27. mars 2015

Jon Fosses metode



Det var i år 2000, og i Stavanger feira me tusenårsskiftet med eit stort kulturprosjekt som varte eit heilt år til ende. Ein dag var Jon Fosse i byen, og Stavanger Aftenblad intervjua han. 


Men i dag skal eg ikkje sitera frå intervjuet dei gjorde med han og som stod på trykk 24. mai 2000. For eg hadde også ein avtale med Fosse, ved det same bordet ved Breiavatnet. Han var nemleg i byen for å vera med på urpremieren av eit stykke han hadde skrive og som skulle gå på Rogaland Teater. Fordi det var del av Stavanger2000-programmet, fekk eg tilgang til han.

Det må ha vore noko med møtet med denne mannen som inspirerte meg til å presentera intervjuet med han i ei ny form. I ettertid ser eg at det er eit intervju om Jon Fosses metode. Mellom anna. Teksten blei presentert i nummer 4 av 2000Magasinet. 




Han og ho
Eit planlagt møte mellom dramatikaren Jon Fosse og ein journalist.

Han: Eg er ein landsens gut, og eg ser jo at folk har forskjellige interesser. Sjølv om eg driv med teater, så er eg klar over at det ikkje er alle som bryr seg om det.
Dei møttest ein dag det var sol i Stavanger. Eit planlagt møte. Ho hadde fått vete at han var ei blinkande stjerne på teaterhimmelen.
Ho: Korleis er det å bli samanlikna med Henrik Ibsen?
Ho tenkte på det Ellen Horn – den gamle Nationaltheater-sjefen, no kulturstatsråd – hadde sagt: ”Denne mannen er det beste som har skjedd norsk teater sidan Ibsen!”
Han: Det er klart eg blir stolt og glad av samanlikninga. Det er jo litt stilig å stå utafor Den Nationale Scene i Bergen, der det heng to banner med påskrifta Ibsen på det eine, og Fosse på det andre.
Han mys mot sola ved Breiavannet. Stryk det mørke, halvlange håret bakover, og tar eit nytt drag av sigaretten.
Han: Eg hadde eigentleg ikkje lyst å byrja å skriva dramatikk, det blei berre slik. Eg blei lokka av pengane, må eg vel innrømme. I 1992 skreiv et det første skodespelet. Det gjekk veldig kjapt. Eg fekk det til, hadde tydlegvis eit sovande talent. Det gjekk faktisk veldig greitt… Eg har jo tenkt mange gonger: Kva kunne eg blitt flink til? Det er ikkje så mange ting. Men det viste seg at eg kunne skrive.
Ho: Kva er det med deg og skrivinga?
Han: Eg var 12 år då eg byrja å skrive. Det var eit trykk som pressa på. Eg måtte få ut ting. Eg skreiv ein roman på gymnaset, men hadde ingen ambisjonar om å bli forfattar. Eigentleg har eg ingen ambisjonar om å bli noko som helst. Hugs at eg er ein landsens gut. Fram til eg var 15-16 år budde eg i Strandebarm, så flytta eg til Øystese. Eg er prega av oppveksten, men meir i blikket enn i stoffet. Henrik Ibsen var forresten også lægdunge.
Han verkar beskjeden. Det er ikkje ofte han møter blikket hennar.
Han: Eg har eit godt blikk, det innbiller eg meg i alle fall. Det er kanskje den største tilgangen min. Eg skapar konsentrert teater. Teateret er jo det: konsentrert liv. Du må utelate og samanfatta. Men det må vera truverdig, og verkeleg liv. Stor litteratur er meir enn det som er tillært. For meg blir det ikkje gyldig når det er tillært. Eg vil skriva fram ting som ikkje var i verda før; situasjonar og personar. Når eg får det til, er det verdt slitet. Eg driv aldri research. Eg brukar ingenting frå mitt eige liv, eg diktar. Men det må verke verkeleg. Eg skriv for erkjenninga. Eg veit sjølv kor bra det er når eg får det til.
Ho: Kor kjent er du? Kjenner folk deg igjen på gata?
No ser han på henne.
Han: Viss klokka passerer ti ein kveld, kan eg nok bli plaga. Det er slik fyllerørsplaging. Men eg er nok mest kjent for dei som er interessert.
Han har skrive eit titals teaterstykke. Dei fleste har hatt urpremiere på dei viktigaste scenane i Noreg. Etterkvart er dei også blitt Noregs største skodespeleksport. Berre i år er det snakk om 10-15 premierer – over heile Europa.
Ho: Er det lite konkurranse blant dramatikarane i Noreg? Du blir mykje brukt?
Han: Teatra får inn mange stykke. Men det har og med kvalitet å gjera. Eg diktar i gammaldags forstand. Eg tenkjer ikkje plot når eg skriv. Men det er bra for Noreg at me har fått ein dramatikar som verda gidd å bry seg om. Det gjer meg stolt og glad. For eksempel har eit av dei viktigaste teatra i Paris sett opp Nokon kjem til å komme, med stor suksess. Men det blir mange premierer. Eg er ikkje med på leseprøvar over alt. I 1999 hadde eg 170 reisedøger. Etter det har eg skore kraftig ned. Eg prøver å beskytta meg sjølv.
Det duggar på halvliterglaset hans. Sommaren tirrar Stavanger. Men ”Vinter” blei namnet på stykket han har skrive for Rogaland Teater til tusenårsmarkeringa i Stavanger.
Han: Eg sleit lenge med å kome i gang. Prøvde meg på masse som berre var tull. Men så tok eg utgangspunkt i eit motiv; to som møtest tilfeldig. Slik sett brukar eg opp igjen eit motiv frå ein tidlegare roman, Bly og vatn. For meg er forma viktig når eg skriv. Eg lagar eit slags litterært musikkverk, og gjentakar mykje, suggerer ein slags musikk, kanskje. Det kan gå lang tid før det løyser seg, men eg jobbar med det heilt til det kjem. Det er interessant å sjå kva som skjer med skodespel som blir omsette til språk eg ikkje forstår, tsjekkisk for eksempel. Orda forstår eg ikkje, men eg ser og høyrer igjen musikken. I Vinter gjekk det rimeleg greitt å få til forma. Det stykket, som vel alle, handlar om forhold, om relasjonar. Det offentlege og det private er i det same scenebiletet; ein benk i parken, og dobbeltsenga.
Ho: Dekalogen var ramme for bestillinga av Vinter. Kva forhold har du til Dekalogen?
Han: Dekalogen berører på ein måte alt, slik sett var det inga avgrensing i temaet. Det var eit ope, greitt mandat. Sjølv har eg eit gjennomsnittleg forhold til dei ti boda. Men eg er ein truande forfattar, i den forstand at i skrivinga får eg kontakt med noko som er større enn meg sjølv. Godt teater for meg er når det skjer noko godt i intense augneblinkar. Då er teater større enn livet. Eg vil ikkje vera bastant, men det er ei religiøs erkjenning. Skrivinga gir større meining og større nærvær. Det er noko der. Eit slags kall – misjon i livet. Men når det gjeld framtida er eg fatalistisk. Eg blir meir og meir dramatikar, anten eg vil eller ei. Det var den jobben eg fekk.
Ho forstår at ho har truffe ein stor dramatikar.
Ho: Kor stor er du?
Han: Shakespeare er den største. På andreplass har eg Tsjekhov og Ibsen. Langt nede på lista ligg Fosse. Hugs Noreg er eit lite land. Og eg berre ein landsens gut.
Ho: Elisabeth Hovland

D13/82
2000Magasinet nr. 4 2000



20. mars 2015

Jubilerande forfattarar



Denne veka blei eit nytt forfattarjubileum opna. 19. mars markerte starten på markeringa av at det er 100 år sidan Alfred Hauge kom inn i verda. Det er planlagt jubileumsmarkeringar heile året.

Eg har eit sterkt forhold til forfattarjubileum. Mine to mest interessante arbeidsår hadde eg i 1999 og 2001. I 1999 var eg informasjonsmedarbeidar i Kielland-jubileet, som markerte at det då var 150 år sidan Alexander L. Kielland blei fødd, og to år etter hadde eg den same rolla i Garborg-året. Høvet for eit Garborg-år var 150-årsminnet for Arne Garborg, men det var også naturleg å ta med kona hans, Hulda Garborg. I Kielland-året blei det mellom anna gitt ut ein eigen Kielland-vin!


I året mellom dei to forfattarjubilea, inviterte Stavanger2000 og Stavanger Journalistlag til seminar på Rogaland Kunstmuseum. Spørsmålet var om jubilerande forfattarar var dømt til ufarleggjering? Og spørsmålet er jo framleis aktuelt. For ikkje berre er det Alfred Hauge som blir minna i år, også Agnar Mykle opna augo for første gong i 1915 og det er planlagt jubileumsmarkering også rundt hans forfattarskap.


Forfattaren Karsten Alnæs var invitert for å svara på spørsmålet, han var då mellom anna leiar i Forfattarforeininga. Alnæs var ikkje overveldande engsteleg for ufarleggjeringa, sa han på seminaret, sitert etter artikkelen i Rogalands Avis. Tvert imot meinte han at eit jubileum kunne føra til nyoppdagingar, nyopplevingar og nylesing av diktaren. Ei ny tid oppdagar nye ting, sa Alnæs. Han meinte at diktarjubileum gav diktinga fleire mulegheiter. Ikkje minst gir diktarjubileum politikarane eit påskot til å feira og dette gir dei økt sjølvtillit, som dei treng! sa Alnæs. Han ytra også eit håp om at merksemd om kultur og tankeliv kan vera ei motgift mot kjendisreportasjane som oversym oss. Alnæs, som også er historikar, var elles opptatt av korleis diktinga kan gjera fortida levande. Og sjølv om jubileum kan føra til usemje om korleis ein diktar kan forståast, så meinte han at det var slik det skulle vera.

Tilbake til Alfred Hauge. Kva er det med han som interesserer? Då må eg tilbake til 1983, eg gjekk siste året på vidaregåande og tida var inne for å skriva særoppgåve, eller eit litteraturstudium. Valet fall på temaet ”Litteratur om den norske uvandringa til Amerika”.

I motivet for oppgåva, skriv eg:

”For meg var det eit par grunnar som låg bak dette ønsket, og denne var vel den viktigaste: Cleng Peerson. Han vart fødd på Falkeid i Tysvær, min heimkommune, i 1783. Eg har så lenge eg kan hugsa høyrt om Cleng Peerson – og et visste at han hadde noko med den norske utvandringa til Amerika å gjera. Eg har sjølv vore med og feira han i eit par av dei jubilea som er laga til for han. No sist i mai i år, då 200-årsdagen for hans fødsel vart feira. Men kva visste eg eigentleg om personen Cleng Peerson – om hans liv og virke i Noreg og Amerika? Ingenting! og dette ville eg no ha slutten på!”

Den andre grunnen var å setja meg inn i den norske utvandringa til Amerika. Cleng Peerson-trilogien til Alfred Hauge og ”Vår egen stamme” av Johan Bojer var bøker eg tok fatt i. Nå er tida inne for å ta tak i dei andre verka hans. Etter den fantastiske inngangen til Alfred Hauges bøker som me fekk av professor Jan Inge Sørbø i bokpraten på Sølvberget torsdag 19. mars, ligg alt til rette for store leseopplevingar.

Karakter på oppgåva i 3. klasse i 1983?
5 minus.

Ryfylke Livsgnist koordinerer Alfred Hauge-markeringa.

D12/103/124

13. mars 2015

Om tid


Dagen nærmar seg; sjølve dagen som er utgangspunktet for dette Hovland i 50-prosjektet. Den 17. mars har eg vore i dette livet i 50 år, eit tal som i seg sjølv innbyr til ei slags vareopptelling. Tilfeldig eller ei, men denne veka finn eg i utklyppsboka masse stoff frå tida rundt tusenårsskiftet.  Då var det vareopptelling i mange redaksjonar og både hundreåret og tusenåret fekk sine vinklingar. Eg har mellom anna samla på ein oversikt over norske statsministrar sidan 1814. Men det som fangar interessa mi nå, er det som står nedafor den artikkelen; reinskrive notat frå eit foredrag eg hadde vore på. Eg veit ikkje kven som heldt det, men det må ha vore knytt til tusenårsskiftet, og eg trur det må ha vore ein som hadde nær kontakt med Madagaskar, for eksempla derfrå er fleire.


Temaet er tid, og dei måtane ulike kulturar orienterer seg i høve til dette. Først har ein dette med syklisk tid, kjenneteikna av gjentaking og rytme og gjerne omtalt som at det er ”Intet nytt under solen”. Naturen er jo det beste eksemplet på dette, slik den markerer rotasjon av syklusen gjennom aktivitetane til sola, månen og gjennom sesongane. Folk og dyr har også sine tilpassingar til syklisk tid, gjennom livssyklusen, jordbruk og fangst til dømes. Konsekvensen av å leva nær opp til den sykliske tida er at den er fortidsorientert (framtid er jo berre å gjentaka fortida). I den sykliske tida er ikkje tida knapp og den er prega av tilpassing; ein må rett og slett innordna seg kvart nye steg i syklusen. Ut av dette kjem mellom anna naturreligionane, med si tru på skjebnen.

Så har ein det som i foredraget blei kalla hendingstid. Tid blir då når noko skjer. I denne forståinga kan ikkje tid målast eller sparast, berre erfarast. Og det er hendingane som set i gang handlingane. Møtet startar til dømes når ”alle” er komne. Bussen går når den er full og ny bestilling av ei vare skjer når lageret er tomt. Når det ikkje finst hendingar, så er det heller ikkje snakk om tid i hendingstida. Relasjonar til menneske blir prioritert. Ei gyldig orsaking for å koma for seint er derfor ”Eg kunne ikkja koma før, for eg møtte onkelen min”. Hendingstid er også prega av improvisasjon, slik å forstå at det å gjera om ei avgjerd er heilt kurant fordi det stadfestar dei personlege relasjonane dine. Ei viktig side ved hendingstida er også kor lenge ting varer. Ei oppgåve må ta så lang tid som den viser seg å ta. I ei slik forståing av tid blir planlegging umuleg og tidsfristar er meiningslause. Å rekna alder i talet på år er til dømes tull! Konsekvensen? Livet blir orientert om tidspunktet NÅ, tida er ein uendeleg ressurs og den kjem heile tida!



Så har du den lineære tid, der ein ser tida som eit objekt og dermed noko som både kan sparast, brukast og kastast bort. Tida er målbar og føreseieleg; kalender, ur og datamaskinar hjelper oss å halda styr på alt og me planlegg ved hjelp av timeplanar og tidsfristar. Ut av dette kom industrisamfunnet med sitt fokus på det nøyaktige og punktlege, og som kravde disiplin og kontroll tilbake. Konsekvens av den lineære tida; livet blir framtidsorientert, og tida blir knapp, kjent for mange som at ”tida flyr”.

Eg er vaksen opp i Noreg, og blitt eit slags offer for den lineære tida. Men det er veldig frigjerande å ta innover seg at andre kulturar tenkjer annleis. Ikkje minst dette fokuset på alder, gjer at ein kan kjenna på angsten over at tida er ein ressurs som det blir meir og meir mangel på. Eg blir tiltalt av tanken på at tida er noko som er, først når ein erfarer noko.Eller som Gud skal ha sagt: ”Eg skapte verda og alt i den for å kunne erfara meg sjølv”. Det får vera tankegodset inn i helga. Eg må halda fram planlegginga av dagen min!

D11/14-15/18-19

6. mars 2015

Song og skam



I går blei eg sitjande og sjå på eit program på NRK1 som heiter Lisenskontrolløren. I si personlege og subjektive tilnærming til NRK-arkivet, tar programleiar Njål Engesæth tak i ulike tema som statskanalen har vore innom i sine nå 55 år. I går var temaet Meininga med livet (program 3 i sesong 2). Engesæth ser på korleis ulike program har gått inn i dette store, eksistensielle temaet og meiner at alle før han har oppført seg som luremus når dei har invitert i programtitlar til å koma med svaret på dette spørsmålet. Derfor lovar han endeleg å besvara spørsmålet som han meiner kringkastinga aldri har turt å svara på. Han fann det i NRK sitt tv-tilbod påska 1990, 27 minutt ut i eit program om Nat King Cole, som syng:
”The greatest thing you’ll ever learn is just to love and be loved in return.”
Eg lova ein fasit, seier Njål Engesæth, og han meiner at det ikkje er verre enn dette. Meininga med livet, altså. 

Men er det så enkelt? Eller -–eg trur dette så absolutt kan vera ein del av dette store spørsmålet, men kjenner likevel på at noko anna også må på plass. Og lyttar til den britiske filosofen Roger Scruton:

”Lykke inntreffer når mennesket utfolder seg. Lykke kan bestå av å nå et livs ambisjon, i gjensidig kjærlighet, i følelsen av daglig mening i gjøremål og følelser. Første betingelse for det gode liv er å godkjenne det vi er, og se i oss selv de kvaliteter vi beundrer i andre.”




Og dette fører meg til tittelen i dagens bloggpost. ”Hvorfor skammer vi oss over stemmene våre”, spurte Tiri Bergesen Schei i ei hovudoppgåve om musikkpedagogikk på slutten av 1990-talet. Det var bladet Musikk Kultur som skriv om oppgåva: ”I lys av at skam er et tydelig fenomen i tiden, er det også en fare for at det egne musikalske uttrykket kan bli skambelagt. Vi blir så oppmerksomme på hva andre synes om prestasjonene våre at nesten uansett hvor godt det er, opplever utøveren det som ikke bra nok.”

Bergesen Schei fann inspirasjon til emnet for hovudoppgåva si i ein artikkel av danske Ingrid Oberborbeck. Dagleg møter ho vaksne som er motlause eller svært tilbakehaldne i stemmeuttrykka, skriv Oberborbeck.
”Genertheten er stor, tydelig tale i sang er utrolig sjælden, usikkerheten i at ramme toner er stor: Jeg ser en generell slaphed og udtryksløshet i krop, mimik og stemme, og samtidig en stor motorisk anspænthed. Der udtrykkes ofte en sikker overbevisning om, at ”synge, det kan jeg ihvertfald ikke”. Idealerne synes at være store, ambitionerne høje - og selvbevidstheden forsvindende ringe. At bryde ut i spontan sang er like så utænkelig som at flyve.”

Og dette kan eg kjenna meg igjen i! Det spontane gledeuttrykket som song kan innebera, har vore innestengt. Men sakte, men sikkert blir det forløyst. Og nå skal eg gjera noko eg aldri har  gjort før: 


Og det kan ikkje vera tilfeldig at rett over teksten om det er flaut å syngja, står sitatet frå artisten Cher: 
”Jeg står til ansvar for to personer; meg selv og Gud, og jeg bryr meg ikke om hva noen andre mener om meg."


D9/80
D10/37