I september var det forskingsdagar i heile landet.
Det er akademias store formidlingsprosjekt, der dei møter folket med det dei
har forska på sidan sist. Éin av dei beste ideane på lenge, var det
Universitetet i Stavanger som sto for. Dei bestilte rett og slett ei av vognene
på eit heilt vanleg tog til Egersund, og inviterte med seg alle som ville til å
høyra professor Inge Særheim fortelja om stadnamna langs Jærbanen. Det blei ei
feststund av dei sjeldne for dei som er interessert i kunnskap. Så mange møtte
fram, at fleire vogner måtte takast i bruk. Så der sat me, med blikka flakkande
over det flate jærlandskapet, tok ein liten prat med folka rundt oss
innimellom, medan Særheim med sin vakre jærdialekt losa oss gjennom. Og dermed
er me over på dagens tekst. Då Særheim var hovudfagsstudent på 1970-talet i
Bergen samla han nemleg inn 2500 stadnamn langs jærkysten. Etter å ha supplert
utvalet litt, og lagt seg til ei litt meir folkeleg tilnærming enn det
hovudfagsarbeidet la opp til, gav han ut boka Jærstrendene. Namn og stader i fjor. Tidlegare har namnegranskaren
gjeve ut boka Stadnamn i Rogaland.
Eit
stadnamn er ei adresse som hjelper oss å lokalisera og identifisera ulike punkt
i terrenget. Men mange namn skjuler også hendingar som skjedde for fleire
hundre år sidan, fortel Særheim til Aftenbladet. Namnet Ofeliasteinen til
dømes, er staden der dampskipet «Ophelia» forliste 8. januar 1880.
Men
like viktig: Stadnamn er av dei eldste språklege kjeldene me har. Ein reknar
med at dei eldste namna for framleis er i bruk i Noreg i dag, blei tatt i bruk for
3000-4000 år sidan. Dette er med andre ord kulturhistorie på sitt beste!
Eg
kallar dei dei akademiske slitarane i tittelen. Det er noko med desse
veteranane som held oppe ei slik fagleg interesse gjennom år etter år, og som i
tillegg har dette genet at dei klarer å formidla det vidare til oss andre. Og
ikkje minst at det no ligg eit verk der i bokhylla som alltid er tilgjengeleg
når ein lurar på tydinga av eit namn ein har støtt på langs ein tur på
jærstrendene.
Kva
Jæren betyr?
Det
kjem frå gamalnorsk og betyr kant eller rand (ned mot sjøen).
Så
veit du det!
D98/42-43
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar