29. april 2016

Den personlege innsatsen



Det må ha vore eit tidspunkt der eg tenkte at fysikk får vera fysikk, og så hoppa eg liksom av. Slik at då eg dei siste dagane har lese meg opp på emnet for å skriva nokre saker om det, så var det å bli møtt med ei stor openberring; her var det mat for hjernen og mi aldri kvilande lengt etter å forstå. For her finst dei jo i hopetal; fysikarane som vil forstå, til dømes korfor det finst så mykje mørk energi i universet. Og kva jakta på gravitasjonsbølgene kan fortelja oss om dei aller første sekunda av då universet vart fødd. Eg fekk også tatt inn over meg at det finst fire fundamentale – eller er det kanskje fem – krefter som rører seg i naturen. Det får meg over til den krafta som eg trur er den som styrer vala me menneske rettar oss mot, og eg blei minna om dette endå ein gong i sitatet frå Kaj Skagen, som mellom anna skriv for Dag og Tid. Den blir også ein kommentar til folkeavrøystingane me har i Noreg om dagen om kommunane skal slå seg saman. No veit me at det blei ja i dei to trøndelagsfylka, slik at dei no blir eitt. Men mange av kommunane seier nei. Når ein lev i eit demokrati, blir røysteretten noko sjølvsagt, men den peikar likevel mot noko større enn seg sjølv, slik Skagen poengterer når han skriv om kva den somaliske forfattaren Amel Aden, som no har budd i Noreg i fleire år, seier om å bruka røysteretten.  For å vera ein del av demokratiet og fordi det finst land utan valfridom, seier ho. Som forfattar og forkjempar for minoritetar, skriv Skagen, veit Amal Aden at demokratiet i seg sjølv ikkje endrar noko, men berre opnar for den personlege innsatsen som skaper noko nytt. 


Og i dette personlege motet til å skapa ligg kreftene våre, naturkreftene våre. Litt lenger ut i dagens bok seier skodespelaren Ashton Kutcher: «Men man må ha mot til å feile. Det er det jeg lever etter, og med en gang man skaper sin egen verden må man også ta mer ansvar.»


Det kan vera fristande å gå med straumen, men det blir litt naturstridig. Start i dag; kjenn etter – kva er din veg?

D70/11+22


22. april 2016

Innovasjon og trendar



Trudde ikkje eg skulle koma til å skriva om dette, men ein artikkel som sto i eit blad som vedlegg til Bok & samfunn, nemleg Papir & kontor, har eg tatt vare på. Og det tar utgangspunkt i eit forskingsprosjekt som er gjort ved Handelshøyskolen BI og føreslår kva som må til for at nye innovasjonar skal lukkast. 


For det er nemleg ikkje slik at berre ved å vera innovativ – altså det som vel må bety nyskapande – så er suksessen sikra. Førsteamanuensis Line L. Olsen ved BI fortel nemleg at ni av ti innovasjonar floppar i marknaden, og det er ikkje akkurat godt nytt for alle dei som no sit rundt og skal finna noko å leva av etter – eller samtidig -  med olja. Løysinga dette forskarlaget kjem opp med, er trend spotting. Det handlar rett og slett om å identifisera dei forbrukartrendane som ligg der djupt i materialet, og det dei gjer i prosjektet sitt ved BI er å identifisera og omtala sju viktige og varige forbrukartrendar.
Desse sju trendane er: Alltid på farten. Alltid tilkopla. Avkastning på tid. Kvalitetsinformasjon raskare. Å leva i nået. Sjå på meg no. Personvern. 


Avhengig av det kjerneproduktet eller tenesta ein alt leverer, bør leiarar integrera nokon eller alle desse sju trendane når dei søkjer etter nye innovasjonsidear – løysingar som er retta inn mot dei langsiktige ønskja og behova til kunden på ei betre måte, meiner Line L. Olsen.

Skal ta med meg dette. Samtidig som mi eiga tilnærming også har vist seg å ha livets rett i mange år. Spørja seg sjølv om kva ein ønskjer å oppleva, og så hegna om desse ønskja som små frø og gje dei den omsorga dei treng fram til den sårbare spira som så skal veksa seg stor og oppfylla sitt eige potensiale. Slik gulrotfrøet har i seg potensialet til å bli ei gulrot. Det er eit lite under, MEN – det må ta den tida det tar. 

Av og til må ting ta den tida det tar - som å la tennene koma når dei skal.
 
D69/76-77

15. april 2016

Ørstavik om det private



Napoli-kvartetten til Elena Ferrante feiar over landet. Tredje bok er ute i nydeleg nynorsk omsetjing av Kristin Sørsdal, og den er blitt som dei to førre ein sokalla pageturner for meg. Jakta på kven forfattaren er bak den fascinerande historia om Elena og Lila, pågår med stor styrke, og som ei direkte følgje av det, om historia er «sann», er den «sjølvbiografisk»? Dess meir eg les, dess mindre interessant er spørsmålet, kjenner eg sjølv. For bøkene lever uansett sitt eige liv, i meg, og der ute i verda. Men tankane fører meg til eit essay den norske forfattaren Hanne Ørstavik hadde i Morgenbladet i ein serie dei kalla «Hva er privatliv?» 




Utgangspunktet er at privatlivet aldri har vore meir eksponert, og spørsmålet er om det er så farleg. Ørstavik, som har fått eit stort publikum, med det mange vil meina er med sjølvbiografisk stoff, kjem med sitt utgangspunkt alt i tittelen: «Hvorfor jeg ikke skriver selvbiografiske romaner».
Nemninga sjølvbiografisk romanar blir trongt for henne, skriv Ørstavik. Omgrepet gir ikkje rom for pust, rom, rørsle – og utdjupar:
«For meg er romanen et modellunivers hvor noe utstpiller seg. Noe som skal undersøkes, utspiller seg der. Og fordi det er en modell, et konstruert univers, så er det ikke noe jeg overskuer mer enn noen annen. Det er vårt. Det er som modellene arkitektkontorene lager, de står på bordet, i papp eller tynn finér, og så er det mulig å gå rundt bordet, og se på dem fra forskjellige vinkler, bøye seg ned og se rett frem inn, gå nærmere, eller lenger fra. De er for alle, de er ingen sine. Alles blikk er like gyldige. Det er ikke mitt liv.»
Det er det inni som er det viktige, seier Hanne Ørstavik. Det er ikkje referansane i flaten, men klangen innover det dreier seg om. Det viktige ligg ein annan stad enn om romanen handlar om meg, seier ho. Kva er så det viktige?
«Romanen må være adskilt fra meg for at den skal kunne forandre meg. Den må romme noe jeg ikke vet, for at jeg skal ha bruk for den.»



Om romanen Kallet – romanen skriv ho: «(…) romanen pekte på liv og løsninger jeg ennå ikke var klar over i skriveperioden». Ved å skriva det ho skriv, får ho erfara det, og ved å kjenna det og vera i det, så skjer det noko med henne, skriv Ørstavik. Slik treng ho romanen, og det er slik ho også håpar at andre kan bruka det ho skriv, i sine liv, for seg sjølve.
«Og da er det viktig at romanen ikke er meg. Ikke for leseren, nødvendigvis. Men for min egen skyld. For da blir det ikke noe bevegelsesrom for forandring.»

D68/45