Eitt minutt inn i første februar i år, var det første
homofile paret klar til å gifta seg i Den norske kyrkja med utgangspunkt i ein
ny vigselliturgi utarbeidd for samkjønna par. Då hadde eit fleirtal i Kyrkjemøtet,
den øvste instansen i Den norske kyrkja, utarbeidd liturgien, som var ein
naturleg konsekvens frå vedtaket på Kyrkjemøtet i fjor der eit fleirtal gjekk
inn for at kyrkja ville opna for vigsel i kyrkja for samkjønna par. Det
avgjerande vedtaket sto altså i fjor, og det var då teolog Eskil Skjeldal tok
farvel med bibelfundamentalismen i ein kommentar med Dag og Tid.
Dei konservative sto den gong som no fast på at dette
har handla om Guds meining med skaparverket. At Gud skapte mannen og kvinna til
eitt. Skjeldal meiner at desse argumenta har vore tilslørande overflatefenomen,
for det kyrkja har tatt farvel med i saka om at alle no skal kunna få gifta seg
i kyrkja, er siste rest av den bokstavtru bibelfundamentalismen. I denne tolkingstradisjonen
er Bibelen forstått som Guds direkte bodskap til menneska, ord for ord.
Viss ein går til komiteen som har handsama
liturgispørsmålet i Kyrkjemøtet, ser ein nettopp dette argumentet i
kommentarane til mindretalet. «Komiteens mindretall vil framholde at Bibelen er
forpliktende norm for kirkens liv og lære. Bibelen er tydelig på at
kjønnspolariteten er konstituerende for ekteskapet, innstiftet av Gud som et
samliv mellom én mann og én kvinne og slik har det vært gjeldende i hele
kirkens historie». Dette mindretalet på seks
tapte altså mot fleirtalet på 15 i komiteen. Sjølve Kyrkjemøtet vedtok
framlegget til liturgi med 83 røyster, 112 var røysteføre.
Med vedtaket i fjor sa Den norske kyrkja farvel til
denne historiske tekstfundamentalismen, skriv Eskil Skjeldal. Dei heterofiles
makt over dei homofile, med bibeltekstar som argument, er fortid og bruk av
heilage tekstar som har som føremål å gripa inn i liva til vaksne menneske
heilt ned på detaljplan, er vanskeleg å rettferdiggjera i 2016, skriv han.
Min store favoritthelt, Arne Garborg, var av dei som
på slutten av 1800-talet gjekk i brodden for å modernisera kyrkja. For femti år
sidan sto kampen om kvinner kunne bli prestar, og no var altså turen komen til
homofile og lesbiske. Den siste kvilestaden for eit strengt bibelsyn er no
bedehusa og Den katolske kyrkja, skriv Skjeldal, medan Den norske kyrkja kan
konsentrera seg om å gje folk von og tru.
På kino går for tida den russiske filmen «Disippelen»,
eg fekk den med meg då eg vitja Tromsø Internasjonale filmfestival i januar.
Det startar med at den unge Veniamin ikkje vil delta på symjeundervisinga på
skulen, fordi det går mot hans religion. Det held fram med at han får med seg
skulen på at jentene må bytta ut bikini med symjedrakt i den same badehallen,
og slik held det fram. Heile filmen er ein slags kommentar til korleis det kan
gå når bibelfundamentalismen tar over.
Eg blir elles fylt med glede når eg ser medlemane i
komiteen som har sett på ny liturgi, setja seg ned med Bibelen, på jakt etter
kjærleiksfulle passasjar, som denne i Johannes’ første brev:
«Mine
kjære, la oss elske hverandre! For kjærligheten er fra Gud, og hver den som
elsker, er født av Gud og kjenner Gud. Den som ikke elsker, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærlighet.»
Den
satt!
På
kirken.no kan du lesa meir om vedtaket som blei gjort på Kyrkjemøtet.
D110/34-35
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar