8. september 2017

Den raude duken



Den raude duken kunne lett ha blitt ein raud klut, men eg trur det gjekk over.  Men den blei altså poengtert, den raude duken,  og presentert meir enn éin gong i lystig lag for å retta søkjeljoset mot ei litt pedantisk side av meg. Det er jo ikkje pent, å «outa» slike ting, men det var no det ho gjorde, eksen.
            Men altså, då sambuarskapen skulle innleiast, så kom det eit godt råd om å skriva sambuarkontrakt. Og det må du gjera når blodet brusar i årene og begge vil kvarandre veldig vel. Så me gjorde det, troppa opp hjå advokat og fekk melding om å gå heim og skriva ei liste over dei eigedelane som var våre i det som no skulle bli ein felles heim. 

            Eksen gjorde dette på ein rask og effektiv måte. Du som les denne bloggen, har for lengst forstått at underteikna er i kategorien «kastar ingenting, ta med alt», og slik var det også her. Med penn og notatblokk sette eg i gang. Eg kunne jo ikkje veta korleis den utkåra ville oppføra seg ved eit eventuelt brot, og eg ville definitivt ha alt svart på kvitt!
            Fleire av dei tinga ville ho trulegvis ikkje hatt interesse av uansett; som gitar og mandolin, eller dei tolv tysværplattane eg kjøpte dei åra mandolinorkesteret gav ut desse.
            Oljeomn og badevekt: mine. Telefonsvarar og dobbeltseng: mine.
            To fulle A4-ark med alt frå julegåver og runde dagar-gåver. Dei var mine!
            Og så, der mellom 6 brikker og 2 esker teskeier Hardanger Bestikk, står den: Ein liten raud duk.  Eg trudde kanskje det sto mamma i parentes bak den, for det gjer det på fleire andre ting, men eg meiner likevel det var der den kom frå, heimefrå altså. Då er det nostalgien set inn. Dessutan var den jo min. Det var vel her eksen meinte at presisjonsnivået på denne eigedellista blei vel detaljert. Ho meinte at det var dei store tinga me skulle ta med. 



            No har du forstått at eg omtalar eksen her, så lista måtte faktisk fram etter ein del år.
            Men eg kunne ha spart meg. Viss alle hadde vore like siviliserte og villa kvarandre så mykje vel som oss etter brotet, så kunne halvparten av advokatane her i landet funne seg andre ting å gjera.
            Det eg derimot enno har, er eit fint oversyn over kva ting som var i livet mitt sånn på slutten av1990-talet. Ikkje verst berre det.
            Problemet er at eg veit ikkje kor den raude duken er blitt av. 

D141/114-115


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar