Ny bok om TP-klubben, som eg også skreiv om sist
veke. Me heldt altså på, månad etter månad, med eit strengt regime med
nedskriving av poengsummar og skriving av referat. No ser eg at me mot slutten valte
referent på årsmøtet. Me prøvde oss først med at den som var vert for møtet,
skulle skriva referat, men der må det ha sklidd ut. Som eit skrivande menneske,
med eit slags medvite høve til språket, var det interessant å sjå dei mange vriane
av diverse namn som kom til oss i referata etter kvart møte. I eit oversyn over
kva me heldt på med, me fire i klubben, kom det fram at eg på dette
tidspunktet, hausten 2005, var gressenkje fordi kjærasten var på oppdrag for
Kirkens Nødhjelp i Darfur-provinsen i Sudan. Eller, eg trudde i alle fall det
var Darfur, fram til referatet blei delt ut:
D134/29
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar