanfrå om å vera til stades for presse og fans ei slik veke. Av og til kan til og med litt bli for mykje, og for Agnethe skjedde det denne gongen då ho skulle representera landet sitt, i den mest ikoniske konkurransen me deltar i, nemleg MGP. Då kjem teksten i «Å, jenter» til meg. For kva gjer ei jente som vil seie noko når alle ropar: Hva sier du? Hva hvisker du nå? Vi hører ikke! Snakk litt høyere!

På 70-talet var det politiske argument som skulle fram, men alt handlar til slutt om å finna vegen inn til sjølvverdet, tenkjer eg: «Hvis dere bare holder kjeft nå så hører dere nok hva jeg har å si».
I eit medielandskap overfylt av talentkonkurransar og håpet om å bli oppdaga, er det lett å gå på akkord med alle dei som vil ha ein liten bete av deg. Kor mange drøymer ikkje i tillegg om å få senda ein sjølvi med seg sjølv og Agnethe ut på instagram eller dei tusen andre plattformene som finst der ute. 

Det er her Agnethe framstår som ein politisk rebell på linje med dei mange som har gått føre i kampen om å heva røystene sine; både i røysterettskampen og i kvinnekampen for 40 år sidan. Krisa hennar er personleg, berre dei som har vore der veit kor uendeleg mørkt det kan vera der. Av og til er det ikkje eingong snakk om å sjå ljoset i tunnelen, for det finst ingen tunnel. Og i dette smertefulle rommet kan andre sine krav kjennast som gift; giftpiler som lammar deg.

Her klarer Agnethe å løfta stemma.  Ho gjer det i mediejippoet Melodi Grand Prix. Hennar nei er så kraftfullt og gir så mange håp. For i ei tid der alle går i flokk, og då meiner eg på ein negativ måte; at me går mot noko som ikkje gjer oss godt, der har Agnethe tørt å kjenna etter. Ho gjennomførte på scena. Me slikka såra våre over å vera ute, ho sa til NRK etterpå at ho kjende det som om ho hadde vunne over seg sjølv. For dette kan også Melodi Grand Prix brukast til: å vinna sjølvrespekt. Eg har fått ein ny helt.

Og som ein bonus i dag, har eg funne fram lydfila av songen «Å, jenter», framført av Kjerringrokk. Teksten på platecoveret er ei helsing til Agnethe, her frå vest. Kanskje er det ei påminning om det kraftfulle sameblodet i årene hennar:

«Våre røtter er mange og dype, for kvinnens kamp i karrige kår er plantens kamp i den skrinne jord. Vår vekst skal gi kraft, for ville vekster har alltid vært folkets egen medisin.»

Og som endå ein bonus, får du her teksten til «Å, jenter»:

Å, jenter

Hvorfor har jenter
så spinkle stemmer?
Hvorfor blir jenter
så sjelden lyttet til?
Og hva gjør ei jente
som vil si no’ når alle roper:

Hva sier du?
Hva hvisker du nå?
Vi hører ikke!
Snakk litt høyere!

Skal ei jente sitte stumme
og bare håpe på at et mannfolk
skal si det hun har tenkt?
Eller skal hun reise seg opp,
trekke pusten litt inn, og rope

Hvis dere bare holder kjeft nå
så hører dere nok hva jeg har å si.

Å, å, å, jenter; å, å, å, jenter.
Vi-i må heve våre stemmer
skal vi høres.
Å, å, å, jenter; å, å, å, jenter.
Vi-i må heve våre stemmer
skal vi høres.

Å, å, å, jenter…..

D72/107


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar