Sånn midt på 2000-talet, blei følgjande montert på
kjøkenet mitt, under vasken: ein vannlekkasjefølar type OVERFLOW-ALERT. Følaren
er genial i alt det enkle: «Vannføleren detekterer vannlekasjer (manglar ein k der)
på gulvet i vaskerommet, under oppvaskbenken, i skap eller andre steder du
ønsker varsle en eventuell vannlekasje.»
Innretninga
kom i to delar; éin følar med ei leidning på éin og ein halv meter, og éin
såkalla kontrollenhet med lydgjevar. Følaren skal du klistra opp på veggen og
dei to pinnane skal stikka ned mot
golvet i det området du vil detektera vasslekkasen. Kontrollenheten har plass
til tre AAA-batteri, og ved hjelp av ein borrelås heng du den opp på veggen. Så
er det å trykkja «ON» og du er klar. Eg har vore heldig, eg trur den berre har
pipe éin gong, og då var røyrleggjar fort på plass.
Eg
lurar berre på korleis den unisone lyden av overflow-alert-ar blir opplevd i
Houston for tida?
D140/182
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar