Han har fått på seg merkelappen hjerneguru, har forfatta over 80 bøker
om hjernen og læring, og bør berre av den grunn vera ein person ein kan via eit
par ekstra minutt. Han heiter Tony Buzan og i ein artikkel i Dagbladet frå
rundt 2002/2003 tar dei tak i boka hans ”Et hode foran”. Kom i form – bli smartare er mantraet. Når åra fell på, kan det
vera eit poeng i seg sjølv å prøva å utnytta potensialet i korleis sinn og
kropp påverkar kvarandre.
Sjølv synest eg det er så kjekt å lesa. Eg kan bruka nesten all mi tid
på det. Men slik hjerneaktivitet har jo ei slags
avgrensing; det kan fort bli fullt. Det er då Tony Buzan også minner oss på at
for å utnytta hjernen maksimalt er det heilt avgjerande å la kroppen bidra.
Kondisjonstrening er eitt av råda. Driv kondisjonstrening i minst 20
minutt fire gonger i veka. Det er i første rekke hjernen som tener på
kondisjonstrening, seier Buzan. Jo betre kondisjon, dess betre kan
fordøyelsessystemet ta opp i seg maten. Resultatet blir dermed at blodet ditt
leverer næringsstoff til heile kroppen og hjernen meir effektivt.
Så til kroppens hjernefode. Den viktigaste energikjelda til hjernen er
oksygen. Den kan berre skaffast i tilstrekkelege mengder av ein sunn og
veltrent kropp. Så er det næringa hjernen treng via maten. Deretter
informasjonsføde. Hald sansane opne og vel livslang læring med entusiasme,
seier Buzan. Og endeleg: Kjærleik! Utan kjærleik visnar hjernen! Sørg for
rikeleg tilførsel.
Og nå når sommarferien er i gang for mange: Finn tid til leik!
God hjernesommar!
D26/21
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar