27. mars 2015

Jon Fosses metode



Det var i år 2000, og i Stavanger feira me tusenårsskiftet med eit stort kulturprosjekt som varte eit heilt år til ende. Ein dag var Jon Fosse i byen, og Stavanger Aftenblad intervjua han. 


Men i dag skal eg ikkje sitera frå intervjuet dei gjorde med han og som stod på trykk 24. mai 2000. For eg hadde også ein avtale med Fosse, ved det same bordet ved Breiavatnet. Han var nemleg i byen for å vera med på urpremieren av eit stykke han hadde skrive og som skulle gå på Rogaland Teater. Fordi det var del av Stavanger2000-programmet, fekk eg tilgang til han.

Det må ha vore noko med møtet med denne mannen som inspirerte meg til å presentera intervjuet med han i ei ny form. I ettertid ser eg at det er eit intervju om Jon Fosses metode. Mellom anna. Teksten blei presentert i nummer 4 av 2000Magasinet. 




Han og ho
Eit planlagt møte mellom dramatikaren Jon Fosse og ein journalist.

Han: Eg er ein landsens gut, og eg ser jo at folk har forskjellige interesser. Sjølv om eg driv med teater, så er eg klar over at det ikkje er alle som bryr seg om det.
Dei møttest ein dag det var sol i Stavanger. Eit planlagt møte. Ho hadde fått vete at han var ei blinkande stjerne på teaterhimmelen.
Ho: Korleis er det å bli samanlikna med Henrik Ibsen?
Ho tenkte på det Ellen Horn – den gamle Nationaltheater-sjefen, no kulturstatsråd – hadde sagt: ”Denne mannen er det beste som har skjedd norsk teater sidan Ibsen!”
Han: Det er klart eg blir stolt og glad av samanlikninga. Det er jo litt stilig å stå utafor Den Nationale Scene i Bergen, der det heng to banner med påskrifta Ibsen på det eine, og Fosse på det andre.
Han mys mot sola ved Breiavannet. Stryk det mørke, halvlange håret bakover, og tar eit nytt drag av sigaretten.
Han: Eg hadde eigentleg ikkje lyst å byrja å skriva dramatikk, det blei berre slik. Eg blei lokka av pengane, må eg vel innrømme. I 1992 skreiv et det første skodespelet. Det gjekk veldig kjapt. Eg fekk det til, hadde tydlegvis eit sovande talent. Det gjekk faktisk veldig greitt… Eg har jo tenkt mange gonger: Kva kunne eg blitt flink til? Det er ikkje så mange ting. Men det viste seg at eg kunne skrive.
Ho: Kva er det med deg og skrivinga?
Han: Eg var 12 år då eg byrja å skrive. Det var eit trykk som pressa på. Eg måtte få ut ting. Eg skreiv ein roman på gymnaset, men hadde ingen ambisjonar om å bli forfattar. Eigentleg har eg ingen ambisjonar om å bli noko som helst. Hugs at eg er ein landsens gut. Fram til eg var 15-16 år budde eg i Strandebarm, så flytta eg til Øystese. Eg er prega av oppveksten, men meir i blikket enn i stoffet. Henrik Ibsen var forresten også lægdunge.
Han verkar beskjeden. Det er ikkje ofte han møter blikket hennar.
Han: Eg har eit godt blikk, det innbiller eg meg i alle fall. Det er kanskje den største tilgangen min. Eg skapar konsentrert teater. Teateret er jo det: konsentrert liv. Du må utelate og samanfatta. Men det må vera truverdig, og verkeleg liv. Stor litteratur er meir enn det som er tillært. For meg blir det ikkje gyldig når det er tillært. Eg vil skriva fram ting som ikkje var i verda før; situasjonar og personar. Når eg får det til, er det verdt slitet. Eg driv aldri research. Eg brukar ingenting frå mitt eige liv, eg diktar. Men det må verke verkeleg. Eg skriv for erkjenninga. Eg veit sjølv kor bra det er når eg får det til.
Ho: Kor kjent er du? Kjenner folk deg igjen på gata?
No ser han på henne.
Han: Viss klokka passerer ti ein kveld, kan eg nok bli plaga. Det er slik fyllerørsplaging. Men eg er nok mest kjent for dei som er interessert.
Han har skrive eit titals teaterstykke. Dei fleste har hatt urpremiere på dei viktigaste scenane i Noreg. Etterkvart er dei også blitt Noregs største skodespeleksport. Berre i år er det snakk om 10-15 premierer – over heile Europa.
Ho: Er det lite konkurranse blant dramatikarane i Noreg? Du blir mykje brukt?
Han: Teatra får inn mange stykke. Men det har og med kvalitet å gjera. Eg diktar i gammaldags forstand. Eg tenkjer ikkje plot når eg skriv. Men det er bra for Noreg at me har fått ein dramatikar som verda gidd å bry seg om. Det gjer meg stolt og glad. For eksempel har eit av dei viktigaste teatra i Paris sett opp Nokon kjem til å komme, med stor suksess. Men det blir mange premierer. Eg er ikkje med på leseprøvar over alt. I 1999 hadde eg 170 reisedøger. Etter det har eg skore kraftig ned. Eg prøver å beskytta meg sjølv.
Det duggar på halvliterglaset hans. Sommaren tirrar Stavanger. Men ”Vinter” blei namnet på stykket han har skrive for Rogaland Teater til tusenårsmarkeringa i Stavanger.
Han: Eg sleit lenge med å kome i gang. Prøvde meg på masse som berre var tull. Men så tok eg utgangspunkt i eit motiv; to som møtest tilfeldig. Slik sett brukar eg opp igjen eit motiv frå ein tidlegare roman, Bly og vatn. For meg er forma viktig når eg skriv. Eg lagar eit slags litterært musikkverk, og gjentakar mykje, suggerer ein slags musikk, kanskje. Det kan gå lang tid før det løyser seg, men eg jobbar med det heilt til det kjem. Det er interessant å sjå kva som skjer med skodespel som blir omsette til språk eg ikkje forstår, tsjekkisk for eksempel. Orda forstår eg ikkje, men eg ser og høyrer igjen musikken. I Vinter gjekk det rimeleg greitt å få til forma. Det stykket, som vel alle, handlar om forhold, om relasjonar. Det offentlege og det private er i det same scenebiletet; ein benk i parken, og dobbeltsenga.
Ho: Dekalogen var ramme for bestillinga av Vinter. Kva forhold har du til Dekalogen?
Han: Dekalogen berører på ein måte alt, slik sett var det inga avgrensing i temaet. Det var eit ope, greitt mandat. Sjølv har eg eit gjennomsnittleg forhold til dei ti boda. Men eg er ein truande forfattar, i den forstand at i skrivinga får eg kontakt med noko som er større enn meg sjølv. Godt teater for meg er når det skjer noko godt i intense augneblinkar. Då er teater større enn livet. Eg vil ikkje vera bastant, men det er ei religiøs erkjenning. Skrivinga gir større meining og større nærvær. Det er noko der. Eit slags kall – misjon i livet. Men når det gjeld framtida er eg fatalistisk. Eg blir meir og meir dramatikar, anten eg vil eller ei. Det var den jobben eg fekk.
Ho forstår at ho har truffe ein stor dramatikar.
Ho: Kor stor er du?
Han: Shakespeare er den største. På andreplass har eg Tsjekhov og Ibsen. Langt nede på lista ligg Fosse. Hugs Noreg er eit lite land. Og eg berre ein landsens gut.
Ho: Elisabeth Hovland

D13/82
2000Magasinet nr. 4 2000



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar