Det er fredag den 20. januar og USA får ny president.
Kina er stadig vekk i vokabularet hans, og då passar det jo å henta fram litt
av det som Ole Bjørn Rongen skreiv i ein kommentar i Stavanger Aftenblad, då
kinesarar til og med såg sitt syn på Verkshotellet på Jørpeland!
Eg jobba med Rongen i NRK Rogaland i si tid, han er
sinolog og har altså meir peiling på Kina enn dei fleste andre eg kjenner.
Korleis kom Kina der dei er i dag, med ein
imponerande vekst på om lag ti prosent i året? Rongen syner til eit
kjederesonnement: «Poenget var at mennesket – anten det var opphavleg godt
eller ikkje (her var det ulike syn) – kunna odla og forbetra seg sjølv. Når ein
hadde søkt og oppnådd kunnskap, gjort tankane sine oppriktige og retta opp
hjartet sitt, som det heiter i skriftet Den store læra frå slutten av 200-talet
f.v.t., - då var ein klar for andre
oppgåver, nemleg først å få orden på familien sin. Sidan familien er som staten
i miniatyr, kunne ein så gå vidare og gjera staten velstyrt, og så til slutt
vert det fred under himmelen.»
Denne gamle konfutsianske tenkinga har overlevd fram
til våre dagar, meiner Rongen. Kina utdannar i dag fleire kandidatar utover
bachelor-nivå enn USA og EU. Kinesiske studentar strøymer også til Noreg, skriv
han, mellom anna til Universitetet i Stavanger, der han no sjølv arbeider.
Så vil tida syna korleis Trump møter dette.
D108/112-113
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar