Siste bloggposten i år! Kvar fredag klokka 14 har eg formidla ein
oppdatert refleksjon på det arkiverte frå arkivet mitt, dei såkalla Kina-bøkene.
Prosjektet har hatt eit klart formål; at eg skulle klara å setja ein tidsfrist
for meg sjølv kvar veke, utan at andre sto og venta på det eg kom med. Etter å
ha halde meg til tidsfristar heile mitt yrkesaktive liv, ville eg rett og slett
testa om eg var i stand til å gjera ein avtale med meg sjølv. Derfor er eg litt
stolt av at eg har klart det. Dette er det jo mange av oss som prøver på;
nettopp å setja oss mål som har ein verdi for oss også etter eit par tre
frydefulle oppstartsveker. Derfor kviler blikket mitt på ein artikkel frå
tidsskriftet som Universitetet i Oslo (UiO) gir ut, Apollon, frå 2008. Artikkelen
slår fast i starten at nettopp viljestyrken er blitt dramatisk svekka i den
norske folkesetnaden, og handlar om at psykologar ved UiO har tatt moderne
teknologi i bruk for å hjelpa nordmenn til å nå måla sine.
Professor Pål Kraft seier me lever i eit samfunn der alle ventar å få
behova sine tilfredsstilt med ein gong. Denne svekka evna og viljen til å venta
på løna kan få store følgjer for det einskilde individet, og enorme
konsekvensar for samfunnet, seier han.
Men kva er så viljestyrke? Jo, evna til å overstyra umiddelbare
impulsar for å nå eit mål på lang sikt, også kalla sjølvregulering på
fagspråket. Ein kan sjå på viljestyrke som ein muskel, og den gode nyheita er
at ein kan trena opp den mentale muskelen til å uthalda meir, slik ein gjer med
dei andre musklane i kroppen. Pål Kraft skil mellom å vera i «hot state» og i «cold
state». I hot state er du i ein tilstand der kjenslene styrer og svaret på å
lindra ei kjensle blir å drikka eit glas vin eller å eta eit stykke
napoleonskake. I cold state kjenner ein ikkje på kjensler som svolt, sinne
eller nedtryktheit og dermed er det lettare å motstå alt det som fristar. Det
syner seg at dei fleste som sprekk i ein ambisjon om å slutta å røyka, drikka
og eta usunn mat, gjer det i ein fase der dei er fylt av negative emosjonar.
Kraft syner til at halvparten av dei som blir rekna som overvektige, et for å
kjenna seg betre.
Kva er så denne teknologien som skal hjelpa oss på veg i desse
farefulle stundene? Jo, ein mobilteknologi der ein skodespelar les ein liten
tekst, eit lite eventyr for vaksne. Etter fire-fem minutt har lyttaren fått eit
kjenslemessig «løft» og dermed er det lettare å handla i tråd med dei
langsiktige ønska. Det har store positive konsekvensar viss du har viljestyrke
og sjølvkontroll, seier Kraft og syner til omfattande studiar om dette i USA.
Dei som har sterk viljestyrke, er i stand til å sjå langt fram i eige liv og
greier å opptre meir strategisk.
Så bruk romjula til å setja deg nokre langsiktige mål. Ingenting er som
eit nytt år å starta med dei klisjéfylte blanke arka, men det er faktisk sant!
Mitt viktigaste råd? Du må berre starta,
ikkje tenk på sluttresultatet altfor mykje, men berre start, med eitt
lite steg kvar dag, eller kvar veke -
alt etter kva prosjekt du har lyst å starta med.
Hovland i 50-bloggen held forresten fram neste år! Kina-bøkene er så
langt nummerert til 100, så det er nok å ta tak i for 2016 også! Takk for det
gamle til alle som har følgt meg på bloggen. Første nyttårsdag er eg tilbake!
D52/30-31