26. juni 2015

Hjerneføde



Han har fått på seg merkelappen hjerneguru, har forfatta over 80 bøker om hjernen og læring, og bør berre av den grunn vera ein person ein kan via eit par ekstra minutt. Han heiter Tony Buzan og i ein artikkel i Dagbladet frå rundt 2002/2003 tar dei tak i boka hans ”Et hode foran”. Kom i form – bli smartare er mantraet. Når åra fell på, kan det vera eit poeng i seg sjølv å prøva å utnytta potensialet i korleis sinn og kropp påverkar kvarandre.

Sjølv synest eg det er så kjekt å lesa. Eg kan bruka nesten all mi tid på det. Men slik hjerneaktivitet har jo ei slags avgrensing; det kan fort bli fullt. Det er då Tony Buzan også minner oss på at for å utnytta hjernen maksimalt er det heilt avgjerande å la kroppen bidra. 

  
Kondisjonstrening er eitt av råda. Driv kondisjonstrening i minst 20 minutt fire gonger i veka. Det er i første rekke hjernen som tener på kondisjonstrening, seier Buzan. Jo betre kondisjon, dess betre kan fordøyelsessystemet ta opp i seg maten. Resultatet blir dermed at blodet ditt leverer næringsstoff til heile kroppen og hjernen meir effektivt.

Så til kroppens hjernefode. Den viktigaste energikjelda til hjernen er oksygen. Den kan berre skaffast i tilstrekkelege mengder av ein sunn og veltrent kropp. Så er det næringa hjernen treng via maten. Deretter informasjonsføde. Hald sansane opne og vel livslang læring med entusiasme, seier Buzan. Og endeleg: Kjærleik! Utan kjærleik visnar hjernen! Sørg for rikeleg tilførsel.

Og nå når sommarferien er i gang for mange: Finn tid til leik!
God hjernesommar!

D26/21

19. juni 2015

Til barnet

Denne veka dukka det opp ein invitasjon til jubilanttreff på Jæren Folkehøgskule i august. Eg var lærar der i to år, og denne gong skal me mellom anna feira det første kullet eg var medielærar for der; 1994-1995-kullet. Det var eit fantastisk år. Innimellom alt det me dreiv på med, blei det invitert inn utanforståande til å halda foredrag. Ein dag blei det eit fascinerande møte med Paul Olai-Olssen, seinare kjent som globetrotter og mannen bak både eigne bøker og reiseprogram på TV2. Eg arbeidde i NRK også denne gongen, og nytta høvet til å intervjua han. Ein tidlegare NRK-kollega fortalte at då ho høyrte intervjuet på veg heim frå jobb, måtte ho bli sitjande i bilen då ho parkerte bilen for å høyra heile intervjuet ut; dette var ein mann verkeleg å lytta til!

Eg har klypt ut eit intervju med Paul, frå Misjonsvennen. På ein av turane sine kom han i kontakt med ein misjonær, og Gud. Han seier i intervjuet at han ikkje hadde funne Gud om det ikkje var for at han med jamne mellomrom har vore åleine på stader der han var heilt avhengig av hjelp. Han har lært å bruka mulegheitene som Gud har gitt han, og seier at ein må bruka dei maksimalt. Det er eit enormt privilegium, seier han. 


Men det som har gjort sterkast inntrykk på meg med Paul Olai-Olssen, er føreordet han har skrive til boka En sykkelodyssé – på omveier gjennom Los Americas. Eg hentar det fram ofte, gjerne i vegkrossar i livet. Det gir eit veldig håp om at det finst ein veg for oss alle, me må berre våga å tråkka den første delen av stien.


Til barnet
Det spiller en underordnet rolle hva man gjør og hvor man gjør det. Det viktige er hvilken opplevelse det gir og hvilke erfaringer man sitter igjen med. Opplevelser kan ingen ta fra oss, de gir livet innhold og er det eneste av varig verdi. I vår jakt på økt livskvalitet burde vi derfor fokusere direkte på opplevelsene vi egentlig ønsker, heller enn blindt å følge samfunnets normsett for hva som gir livet mening. Riktige veivalg forutsetter at vi frigjør barnet i oss og lytter til signalene det gir. Mitt ”barn” sa fra så det smertet i mellomgulvet, og så snart jeg besluttet å adlyde, falt bitene på plass.

Jeg kalte opprinnelig reisen Viaje Lejos de Mentiras – ”Reise fjernt fra løgn”. Løgnen jeg søkte vekk fra, ligger bl.a. i folks tilbøyelighet til å følge opptråkkede stier gjennom livet. Det synes som om flertallet lytter mer til samfunnsnormen enn til sin indre røst; Normen forenkler tilværelsen og tilbyr pakkeløsninger med ideelle livsløp – det er bare å følge brukerveiledningen. Da jeg forkastet Normen, møtte jeg blandede reaksjoner. De negative mente at jeg flyktet fra virkeligheten og at jeg en dag ville ”få realitetene i ansiktet” – dessuten var prosjektet for farlig. De positive, deriblant min familie, respekterte min avgjørelse med en kombinasjon av misunnelse og bekymring. Folk fikk bare si det de ville. Hadde jeg ikke utført det jeg visste var riktig for meg, ville jeg ha måttet slå blikket ned for mitt eget speilbilde i all ettertid, ellers ville barnet stirret meg i senk.

På samme måte som det gikk opp for meg hva jeg burde gjøre, tror jeg at mange innerst inne er klar over hva de egentlig er skodd for. Ingen smir lykken for deg, men er det noe min beretning viser, så er det at opplevelsene vi drømmer om er oppnåelige, selv om oddsen er litt dårlig.
Jeg valgte å satse.
Jeg var underveis!



D25/140-141


12. juni 2015

Bestseljar med kongeleg dessert



Kvar veke les Thor Bjarne Bore, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, haugevis av aviser, mellom anna for å finna utklypp som han kan forsyna ei heil avisside med i Stavanger Aftenblad kvar laurdag. Sist veke fekk eit sitat av forfattaren Anne B. Ragde plass under vignetten Kulturlivet:
Kritikken mot bestselgere uttrykker en forakt for leserne.
Nettopp dette tok eg med meg til møtet med Kina-boka for veke 24, for kven andre enn Hovland i 50 var det som samvitsfullt klyppa ut oversikten over kva bøker som var på boktoppen i fylket før juletider i 2002? Bak det litt framande forfattarnamnet Rogaland landbruksselskap, skjulte den litt meir kjende kokeboka Et på kjøkkenet i Rogaland seg. 


Visjonen var å samla inn oppskrifter som hadde vore i bruk i Rogaland gjennom generasjonane, og kvinner og menn var kjempeivrige. Utfordringa var å la oppskriftene få ei sams form, slik at éi oppskrift ikkje hadde kopp som vektmål, og andre spiseskeier, ein neve der og ein desiliter der. Den jobben blei min. Saman med mange flotte kokkar, gjekk me gjennom den eine oppskrifta etter den andre, og kom oss i mål. Saman med fotograf Geir Egil Bergjord reiste eg rundt og fekk vera med på flotte fotoopptak og møte med ivrige kokkar og bakarar. Målfrid Snørteland, sjef på Jærmuseet, laga ein flott kulturhistorisk tekst som gir fin bakgrunn for oppskriftene.

Så blei boka sendt ut til butikkane, og det var då eg starta og kjenna på kjensla av å vera med på ein bestseljar. Første veka rett inn på topp! Me danka ut både Henning Mankell og Linn Ullmann! 


Veka etterpå kom to sterke utfordrarar; Åsne Seierstad med Bokhandleren i Kabul og Myter og virkelighet av Kåre Willoch, men Et låg framleis på toppen. 


Siste veka i november tar Åsne førsteplassen, og Et må nøya seg med andreplassen. 



Gunnar Staalesen melder seg på i desember og snik seg ein plass mellom Åsne og Et. 


Men så, to veker til jul, Jamie Oliver kjem på lista, men må nøya seg med fjerdeplass, Et er oppe på andreplass igjen. 


Siste boktoppen før jul endar Et opp på ein fjerdeplass.  



Skriv du får å skriva eller publisera, var det nokon som sa ein gong. Viss du gjer det for å publisera, er det vel eit mål at folk skal lesa det du har jobba med? Sånn sett skammar eg meg slett ikkje over å ha vore med på ein bestseljar desse vekene i 2002. 
 


I Sverige er det kongeleg bryllaup i helga. Den oppskrifta eg sjølv hentar oftast fram i Et, er Dronning Maud-pudding. Som ei slags forbrødring med svenskane, kan du jo slå til med den for å feira vårt tidlegare felles kongehus med svenskane. I 1872 var kong Oscar av Sverige i Haugesund for å avduka riksmonumentet Haraldsstøtta, og desserten stammar visstnok frå den tida. Fordi dronning Maud likte den så godt, fekk den etter kvart hennar namn. Ein sikker vinnar på dessertbordet! God, romantisk helg – med eller utan ein bestseljar i fanget!

 

Dronning Maud-pudding

8 personer
5 egg
5 ss sukker
5 dl kremfløte
5 plater gelatin
1 plate kokesjokolade
2 korker konjakk

  1. Pisk eggedosis av egg og sukker. Pisk den litt lenger enn vanlig.  
  2. Pisk kremfløten god og luftig.  
  3. Legg gelatinplatene i rikelig med kaldt vatn 5-10 minutter. Klem vatnet godt ut og ha litt kokende vatn på dem i en liten aluminiumskopp. Rør godt så det blir løst opp. Gelatinen må ikke koke, den får lett smak av lim.
  4. Bland eggedosis, kremfløte og konjakk. Ha gelatin i når den er avkjølt, men fortsatt flytende. Spe i ei tynn stråle. Rør godt i blandinga slik at det blandes uten å klumpe seg.
  5. Riv kokesjokoladen. Legg pudding og sjokolade lagvis i ei dessertskål eller porsjonsglass. Det fineste resultatet får du hvis du bruker gjennomsiktig glass slik at du kan se laga i puddingen.

D24/4-6


5. juni 2015

Prioriteringar i ei VM-tid



Ho kalla seg kaospilot, hadde ei spalte i eit blad som heitte jobb & utvikling og heitte Nina Strand Solevåg. Ho fortel i denne spalta at fleire og fleire av konsulentkollegaene hennar arbeider med handtering av stress. 


Ho viser mellom anna til ein kronikk av psykiater Finn Skårderud: 
”Utbrenthet er et godt navn fordi det bevarer en viss verdighet. Det er nesten for godt. Det likner på depresjon, men lyder mer heroisk. Alle kan ikke bli utbrent. Men må brenne for å bli utbrent.” 
Og det er nettopp dette som er fascinerande, skriv kaospiloten, at du blir sett på som ein helt viss du er i ferd med å jobba deg ihel. 
”Vi skal brenne for det vi jobber med, og vi fordømmer dem som tar det med ro.” 
 Og dette ville Nina Strand Solevåg ha ein slutt på. 
”Husk at du også skal ha et liv utenfor jobben. Det er du som bestemmer over jobben din, den bestemmer ikke over deg.”
Og vidare: 
”Jeg hyller dem som vet å strukturere hverdagen sin slik at de unngår å bli utbrent. For det går an å endre dårlige vaner.”
Ho spør om me har tenkt på at det går an å skriva om si eiga historie. Til dømes kan ein seia at ein har mykje å gjera, men at du er flink til å prioritera. Det kan bli ein sjølvoppfyllande profeti, meiner ho.

Og her deler ho ei god øving med oss som ho sjølv fekk av ein mentor. Du kjenner kanskje til den, men det handlar altså å skilja mellom det som hastar og det som er viktig. Slik gjer du det: (sjå faksimile nedafor): Du teiknar opp fire firkantar og der skriv du inn kva som hastar og ikkje hastar. Det veldig mange gjer, er å skriva ned alle gjeremåla i boksen for ”Hastar/Viktig”. Alt er like viktig! Så rådet for å handtera stress, er å unna seg ti minutt til denne øvinga i ein travel kvardag. 


Det er VM-tid, i morgon kveld kl. 00:00 norsk tid er det opningskamp i Canada mellom vertsnasjonen og Kina. NRK sender alle kampane, og det blir viktig å prioritera rett framover!
Eg henta fram skjemaet til Nina Strand Solevåg, og kjem til å leva etter dette den neste månaden, fram til finalen 5. juli. Fyll ut skjemaet du også!



D23/11