Ingenting gler meg meir enn at nokon tar eit oppgjer
med sin eigen privatbilisme. Her vest, i Stavanger og kommunane rundt, har ein
kome opp med konseptet «HjemJobbHjem», der visjonen er å gå, sykla og reisa
kollektivt når du kan, og køyra bil når du må. I dei bedriftene som klarar å få
til ein avtale, betalar dei tilsette 500 kroner i månaden for å kunne ha
tilgang til buss døgeret rundt. Aftenbladet tok opp på leiarplass i går
suksessen til det nye prosjektet. Og for eiga rekning kastar eg meg utpå og
kjem med framlegg til fine måtar å bruka konseptet på, nemleg Heim tur heim!
Inspirert av ein av fotturane som blei presentert i Lokalavisen. Meir og meir
køyrer eg nemleg no følgjande opplegg: tar ein eller annan buss til du finn
starten på ein fin tur, og så går heilt heim. Eller ta ein flott rundtur med
utgangspunkt i endestasjonen til ei av rutene. Då er altså framlegget å ta buss
tre til enden av Hålandsvatnet, og vandra langs harmonisk kystlandskap til
Vistnestangen. Undervegs passerer du Viste Strandhotell og ein liten avstikkar
tar deg til Svarthola, også kalla Vistehålå. På Vistnestunet kan du ta del i eit
gardsmiljø frå slutten av 1800-talet, i dag drive av Jærmuseet.
Men elles er det verdien av å gå langs stranda,
passera naust frå ulike tidsepokar, og kjenna angen av tang og tare, som slår
ein på denne turen. Returen følgjer same rute, og etter ti kilometer og cirka
tre timars vandring, er du som eit nytt menneske. Du finn ein grøn buss og lar
kroppen din kvila i bussetet medan alle syna passerer revy.
Prøv denne turen i helga! For deg som ikkje har
tilgang til «HjemJobbHjem», føreslår eg eit årskort på 7000 kroner hjå Kolumbus,
det blir 584 kroner per månad, og er verd kvar einaste krone!
D111/22-23
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar