Det blei tatt i bruk sterke ord då Kveldsnytt surra
over skjermen i går kveld. Dette var det Ingerid Stenvold sa i introduksjonen
til innslaget frå down under, altså Australia: «Det må ein krig mot global
oppvarming til for å redda verdas korallrev. Det viser ein studie av eitt av
dei mest kjente; Great Barrier Reef i Australia.» Bileta som følgjer er flyfoto
av bleike, øydelagde korallar. Elefanten i rommet med tanke på å ta betre vare
på Great Barrier Reef heiter å gjera
noko med klimaendringane, seier Terry Hughes som blir intervjua i innslaget.
Studien dei har laga viser at lokale tiltak ikkje lenger er nok. Ein kan ikkje
beskytta korallrevet mot klimaendringane. Det må gjerast noko med
klimagassutsleppa. Dei lokale tiltaka med å betra vasskvaliteten eller hindra
turistar frå å fiska, nyttar ikkje, seier forskarane. Det er klimaendringane
det må gjerast noko med, og tida er knapp. På berre19 år er det oppdaga fire
store av det dei kallar korallblekingar, og det urovekkande no er at tida
mellom desse tar kortare og kortare tid, og diverre, for korte til at det kan
rettast opp, forklarar Hughes. Ein konsekvens av alt dette, er at den
betydelege turismen ein så langt har sett til desse områda, snart må ta slutt.
Desse
19 åra er omtrent dei åra som har gått sidan eg var så heldig å få besøkja dei
same korallreva. Koplinga til Australia i dagens bok fann eg i eit ruta skjema
som syner fordeling av inntekter og utgifter for året 2000. Under «diverse»
står Australia, der eg sette av tusen kroner i månaden i fleire år for å peila
inn dei olympiske leikane i Sydney same året.
Australia
som reisemål kom fire år tidlegare. Søstera mi, Ingeborg, var keeper på Klepp
og litt inn og ut av landslagstroppen. Denne søndagskvelden i 1996 hadde ho
sete på jobben sin utover kvelden og spikra karrieremål. Då måla var sådd på
eit lite stykke papir, tok ho turen innom meg i leilegheita i Stavanger og
fortalte kva ho hadde kome fram til. OL-gull i Sydney 2000 sto øvst på lista.
Viss det er målet ditt, så skal eg vera der når det skjer, sa eg til henne.
For
å gjera ei lang historie kort: Eg var der, den gylne kvelden i Sidney då
Ingeborg kunne hengja gullmedaljen om halsen, etter tidenes golden goal-kamp
med eit norsk lag i ein finale (golden goal = første laget som skårar vinn viss
resultatet er uavgjort etter full tid). Etter den første veka i OL-byen, hadde
eg og kjærasten framleis tre veker å utforska austkysten i Australia på. Turen
gjekk til Brisbane, og vidare til Great Barrier Reef, der verda opna seg med
uendeleg skj ønnheit. Eg prøver å ta
innover meg at store delar av dette no er i ferd med å døy ut. Tenkjer på den
lange flyturen eg hadde ned der, og som bidrog til litt av klimagassutsleppa.
Lukkar eg augo, er eg plutseleg tilbake i Sidney. Og like kort tid tar det
altså for at levande system kan døy ut.
Så
til erkjenninga; eg kan røysta på parti som tar klimaet på alvor, som tør å
gjera upopulære tiltak. Og eg må gjera det EG kan. Eg prøver å fly mindre.
Setja pris på å reisa sakte.
Mange
bekkar små gjer ei stor å. Noko også Norges Bondelag har tatt inn over seg.
D117/150
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar