Ideen om å starta noko eige var der, og derfor var
invitasjonen til å vera med på Etablerarskulen for kvinner i Rogaland velkomen
der den dukka opp på midten av 1990-talet. Tove Marberger var éi av dei som
losa oss gjennom den første samlinga. Ho fortalte om stadia i eit prosjekt, med
utgangspunkt i gudsnamn eller planetsymbol. Den mytologiske tydinga av Saturn,
til dømes, er den første gneisten, den inste kjernen til ideen din. Dette
samsvarar til sjølvaste «Eureka» i eit prosjekt. Så kjem Jupiter som
representerer den fullenda forma, den fullkomne oversikten. I eit prosjekt er
dette stadiet der ideen blir vidareutvikla og blir prøvd ut.
Mars
er der med si mobilisering og kraftutfolding. Det inneber førebuingar til å
bringa ideen ut i live, og det inneber mellom anna å søkja etter medspelarar og
støtte.
Sola!
Her skjer den eigentlege fødselen, her tar ein steget frå ideanes verd og ut i
den fysiske verda. I etablerarspråk er det her bedrifta blir oppretta, og
produksjon og sal startar.
Venus innbyr
til å lytta og tena. Her tenkjer bedriftseigaren (eller bør): «Kva meiner verda
om meg og mine produkt».
Kvardagen
med Merkur: Den endelause og mekaniske gjentakinga av det same. Her er det
masseproduksjon, automatisering og den grå kvardagen som gjeld.
Månen:
Rutinar tar overhand, ein gløymer kva bedrifta er til for. Bedrifta «sloknar»
dersom ikkje den opprinnelege ideen blir gjenoppdaga eller omdefinert.
Så
viss du går rundt med planar om å etablera eit prosjekt; vær så god, her har du
ein veg; presentert av Tove Marberger. Den hjalp for meg!
D137/8
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar