Den raude duken kunne lett ha blitt ein raud klut,
men eg trur det gjekk over. Men den blei
altså poengtert, den raude duken, og
presentert meir enn éin gong i lystig lag for å retta søkjeljoset mot ei litt
pedantisk side av meg. Det er jo ikkje pent, å «outa» slike ting, men det var
no det ho gjorde, eksen.
Men
altså, då sambuarskapen skulle innleiast, så kom det eit godt råd om å skriva
sambuarkontrakt. Og det må du gjera når blodet brusar i årene og begge vil
kvarandre veldig vel. Så me gjorde det, troppa opp hjå advokat og fekk melding
om å gå heim og skriva ei liste over dei eigedelane som var våre i det som no
skulle bli ein felles heim.
Eksen
gjorde dette på ein rask og effektiv måte. Du som les denne bloggen, har for
lengst forstått at underteikna er i kategorien «kastar ingenting, ta med alt»,
og slik var det også her. Med penn og notatblokk sette eg i gang. Eg kunne jo
ikkje veta korleis den utkåra ville oppføra seg ved eit eventuelt brot, og eg
ville definitivt ha alt svart på kvitt!
Fleire
av dei tinga ville ho trulegvis ikkje hatt interesse av uansett; som gitar og
mandolin, eller dei tolv tysværplattane eg kjøpte dei åra mandolinorkesteret
gav ut desse.
Oljeomn
og badevekt: mine. Telefonsvarar og dobbeltseng: mine.
To
fulle A4-ark med alt frå julegåver og runde dagar-gåver. Dei var mine!
Og
så, der mellom 6 brikker og 2 esker teskeier Hardanger Bestikk, står den: Ein
liten raud duk. Eg trudde kanskje det
sto mamma i parentes bak den, for det gjer det på fleire andre ting, men eg
meiner likevel det var der den kom frå, heimefrå altså. Då er det nostalgien set
inn. Dessutan var den jo min. Det var vel her eksen meinte at presisjonsnivået
på denne eigedellista blei vel detaljert. Ho meinte at det var dei store tinga
me skulle ta med.
No har
du forstått at eg omtalar eksen her, så lista måtte faktisk fram etter ein del
år.
Men
eg kunne ha spart meg. Viss alle hadde vore like siviliserte og villa kvarandre
så mykje vel som oss etter brotet, så kunne halvparten av advokatane her i
landet funne seg andre ting å gjera.
Det
eg derimot enno har, er eit fint oversyn over kva ting som var i livet mitt
sånn på slutten av1990-talet. Ikkje verst berre det.
Problemet
er at eg veit ikkje kor den raude duken er blitt av.
D141/114-115
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar