Nye land og inntrykk er lagra på harddisken etter at
årets utanlandsturar er unnagjort. No er det sommargjestane som står i kø! Det
er eit fantastisk høve til å sjå byen sin på ein måte som ein elles ikkje gjer;
eller ein ser den med eit nytt blikk, på ein måte. Første sommargjest ut har
vore tantebarnet André på snart ni, som er ein ivrig sjakkspelar. Så hadde det
seg altså slik at NM i sjakk er blitt arrangert på hotellet i nærleiken heile
denne veka, og me har dagleg hatt turen ned for å sjå på, og ta eit parti sjakk
på bretta som er sett ut i foajeen. Her har me då samla poeng etter kvart som parti
etter parti er gjennomspela, på hotellet eller heime. Tre poeng for siger og
eitt poeng for tap. Ved god hjelp av ein ung herremann som kom bort og kikka på
partiet vårt i går, så klarte eg altså remis (uavgjort for dei uinnvigde). Eg
meinte det var rimeleg at me spelte kinasjakk innimellom, der eg vurderer min
ekspertise til å vera på eit litt anna plan enn sjakk. Som venta var det eg som
vann der, og dermed spelte me ikkje meir kinasjakk! Alt tanter må finna seg i.
André vann med 26 poeng, eg fekk 12 poeng.
Men:
lenka til dagens kinabok er ikkje på det nye hotellet, eller i sjakken. Nei,
for første gong tok eg nemleg med meg ein sommargjest til Badedammen på
Storhaug. Ja, det er vel første gong eg har sett meg ned der ein dag med sol på
himmelen. Og det er då det dukkar opp på side 95 i dagens bok ein artikkel i
Aftenbladet sin tidlegare serie Det var
då det…. Serien tok utgangspunkt i blinkskota til fotograf Egil Eriksson,
og syner altså området rundt Badedammen i mars 1965 (altså frå då eg blei
fødd!), og i 2008, året då André blei fødd. 1965-biletet har inga bru, det er
Chr. Bjelland sine sjøhus og anlegg me ser, og bygningane til Trelastkompaniet.
I dette bygget blei North Sea, den første oljebasen i byen, etablert. Så
forsvann industrien ut, og bustadblokkene og næringsbygg overtok fullstendig.
Aker bygde ei massiv blokk i ti etasjar, i tillegg til at det kom opp mange
ulike leilegheitsprosjekt.
Men
altså Badedammen, den finst på begge bileta. Utan Halvor Sivertsen ville den ha
forfalle, les me. Det utvikla seg særleg på 1950-talet og i 1958 ville kommunen
stengja anlegget. Vasskvaliteten var så dårleg at det var helsefarleg å bada
der, hevda kommunen. Sivertsen, Hasiv mellom vener, gjekk vitskapleg til verks.
Han undersøkte helsetilstanden til elevane ved Johannes skule, det var nemleg
dei som brukte Badedammen mest. Dei var friske som fisk! Dette overtydde eit
knipent fleirtal om at det var verd å ta vare på klenodiet, og dermed kunne me
nyta god mat og drikke i Badedammen for eit par dagar sidan. Dukkert blei det
ikkje, til det var det litt for kaldt.
D132/95
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar