Hausten 1991 hadde eg mi store danningsreise til
Søraust-Asia. I fire månadar reiste eg rundt (sjå det fine kartet eg laga og
etterpå tok bilete av til ljosbileteframsyninga på turen!).
Ikkje nok med at
mitt eige verdskart utvida seg og eg fekk mange nye haldepunkt eg tok med meg
vidare, men det sette nye spor i sjela også, slik at eg kunne starta på ei ny
retning då eg kom heim. I etterkant samla eg inntrykk frå andre som hadde
besøkt nokon av dei same stadane, som Kjell Gjerseth og Per Dybvig jr. i
Stavanger Aftenblad i 1995. Det kom til meg denne veka, fordi me no har starta
diskusjonen om det finst ei tålegrense for kor mange turistar me skal ta imot,
no sist i Geiranger, og me kjenner vel til det frå Preikestolen hjå oss også.
Eg var sjølv på Kuta Beach på Bali som Gjerseth skriv
om. Det var ei ekkel kjensle på den staden av at det berre var pengane våre
folk var interessert i, men kanskje det er det turismen legg opp til?
Her er litt av det Gjerseth skriv:
«Paradokset er velkjent: Hvite mennesker og etterhvert også kinesere, japanere og andre rike folk, oppdager en strand, en øy, en smilende lokalbefolkning. Så bygger de flyplass, hoteller og barer. Så stormer titusener turister området. De smadrer den lokale sivilisasjon og kultur og bringer inn sentrale vestlige verdier som diskomusikk, prostitusjon, gambling, hamburgere, svømmebassenger og fyll. Det praktiske resultat er triste kontraster der småunger og kvinner tigger langs fortauene, mens brølende australske mannfolk synger «Take me home» på rockekafeen.»
Kor langt er me villege til å gå hjå oss, før det
unike med våre turiststadar forsvinn? Klarar me å møta dei som kjem med
ektefølt interesse for kven dei er, eller er augo våre berre fylt av blinkande
kroner i møtet med dei? Kva vil me med turistane? Når får me ein karaokebar på
Preikestolen?
D135/177, 187
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar