19. mai 2017

Teknisk evaluering



RA1, RA2 og RA3 ventar på meg i hylla. Nei, her er det ikkje snakk om papyrusfarkostane til eventyraren Thor Heyerdahl, men minne frå radiotida mi. Journalistdraumen falda seg ut tidleg, men radio fekk eg først eit forhold til då eg gjekk på folkehøgskule. Her var det full fart med ambisiøse og flinke lærarar. Etter nyttår var me klare for sjølvaste Radio Ung, der me reiste inn til Bergen sentrum og hadde sending på nærradio. «På lufta» heitte programmet vårt, med høgtidleg opningssending 6. januar 1985. Så heldt me fram, med temaprogram om 1984, haiking, kvinner og pornografi, mellom anna. I desse Melodi Grand Prix-tider, der Portugal skal arrangera sin første finale; våren 1985 var jo me i same posisjon etter Bobbbysocks sin siger, og det var fest i radiostudiet vårt då me kunne laga saker på at den norske finalen i 1986 skulle skje i sjølvaste Bergen!


            Men før me kom så langt som til sending på nærradionettet, måtte me jo øva, og me inviterte heile skulen til direktesending i bomberommet. Her hadde me siste nytt om kva dei ulike linjene heldt på med, og skulens kreative bidrog med ein sjarmerande vokal versjon av «Jeg har en liten undulat». I programposten «Plater med støv på» fortalte lærar Reidulv og elev Curly om sine musikalske favorittar. Etterpå måtte alt evaluerast, som jo er steget mot ny erfaring og læring. Punkt sju på den ni punkt lange evalueringa av sendinga, er via den tekniske avviklinga, gjennomført av Tom:

«7. Tom skulle vera teknikar under sendinga. Dei to redigerte banda låg klar, så dei var det berre å sette inn. Platene til «Plater med støv på» var lagt oppå kvarandre heilt til høgre på bordet slik at det skulle vera greitt å finne fram til dei. Me var blitt einige om kven som skulle innannonsere dei forskjellige innslaga. Gjestene i studio hadde me avtala å møte kl. 22.00, då hadde me eitt kvarter fram til me skulle på lufta. Me gjorde oss klar i studio. Lot dei to gjestene få kikke på og seinare følgje med på køyreplanen slik at dei visste kva rekkefølgje dei skulle komme med ønskeplatene. Me blei einige om at me alltid skulle nemne namnet på plata når me var ferdige å prate slik at Tom hadde noko å gå etter.»


Alt her lærte me altså det som framleis er noko å strekka seg etter; å gjera kvarandre gode!

D125/16-17


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar