Mange er me som har
henta fram denne teksten av Arne Garborg når me kanskje skulle seia noko til
konfirmanten me var fadder for. Til og med kong Harald henta denne fram i ein
av nyttårstalane sine. Det er snakk om teksten «Om pengar», du veit den om at
pengar ikkje har nokon verd i seg sjølve. «Skalet av alle ting kan ein få for
pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.» skreiv Garborg, men
ikkje i nokon av sine eigne bøker. Teksten står nemleg i ei lesebok for
folkeskulen, og det er mannen bak desse, Andreas Austlid eg blei nyfiken på.
Andreas Austlid, fødd i 1851
(faktisk same året som Garborg), var pedagog og forfattar, og den første som
gav ut ei nynorsk abc-bok og eit fullstendig lesebokverk på nynorsk kan me lesa
på wikipedia. Han skipa også to folkehøgskular i levetida si. Korfor gav
Austlid seg i kast med desse lesebøkene? Jo, med bakgrunn i sine eigne
erfaringar frå barndomen, utforma han ein pedagogikk som skulle bli
retningsgjevande for verket sitt. Han kjende skam, over «bondespråket» den kvardagen han kjende,
samanlikna med den dansk-norske. Og han likte ikkje dette store fokuset på synd
i kristendomsundervisinga. Han gjekk sjølv på folkehøgskulen til Christopher
Bruun, og han likte korleis han formidla bibelsoga. Bibelfigurane hjå Bruun blei
menneskelege og kunne få menneske til å bli «store og gode» lik Gud. Då Austlid
sjølv starta som lærar kutta han ut pugginga og brukte forteljinga som form då
han skulle ha konfirmasjonsundervising. Katekisma av Pontoppidan heldt han seg
unna, det var ikkje noko barnebok, meinte han. Dette førte han etter kvart i
strid med kyrkja, men han klarte også å overtyda nokon om at dette var vegen å
gå.
Arbeidet med lesebøkene blei ein direkte
konsekvens av at Austlid ikkje ønskte at ungane i klasserommet skulle få den
same opplevinga han sjølv hadde fått med seg i barndomen. Han fann fram eventyr
og soger, regler, gåter og småsongar som borna fekk lesa. Han kunne også be dei
små om å skriva ned det dei hadde med seg heimefrå. Austlid ville ikkje henta
fram framande skildringar som gjorde tilhøva til borna han hadde framføre seg
stusslege og grå, men heller løfta dei opp. Slik blei verket hans politisk på
mange måtar.
Det er litteraturfestival i
Stavanger, og i går fekk eg med meg mellom anna møtet med forfattaren Olaug
Nilssen, som har skrive ein sjølvbiografisk roman om seg og sonen Daniel, som
blant mange andre ting er funksjonshemma. Nilssen la ikkje skjul på det:
Romanen er eit politisk dokument! Og så er sjølvsagt paradokset, når ein starta
denne teksten med Garborg og pengeteksten; at for Nilssen og familien er det
kampen om pengane som okkuperer mykje av tida. Sjølv om omsorga for seg sjølv
og Daniel ikkje ligg i sjølve pengesetelen.
Det private er alltid politisk. Takk
til dei som løftar det fram, og på den måten kan hjelpa oss andre med å løfta
av oss litt av skamma.
D143/142-143
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar