5. mai 2017

Det medievridde samfunnet



Nokon gong kjem det bøker og tidsskriftartiklar som blir ståande som referanseverk i årevis. Eg har tatt vare på ein slik, og eg trur den må ha vore pensum då eg studerte på medielinja i Volda på 1980-talet. Den var skriven av professor i sosiologi, Gudmund Hernes (som mange også vil kjenna som politikar) og sto i tidsskriftet Samtiden i 1977. «Det media-vridde samfunn» var namnet på artikkelen. Eg fekk lyst å dukka ned i den og skriva litt om den her, fordi på den tida som har gått sidan 1977 – heile 40 år! – så har jo ikkje utviklinga akkurat blitt reservert, tvert imot. For det Hernes diskuterer i artikkelen, er overgangen frå eit informasjonsfattig til eit informasjonsrikt samfunn, og korleis dette har endra dei samfunnsmessige omgjevnadane på grunnleggjande vis, korleis det endra måten me og institusjonane våre fungerer på. 


            Det som skjer i eit informasjonsrikt samfunn, seier Hernes, er at det blir underskot på merksemd. Dermed vil kvart program (han tok utgangspunkt i fjernsynet) leggja vekt på å fanga merksemda. Dette skjer på følgjande måte:
  1.  Tilspissing. Sendetida er avgrensa; ein må koma til poenget, gjerne med ein kvessa hovudbodskap. 
  2.  Forenkling. Mindre komplekse bodskap, innskrenka nyanseringa. Det innvikla blir framstilt enkelt og konsist.
  3. Polarisering. Enkle og motstridande standpunkt fordriv den prøvande haldninga eller den tvilande oppfatninga. 
  4.  Intensivering. Heftig utbrot får meir merksemd enn eit sindig innlegg.
  5.  Konkretisering. Det er lettare å presentera særskilte forhold i staden for analysen av det allmenne.
Hernes tar så med seg desse punkta vidare i ei drøfting av samfunnspolitiske verknadar måten media fungerer på i det informasjonsrike samfunn, og avgrensar seg til fire forhold. For det første tar han tak i kva det betyr for kva saker som blir politiske tema (stikkord: «ad-hoc-isme). For det andre korleis saker kan gjerast til politiske tema (stikkord: «gateteater»). Som eit tredje punkt tar han opp presset politikarane blir utsette for frå media når dei skal ta standpunkt til alle sakene som kjem rekande (stikkord: «billedføde»). Det fjerde spørsmålet handlar om media aukar eller reduserer avstanden mellom dei som er rike og fattige på modellar til å gripa verda med (stikkord: «informasjonskløft»).

            Så har det altså gått førti år sidan denne artikkelen sto på trykk, og den seier oss framleis noko vesentleg om kva som gjer at media framleis vinklar sakene slik dei gjer. Endå fleire medium konkurrerer om merksemda vår, og informasjonskløfta er blitt endå breiare. Så brei at nokon no med overlegg meiner at den uopplyste allmuen ikkje bør få lov å driva demokrati. 

          Hernes oppsummerer artikkelen sin slik:
«Det informasjonsrike samfunn har gitt en overflod på data, men det betyr et underskudd på oppmerksomhet og vurderingstid. De som er rike på modeller, kan filtrere, sile ut og konsentrere relevante opplysninger, og modifisere sine forståelsesrammer i lys av ny informasjon. I en tid da innslaget av vikarierende erfaring øker og det samme skjer med konkurransen om oppmerksomheten, blir likheten i fordeling av virkelighetsmodeller av sentral betydning. Men det betyr også at den modell mediafolkene har av sin egen virksomhet og dens virkning på oppfostring, politikk og sosial ulikhet i meget stor grad vil påvirke hvordan media faktisk fungerer.»




PS: Eit raskt søk på Google, fortel meg at Hernes sin artikkel framleis er pensum for elevar som vil studera mediekunnskap!



D123/145-148


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar