Eg lærte eit nytt omgrep i går; posttraumatisk vekst.
Det gir meining, så mykje meining at det no er skrive ei bok om det, og det var
lanseringa av den eg dumpa oppi i går. Eller; som eg alltid gjer når ein hovudstadstur
står for døra: eg pløyer programmet til utvalte kulturaktørar, og
Litteraturhuset er ein av desse. Der sto det altså svart på kvitt at det skulle
vera lansering av boka Å endres gjennom
smerte – historier om posttraumatisk vekst. Arrangør var Landsforeningen
uventet barnedød (LUB), og det er her linken min ligg i høve til dette
bloggprosjektet, men i dag ventar eg med detaljane for denne koplinga heilt til
slutt, og så skal eg i staden fortelja deg litt frå den boklanseringa i går,
som varte i to samfulle timar, og som gav meg mykje eg kunne ta med meg vidare
i marskvelden.
Det
er ei intervjubok, får me vita. To av redaktørane, Kristiane M. Hansson og Trine
Giving Kalstad har sitt daglege verke i LUB, medan Kjersti Wold er hyra inn som
forfattaren i dette. Kristiane fortel i sine opningsord at boka er eit møte med
sju menneske som fortel om den veksten og modninga som har skjedd etter
hendingar dei har vore utsette for. Hendingane kan både handla om tap av helse,
eller tap av kjære personar. Dei krevjande prosessane som skjer i den
reorienteringa personane går gjennom etter hendingane, er det boka handlar om.
Endring
er den raude tråden i boka. «Eg har endra meg, blitt ein annan», er ofte
omkvedet etter erfaringar om kva som skjer når ein har opplevd store tap. Men,
poengterer Hansson, dette med at ein har endra seg, erstattar ikkje det vonde,
og det er viktig å få fram.
Ho
syner oss eit lysark og forklarar oss at posttraumatisk vekst har mange
uttrykk, og omfattar mellom anna dette; nye mestringsstrategiar, eksistensielle
spørsmål, nærare relasjonar, større forståing for andre menneske, personleg
styrke, dei nære tinga blir viktigare, nye vegval, nye verdiar, kjem tettare på
livet, blir betre kjend med og trygg på seg sjølv,, andre prioriteringar og
nytt engasjement.
Samstundes
er posttraumatisk vekst (PTV) eit samansett omgrep. For det kan vera komplekst
og paradoksalt, og kanskje også provoserande, for det er nemleg ikkje alle som
opplever å veksa på ei krise. Men utgangspunktet er altså at det skal vera rom
for også å kunna snakka om dei «positive» konsekvensane av vonde livshendingar.
Eit
lite mellomspel, for opp på scena kjem Hans Christian Lillehagen, som er
generalsekretær i ExtraStiftelsen. Det er nemleg slik at det er ein liten
prosentdel av overskotet til Norsk Tipping (som vel dei fleste av oss er med og
støttar innimellom), som går til ExtraStiftelsen, og som går vidare til ein
haug med prosjekt som får støtte over heile landet. Gode idear som byggjer
kunnskap er mantraet, forstår me, og nettopp LUB har sendt mange gode søknadar
oppigjennom åra. Boka Å endres gjennom
smerte er ei bok som byggjer kunnskap, seier Lillehagen.
Kjersti
Wold, forfattaren som er éin av tre redaktørar av boka, snakkar om litterære
medisinskap når ho inviterer oss inn til refleksjon om kva vekst er. Ho meiner
at vekst handlar om å bli betre til noko, eller bli meir sanne. Alle kriser
gjer at ein kjenner seg uttrygg, samstundes som det handlar om å gå til den
staden det gjer vondt. Ho presenterte diktet Ett er nødvendig av Hans Børli for oss. Der skriv han om å gå inn i
mørkret og pussa sotet frå lampa. For viss du ikkje pussar bort sotet, så blir
det mindre og mindre ljos, og slik kan det skje at sorga maskerer seg. (Kjersti
Wold er også dagleg leiar i Noesis – senter for kreativitet og kommunikasjon,
besøk dei gjerne på noesis.no.)
Gertrud
Sofie Hofstad og Johan Siqveland er dei to fagpersonane i prosjektet. Gertrud
var der på opninga, ho er psykolog og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om
vold og traumatisk stress. Ho inviterte oss inn i den japanske kunsten kintsugi
for å finna parallellar i andre kulturar til historia om at dramatiske
hendingar kan påverka personar positivt. Kunstforma kintsugi går ut på å
reparera keramikk med ein spesiell type emalje tilsett støv av gull eller sølv.
Tanken er at nettopp desse reparasjonane utgjer ein viktig del av historia til
gjenstanden, og ikkje er noko ein skal sløra til. Det var eit vakkert eksempel.
Bær dine sår med ynde! (Les meir om
kintsugi på wikipedia.)
Posttraumatisk
vekst (PTV) har ein snakka om i rundt 20 år, fortel Hofstad og det var psykologane
Richard Tedeschi og Lawrence Calhoun som lanserte omgrepet, etter at dei i sitt
arbeid med sorgterapi skreiv om positive endringar hjå personane dei møtte. Men
PTV er altså noko som har lange røter, men ei kort historie. Hofstad trekk
trådar tilbake til oldtida, og etter krigen har bøkene til Viktor Frankl vore
sentrale; han snakkar om vilje til meining og kor viktig dette var for dei som
blei internerte i konsentrasjonsleirar under krigen. No skjer det masse
forsking på posttraumatisk vekst, får me vita.
Veksten og
modninga mange erfarer etter PTV kan samanfattast i tre område; synet på seg
sjølv, relasjonar og synet på livet. For mange er det eit komplekst omgrep.
Mange kan få skuldkjensle når dei faktisk opplever noko positivt koma ut av det
som er negativt.
Så var det
pause med kanelbollar og kaffi, før Trine G. Kalstad inviterte to av dei sju
personane som har bidrege med historiene sine til boka opp på scenen. Livets
nye målestokk – om krafta i smertefulle erfaringar, kalla Kalstad denne delen
av programmet, og losa oss godt gjennom samtalen med Unn Fossdal og Jon
Schultz. Fossdal og mannen mista sonen Anders i krybbedød for snart 50 år
sidan, medan Schultz og familien opplevde at sonen Olaf tok livet av seg i
2011, 19 år gamal.
Historiene
deira gir oss ein peikepinn på at det kostar å finna fotfestet igjen, etter
slike altomfattande hendingar som ramma dei. Det er mellom anna tid til å ta livet
av mange klisjear, slik eg forstår dei. Sjølv om den mest tydelege av munnhella,
at livet går vidare, faktisk møter dei med det eg oppfattar som ei naturstridig
naturlov. Men kva med rådet om å ta ein dag om gongen? Det er alt for
ambisiøst, fortel Fossdal og Schulz. Fordi smerta set seg så intenst i kroppen,
så handlar det i starten meir om å koma seg gjennom minutt for minutt; ha ork
til å setja den eine foten framom den andre. Men så, etter kvart, blei det
viktig å ha noko å sjå fram til, noko å gleda seg til, noko med meining i.
Det er snart 50
år sidan Unn Fossdal og mannen mista barnet sitt i krybbedød. Det var ei heilt anna tid med ein
streng kodeks for å visa sorg. Både Fossdal og Schultz vil ta livet av ideen om
SORGÅRET! At ein må koma seg gjennom dei ulike sesongane, og etter det så er
ein liksom ferdig. Det er løgn! meiner dei. Dessutan må ein leggje bort
spørsmålet om rettferd, meiner dei to. Livet er brutalt, og det er ikkje
rettferdig. Og dei slit med skuldkjensler, sjølv om alle rundt fortel at det
treng ein ikkje ha. Men det har ein altså; skuldkjensle. For at viss ikkje eg hadde lagt barnet på magen, så hadde
det ikkje dødd. Eller: viss me var heime og ikkje på ferie i Afrika, så ville
ikkje 19-åringen tatt livet av seg.
Oppi alt
handlar det om å finna ei historie som du har tru på.
Og: Livet blir
veldig nake etterpå. Det er veldig mykje som ikkje betyr noko lenger. Det blir
veldig opptatt av korleis dei brukar tida si. Mottoet til folk i salen:
Bruk tida!!!
Marthe Haaland
Wang gjorde mellom anna det med uendeleg vakker song.
Til slutt var
tida inne for at generalsekretæren i LUB, Trond Mathiesen, kunne dela ut blomar
og bøker til dei sju bidragsytarane, som altså alle reflekterer over tap, om
det gjeld nære personar eller tap av helse. Eg tar med lista på dei sju her:
Marthe Reienes. Jon Schultz, Anne Grethe Solberg, Hege Sundquist, Ingvard
Wilhelmsen, Linn Stokke og Unn Fossdal.
Kva er så min
link til dette, og til arkivet mitt?
Jo, på
1990-talet ein gong sat eg i styret i Sør-Rogaland Korforbund saman med
Thorbjørn Kjærstad. Me laga informasjonsblad saman om korsongen, og gjorde det
på pc-en hans heime på Bryne. Der blei eg kjend med han og kona Julia. Rundt år
2000 kom han med eit spørsmål; då var han blitt leiar av landsstyret til
Landsforeningen til støtte ved krybbedød. Dei hadde i ein overgangsfase behov
for nokon som kunne redigera medlemsbladet Oss
foreldre imellom. Og slik blei det, i boka mi for denne veka er den
høgtidelege kontrakten med underskrifter lima inn.
Slik kom eg i kontakt med
denne flotte gjengen i det som no heiter LUB, og no var det altså snart 15 år
sidan eg hadde sett dei; Trond, Trine og Unni. Framleis travle, framleis
aktive, og framleis ivrige på å få ut ny kunnskap! Denne bloggposten skriv eg
til ære for dei og det arbeidet dei gjer, og kjøp gjerne boka. Du får den i
abstrakt forlag, eller i bokhandlarar landet rundt.
Kriser kan me
alle oppleva. Den gode nyheita er altså at det kan – eg presiserer kan – koma noko
godt ut av det.
D118/5