20. januar 2017

Desse kinesarane



Det er fredag den 20. januar og USA får ny president. Kina er stadig vekk i vokabularet hans, og då passar det jo å henta fram litt av det som Ole Bjørn Rongen skreiv i ein kommentar i Stavanger Aftenblad, då kinesarar til og med såg sitt syn på Verkshotellet på Jørpeland!
Eg jobba med Rongen i NRK Rogaland i si tid, han er sinolog og har altså meir peiling på Kina enn dei fleste andre eg kjenner.



Korleis kom Kina der dei er i dag, med ein imponerande vekst på om lag ti prosent i året? Rongen syner til eit kjederesonnement: «Poenget var at mennesket – anten det var opphavleg godt eller ikkje (her var det ulike syn) – kunna odla og forbetra seg sjølv. Når ein hadde søkt og oppnådd kunnskap, gjort tankane sine oppriktige og retta opp hjartet sitt, som det heiter i skriftet Den store læra frå slutten av 200-talet f.v.t.,  - då var ein klar for andre oppgåver, nemleg først å få orden på familien sin. Sidan familien er som staten i miniatyr, kunne ein så gå vidare og gjera staten velstyrt, og så til slutt vert det fred under himmelen.»

Denne gamle konfutsianske tenkinga har overlevd fram til våre dagar, meiner Rongen. Kina utdannar i dag fleire kandidatar utover bachelor-nivå enn USA og EU. Kinesiske studentar strøymer også til Noreg, skriv han, mellom anna til Universitetet i Stavanger, der han no sjølv arbeider.


  Rongen avsluttar: «Kinesarane er som folk flest, som oss, men det dei som folk ber med seg av historisk og kulturell arv, er viljen til å nå sine mål gjennom hardt arbeid, nøysemd, og utdanning. Mange er duglege forretningsfolk, og styresmaktene oppmuntrar til investeringar i utlandet. Hotell og reiseliv har eit stort marknadspotensial blant dei mange nyrike kinesarane, som lit på at landsmenn – som iden utvida storfamilien – veit korleis dei vil ha det.»

Så vil tida syna korleis Trump møter dette.
D108/112-113


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar