I ei tid der Universitetet i Tromsø føreslår å kutta
mange av faga sine innanfor humaniora, skal me låna øyre til ein sosiolog ved
universitetet der i dag, nemleg Gunnar C. Aakvaag. I spalta Forskningsfronten i
Morgenbladet har han løfta fram Christian Welzel, forfattar av boka Freedom Rising. Det er endeleg snakk om
at samfunnsvitarar utfordrar det 2500 år lange hegemoniet som filosofar har
hatt på å diskutera den frie viljen til mennesket, og plassen til fridomen i
gode og rettferdige samfunn. Ved hjelp av data frå 95 land oppsummerer Welzel
funna sine.
Utgangspunktet hans er dette: at skjebnen til
menneska stort sett alltid har vore ufridom, og denne vonde sirkelen av ufridom
består av vanlege folk som har lite ressursar, noko som gjer at dei ikkje set
pris på fridomen, og at dei dermed heller ikkje slåst den for den. Når fleire
samfunn dei siste par hundre åra har kome seg ut av denne vonde sirkelen, så
peikar Welzel på tre faktorar, fortel Aakvaag.
«Økonomisk bidrar
teknologisk utvikling til at store lag av befolkningen får nok ressurser til at
de med ett har bruk for mer frihet. Kulturelt
gjør dette at frihet verdsettes høyere; frihetsverdier vokser frem. Og rettslig-politisk fører frihetsverdier
til fremveksten av sosiale bevegelser, som arbeider-, kvinne- og
homobevegelsen, som kjemper frem institusjonelle frihetsgarantier i form av
sivile og politiske rettigheter.»
Kva er så vegen fram til det frie samfunnet? Jo, det
er teknologisk-økonomisk utvikling, «basis» hjå Karl Marx. Dette set i neste
omgang frigjeringsprosessen i gang, og av dette følgjer kulturelle verdiar og
institusjonelle garantiar («overbygnad»). I det Aakvaag karakteriserer som den
mest kontroversielle delen av boka, så føreslår Welzel at det er enkel, stabil
tilgang til reint vatn som er den tingen som set i gang utviklinga ovanfor.
Men kva med dei som meiner at prisen å betala for
individfridomen er samfunnsoppløysing? Det stemmer ikkje, seier Welzel, som har
funne at jo meir fridom og fridomsverdiar er utbreidde i eit samfunn, jo meir
empatiske, altruistiske (uselvisk og offervilleg), samarbeidsvillege,
tillitsfulle og nøgde med livet er samfunnsmedlemane, og jo lettare mobiliserer
dei kollektivt for felles mål.
Welzel syner at fridomen til å kontrollera sitt eige
liv har gått frå å vera eit eliteprivilegium til å bli eit massefenomen, og
dette har ei rekkje positive konsekvensar for individ og samfunn.
Gunnar C. Aakvaag kjende seg – som fridomselskar –
oppstemd av å lesa boka, og eg – som fridomselskar – blir oppstemd av å formidla
dette vidare.
D97/150-151
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar