31. juli 2015

Garborg og ungdomen



Siste dagen i juli og i morgon er det august. Frå tida ein gjekk på skulen kan ein kjenna igjen den doble kjensla av at det har vore ein fin ferie, men at skulestart nærmar seg, og at det er ingen veg tilbake: opp om morgonen, kjøpa nye lærebøker, i gang med lekselesing og det som høyrer med.

”Kina-boka” mi for denne veka er overfylt av stoff om Garborgsenteret; eg var i 2004 skrivar for ei arbeidsgruppe som skulle arbeida fram eit slikt nasjonalt garborgsenter, eit ektefødd born av Garborg-året i 2001. Kongstanken var heile tida at det skulle samlokaliserast med eit nytt bibliotek på Bryne, og slik blei det. Biblioteket blei innvigt i 2010, og i september 2012 var det storstilt opning av Nasjonalt Garborgsenter i etasjen over Time bibliotek. Men det er først 17. august i år at den heilage treeininga  i dette nye kvartalet blir fullbyrda; då flyttar nemleg Bryne vidaregåande skule (som er eit resultat av samanslåing av Time og Bryne vidaregåande skular i 2014), inn i flunkande nytt skulebygg, nesten vegg i vegg med biblioteket og Garborgsenteret. Det opnar også for nytt liv i Garborg-stova – den fine kafeen i byggjet – som diverre har vore stengt det siste året. Nå stolar nye krefter i kafeen på at 1450 elevar frå skulen, saman med dei som elles besøkjer bibliotek og senter, skal bidra til levegrunnlag.  

Eit allment publikum er målgruppa for Nasjonalt Garborgsenter, men ungdom i 15-25-års-alderen og unge vaksne er peika ut som hovudmålgrupper for senteret sitt arbeid. Kva er så Arne Garborg si helsing til ungdomen? Og klarar ungdomen anno 2015 å leva opp til tankane hans? Eg henta fram nokre sitat, i høve dei nye, spennande tidene på Bryne!

Arne Garborg sjølv som student, i tida rundt 1875

”Gamle og unge er i strid. Men det må så vera. Var dei ikkje det, fann ikkje dei unge på anna enn det dei gamle alt hadde gjennomført, og så sovna livet.”
”Alderdom og ungdom er usams, som føtene på den som gjeng: den eine stig alltid framom den andre. Og på den måten hjelper dei det heile fram.”
”Det vert nok stridt; men litt om litt det gjeng, når kvar vil gjera sitt. Tek kvar og ein sin vesle stein er snart vår åker rein.”
”Det må så vera. Dei unge må ut. Alltid på nytt: Ut. Drøyma stort og fara vida.”
”Eitt eg hugsar som gjev meg fred: dei eldest med tida, dei unge med.”
”Livet fær meining, når du nyttar det til noko, som der er meining i.”
 ”Ville ein i ungdomen ha bråk kring namnet sitt, så kjem den dagen då ein trivst best i stilla.” 
Her kan du lesa meir om Nasjonalt Garborgsenter.
 
D31/37-39

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar