Eg er nærmaste nabo til ONS – Offshore Northern Seas –
populært kalla oljemessa. I år har eg vore bortreist medan dresskledde menn og
kvinner farta gjennom dei store hallnaboane mine på Tjensvoll, og dermed fekk
eg ikkje med meg hendingane i år. Men eg fann eit apropos til olja i dagens
bok. Det har seg slik at eg denne hausten for 32 år sidan tok det første steget
ut av heimbygda Grindes klamme famn og reiste til Hylkje utanfor Bergen for å
gå eit år på Åsane folkehøgskule. Det året gav så mykje meirsmak at eg bestemte
meg der og då for at eg hadde lyst å koma tilbake til skuleslaget, men denne
gongen som lærar. Høvet bydde seg ti år seinare, då Jæren folkehøgskule hadde
behov for ein medielærar i halv stilling. To år var eg der, og det eine året
hadde me eit seminar om olja – som seg hør og bør i denne regionen. Elevane
fekk utfordringa om å skriva oljedikt, som eg har tatt vare på. Dei er skrive
for over 20 år sidan, men dei går rett inn i dagens debatt om kor mykje olje
Noreg skal utvinna, når me samtidig var med og underteikna Paris-avtalen om å
redusera CO2-utsleppa.
Ver så god; norsk ungdom anno sånn midten på
90-talet:
Vi bor på en jordder oljen brenner,vi vinner den ut,fra undervanns lender.Er det ikke en grunntil at den er hvor den er,må den fjernesmed masse besvær.
De kaller alt dettedet sorte gull.Men tilslutt er det igjenbare sorte hull.Vi tar det vi trengervi mener vi kan.Vi tror vi erav en høyere stand.Marit
Hva er et samfunn uten oljeEn naturperleEt hav fullt av koljeAtle
Bonusspor 1:
Éin av utruleg mange fordelar med å treffa nye
menneske, er at du får tilgang til nye kulturar, til dømes familiekulturar. Så
då me heime i Grinde heldt oss til «Å, du som metter liten fugl», var det eit
nytt bekjentskap som formidla følgjande bordvers:
«I Jesu namn går bordet til værs, og vi spiser i
vilden sky! Amen.»
Bonusspor 2:
LATTER er
menneskets mest åndelige aktivitet.
D88/43;74-75
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar