Ein har fri, og
så har ein ferie. Når ein har fri, er det litt for å kvila ut og strekka seg
etter at hovud og kropp har fått aktivisert seg. Når ein har ferie, er det tid
for å realisera draumar! Særleg i sommarferien. Eg har kome til TUR-bøkene!
Blar ein seg gjennom slike bøker, avteiknar det seg straks preferansar for kva
ein likar å gjera, men bøkene kan også lesast som ein ønskjebrønn! Derfor røper
boka både intense ønskje om å besøkja både Tallinn og Vilnius, samtidig som eg
ser at eg alt har fått opplevd sjarmerande Korsika og storbyen Lisboa i
Portugal.
Ferieforma som så
langt har gitt dei mest minneverdige feriane, er likevel sykkelturane, både i
Noreg og kanskje særleg Frankrike og Tyskland. Det må vera noko med korleis dei
stimulerer alle sansar. Derfor blei eg fanga av ein tekst om dei ti beste
sykkelturane i Noreg i dag, presentert i Aftenposten for ein del år sidan. Turane
er dei personlege favorittane til Sissel Jenseth som har skrive fleire guidar
om sykkelferie i Noreg. Alle turane bortsett frå Kystriksvegen var testa av
Syklistenes Landsforbund då artikkelen blei skriven. Her er tips å planleggja
etter, men ikkje minst å drøyme om!
Altså, lista:
- Rallarvegen; 125 km; den mest populære sykkelruta i Noreg.
- Numedal; 241 km; storslage natur frå Geilo til Larvik.
- Kystruta i Vestfold; 92 km; idyllisk langs små vegar og stiar frå Horten til Helgeroa.
- Nordsjøruta; 110 km; hav, horisont og landbruksland frå Egersund til Stavanger.
- Møre og Romsdal; 200 km; ei rute frå Molde til Kristiansund som fortener fleire sykkelturistar!
- Telemarkskanalen; 115 km; sluser og særprega natur frå Ulefoss til Dalen.
- Setesdal; 255 km; natur og kultur frå Haukeligrend (eller Hovden) til Kristiansand.
- Røros/Femunden; 175 km; ein flott rundtur med utgangpunkt i Røros.
- Kystriksvegen; 180 km; øyhopping i Helgeland frå Brønnøysund til Ørnes.
- Lofoten; 258 km; sykkeltur langs mektige fjell frå Å til Svolvær.
Så, dette var ei
liste for oss som helst ikkje syklar Nordsjørittet!
D128/27-29
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar