28. juli 2017

Turismeprisen



Hausten 1991 hadde eg mi store danningsreise til Søraust-Asia. I fire månadar reiste eg rundt (sjå det fine kartet eg laga og etterpå tok bilete av til ljosbileteframsyninga på turen!). 


Ikkje nok med at mitt eige verdskart utvida seg og eg fekk mange nye haldepunkt eg tok med meg vidare, men det sette nye spor i sjela også, slik at eg kunne starta på ei ny retning då eg kom heim. I etterkant samla eg inntrykk frå andre som hadde besøkt nokon av dei same stadane, som Kjell Gjerseth og Per Dybvig jr. i Stavanger Aftenblad i 1995. Det kom til meg denne veka, fordi me no har starta diskusjonen om det finst ei tålegrense for kor mange turistar me skal ta imot, no sist i Geiranger, og me kjenner vel til det frå Preikestolen hjå oss også.

Eg var sjølv på Kuta Beach på Bali som Gjerseth skriv om. Det var ei ekkel kjensle på den staden av at det berre var pengane våre folk var interessert i, men kanskje det er det turismen legg opp til? 


Her er litt av det Gjerseth skriv:

«Paradokset er velkjent: Hvite mennesker og etterhvert også kinesere, japanere og andre rike folk, oppdager en strand, en øy, en smilende lokalbefolkning. Så bygger de flyplass, hoteller og barer. Så stormer titusener turister området. De smadrer den lokale sivilisasjon og kultur og bringer inn sentrale vestlige verdier som diskomusikk, prostitusjon, gambling, hamburgere, svømmebassenger og fyll. Det praktiske resultat er triste kontraster der småunger og kvinner tigger langs fortauene, mens brølende australske mannfolk synger «Take me home» på rockekafeen.»
Kor langt er me villege til å gå hjå oss, før det unike med våre turiststadar forsvinn? Klarar me å møta dei som kjem med ektefølt interesse for kven dei er, eller er augo våre berre fylt av blinkande kroner i møtet med dei? Kva vil me med turistane? Når får me ein karaokebar på Preikestolen?

D135/177, 187


21. juli 2017

Korleis skriv ein Darfur, no igjen?



Ny bok om TP-klubben, som eg også skreiv om sist veke. Me heldt altså på, månad etter månad, med eit strengt regime med nedskriving av poengsummar og skriving av referat. No ser eg at me mot slutten valte referent på årsmøtet. Me prøvde oss først med at den som var vert for møtet, skulle skriva referat, men der må det ha sklidd ut. Som eit skrivande menneske, med eit slags medvite høve til språket, var det interessant å sjå dei mange vriane av diverse namn som kom til oss i referata etter kvart møte. I eit oversyn over kva me heldt på med, me fire i klubben, kom det fram at eg på dette tidspunktet, hausten 2005, var gressenkje fordi kjærasten var på oppdrag for Kirkens Nødhjelp i Darfur-provinsen i Sudan. Eller, eg trudde i alle fall det var Darfur, fram til referatet blei delt ut:



D134/29

14. juli 2017

Oppskrifta på livet



Kan det gjerast så enkelt, og påstå at det følgjande er oppskrifta på livet?
Eg inviterte til stiftinga av ein klubb der på slutten av året 1995. TP-klubben blei den kalla, me var fire kvinner i sin beste alder som éin gong i månaden møttest til pizza og øl og speling av kunnskapsspelet Trivial Pursuit. Ved utgangen av kvart år hadde me høgtidleg utdeling av vandrepokal til den beste på lista det året. Men det var altså formålet med klubben som eg påstår kan vera oppskrifta på livet, nemleg «Sosial samvær grunnlagt på humor og intellektuell stimulans.»
Sosialt samvær; i det finst potensialet for kjærleik. Intellektuell stimulans lærer oss alltid å stilla spørsmål, og vera nyfikne.
Og humor treng me når alt dette innimellom feilar, og me må starta på ny igjen. 


God sommarhelg, med opning av EM i fotball for kvinner på søndag, og Noreg og Nederland i opningskampen. Dei neste vekene er redda!

D133/7