Ei prosaisk timeliste har potensiale i seg til å opna
nye rom. Slik var det i alle fall for meg den dagen hausten i 1998 då eg fekk
ein telefon frå sjefen i Kielland-jubileet, Kurt Kristensen. Året etter skulle
Alexander L. Kielland bejublast på alle måtar, 150 år etter at han blei fødd i
Stavanger, som næraste nabo til Kongsgård og Breiavatnet. Eg hadde kome fram
til eit slags vegskilje i NRK Rogaland, kjende på eit behov for å gå litt meir
i djupna på ting, og Universet svarte altså med denne
informasjonsmedarbeidarjobben i Kielland-jubileet.
Ein møter av og til på folk – og kjenner du etter så har
du kanskje vore der du også –
som ber på ei
slags frykt for å opna nye rom. Ikkje minst fordi det inneber å lukka andre.
Men er det det ein gjer; lukkar dei andre romma? Er det ikkje meir slik at ein
tar med seg alt ein har erfart inn i det nye, og at dette samla opnar for nye
erfaringar? Og at relasjonane våre fungerer på same måte? I dag har eg bursdag,
og dagen opna med ei sorgtung kjensle, for ho som bar meg fram til livet er
ikkje her lenger. Det rommet ho erobra kjennest veldig tomt ut på slike dagar.
Men slik du må ha ein jobb for å tena pengane til å betala husleiga, treng også
sjela næring, den treng gode rom å boltra seg i. Potensialet til å etablera
desse romma, ligg i oss. Det handlar om å ha næringsvett, bestemma seg for kva
ein ønskjer å oppleva. Og det er her ein samlar erfaring frå alle dei andre
romma; dei peikar ut ei retning for dei nye erfaringane.
Sjela veit at ho fortener gode rom.
No er ho her for å erfara dei gode romma.
Det er derfor me er her.
D116/134
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar