12. juni 2015

Bestseljar med kongeleg dessert



Kvar veke les Thor Bjarne Bore, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, haugevis av aviser, mellom anna for å finna utklypp som han kan forsyna ei heil avisside med i Stavanger Aftenblad kvar laurdag. Sist veke fekk eit sitat av forfattaren Anne B. Ragde plass under vignetten Kulturlivet:
Kritikken mot bestselgere uttrykker en forakt for leserne.
Nettopp dette tok eg med meg til møtet med Kina-boka for veke 24, for kven andre enn Hovland i 50 var det som samvitsfullt klyppa ut oversikten over kva bøker som var på boktoppen i fylket før juletider i 2002? Bak det litt framande forfattarnamnet Rogaland landbruksselskap, skjulte den litt meir kjende kokeboka Et på kjøkkenet i Rogaland seg. 


Visjonen var å samla inn oppskrifter som hadde vore i bruk i Rogaland gjennom generasjonane, og kvinner og menn var kjempeivrige. Utfordringa var å la oppskriftene få ei sams form, slik at éi oppskrift ikkje hadde kopp som vektmål, og andre spiseskeier, ein neve der og ein desiliter der. Den jobben blei min. Saman med mange flotte kokkar, gjekk me gjennom den eine oppskrifta etter den andre, og kom oss i mål. Saman med fotograf Geir Egil Bergjord reiste eg rundt og fekk vera med på flotte fotoopptak og møte med ivrige kokkar og bakarar. Målfrid Snørteland, sjef på Jærmuseet, laga ein flott kulturhistorisk tekst som gir fin bakgrunn for oppskriftene.

Så blei boka sendt ut til butikkane, og det var då eg starta og kjenna på kjensla av å vera med på ein bestseljar. Første veka rett inn på topp! Me danka ut både Henning Mankell og Linn Ullmann! 


Veka etterpå kom to sterke utfordrarar; Åsne Seierstad med Bokhandleren i Kabul og Myter og virkelighet av Kåre Willoch, men Et låg framleis på toppen. 


Siste veka i november tar Åsne førsteplassen, og Et må nøya seg med andreplassen. 



Gunnar Staalesen melder seg på i desember og snik seg ein plass mellom Åsne og Et. 


Men så, to veker til jul, Jamie Oliver kjem på lista, men må nøya seg med fjerdeplass, Et er oppe på andreplass igjen. 


Siste boktoppen før jul endar Et opp på ein fjerdeplass.  



Skriv du får å skriva eller publisera, var det nokon som sa ein gong. Viss du gjer det for å publisera, er det vel eit mål at folk skal lesa det du har jobba med? Sånn sett skammar eg meg slett ikkje over å ha vore med på ein bestseljar desse vekene i 2002. 
 


I Sverige er det kongeleg bryllaup i helga. Den oppskrifta eg sjølv hentar oftast fram i Et, er Dronning Maud-pudding. Som ei slags forbrødring med svenskane, kan du jo slå til med den for å feira vårt tidlegare felles kongehus med svenskane. I 1872 var kong Oscar av Sverige i Haugesund for å avduka riksmonumentet Haraldsstøtta, og desserten stammar visstnok frå den tida. Fordi dronning Maud likte den så godt, fekk den etter kvart hennar namn. Ein sikker vinnar på dessertbordet! God, romantisk helg – med eller utan ein bestseljar i fanget!

 

Dronning Maud-pudding

8 personer
5 egg
5 ss sukker
5 dl kremfløte
5 plater gelatin
1 plate kokesjokolade
2 korker konjakk

  1. Pisk eggedosis av egg og sukker. Pisk den litt lenger enn vanlig.  
  2. Pisk kremfløten god og luftig.  
  3. Legg gelatinplatene i rikelig med kaldt vatn 5-10 minutter. Klem vatnet godt ut og ha litt kokende vatn på dem i en liten aluminiumskopp. Rør godt så det blir løst opp. Gelatinen må ikke koke, den får lett smak av lim.
  4. Bland eggedosis, kremfløte og konjakk. Ha gelatin i når den er avkjølt, men fortsatt flytende. Spe i ei tynn stråle. Rør godt i blandinga slik at det blandes uten å klumpe seg.
  5. Riv kokesjokoladen. Legg pudding og sjokolade lagvis i ei dessertskål eller porsjonsglass. Det fineste resultatet får du hvis du bruker gjennomsiktig glass slik at du kan se laga i puddingen.

D24/4-6


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar