25. november 2016

Jubileum og den grøne teknologien



            Eg må nesten starta dagens tekst med å ta meg tid til i eit par linjer å dvela ved det faktum at dette er bloggpost nummer 100! Det som eigentleg starta som eit prosjekt der eg hadde lyst å prova for meg sjølv at eg var i stand til å laga ein avtale med seg sjølv, har resultert i eit lite prosjekt som no nesten går av seg sjølv. Kvar fredag klokka 14 i snart to år er det blitt publisert ein tekst, og det finst framleis mange bøker i Livets leksikon – som eg kallar denne samlinga av utklypte artiklar og andre dokument – så her er det berre å følgja med vidare på ferda!

            Så – kva tekst er det som skal få æra av å vera nummer 100? Jo, ein tekst om sjeldne grunnstoff! Det er nemleg intense budsjettforhandlingar forstår me i Stortinget, og den største bøygen er at Venstre ikkje er nøgd med satsinga på tiltak som kan få i gang det grøne skiftet. Samstundes fortalde NRK Rogaland oss i nyheitssendinga i går kveld at el-bilsalet berre aukar, og at bilforhandlarar på Haugalandet som ikkje har el-bilar i sortimentet no opplever ein stagnasjon. 

            Men er det slik, som eg av og til kan få eit inntrykk av, at det berre er straum som er saliggjerande i denne overgangen til dette grøne skiftet? Nei, det er jo ikkje det, fortel Henrik H. Svensen, han er seniorforskar ved Senter for jordas utvikling og dynamikk ved Universitetet i Oslo. For der tanken er at det grøne stiftet skal gjera oss mindre avhengige av olje, så treng den nye teknologien mineralressursar, og dermed må det gruvedrift til. 


            Grunnstoffa som skal til, er mange, skriv Svensen. El-bilbatteria krev store mengder litium, kobolt, nikkel og mineralsk karbon. Skal ein laga vindmøller, så treng turbinane der kopartrådar og magnetane inneheld niob. Solcellepanel blir laga av silisium og sjeldne jordartar. Så er spørsmålet: finst det store nok reservar av desse grunnstoffa til å setja det teknologiske skiftet i gang?
 
            Utfordringa med litium er at det ikkje finst som reint metall i naturen. Dei største reservane av litium finst oppløyst i dei store saltsjøane i Andesfjella i Chile. Det finst også store reservar av litium i Australia, der litium er bunde til det kvite mineralet spodumen.
            Det er enorme mengder litium som skal til. Eit lite vanleg AAA-batteri inneheld eitt gram litium, medan batteriet i ein Tesla-bil inneheld meir enn ti kilo! Lukkelegvis er reservane av litium i verda så store, at ekspertane ikkje ser for seg at me går tomme med det første, sjølv om me risikerer å gå tomme i Europa. Ein stor reserve av litium finst mellom anna i Karleby i Finland, men drifta har ikkje starta. 

            Grafitt er også eit mineral det er bruk for i den nye teknologien. Grafitt blir bruka til å laga anodar til bilbatteria, og på Senja finst det faktisk ei slik grafittgruve. 
            Miljøvennleg teknologi er noko mange har lyst på, men ein treng altså gruvedrift for å få opp stoffa ein treng i produksjonen, men kven ønskjer det i nærområdet, spør Svensen. Terrenget blir endra for alltid, og store mengder knust stein må lagrast, anten på land eller til havs, med endringar av økosystem og fare for sur avrenning. 
            Men det finst ikkje nokon veg utanom denne gruvedrifta, seier Svensen, for grunnstoffa me finn der syner veg til framtidssamfunnet. 


            Og denne datamaskinen som skriv desse linjene, består vel omtrent av det same om Svensen sin maskin, og då inneheld den mellom anna aluminium, arsen, barium, beryllium, kadmium, krom, kobolt, kopar, gallium, gull, jern, bly, mangan, kvikksølv, palladium, platina, selen, sølv og sink.
            Takk for følgjet så langt til deg som les dette; håpar du blir med vidare!

D100/122-123



18. november 2016

Eit liv utan den sterke leiaren



Då eg tidlegare i år skreiv nokre artiklar for Universitetet i Stavanger der eg intervjua forskarar som dreiv med teoretisk fysikk og astrofysikk, kom erkjenninga over meg som eit slag: Eg – me alle – er ein del av kosmos, av universet! Og nettopp det er kimen som gjer arbeidet til desse folka så veldig interessant, fordi dei mellom anna er opptatt av kva som skjer i botnen av alle dei fenomena me ser der ute. Eller inne.

Av dette kjem også at me er ein del av naturen, og lukkelegvis har me forskarar som går inn i delar av denne verda også, som kan koma ut til oss andre med erkjenningar me kan bruka i kvardagen.

For i dag er det ti dagar sidan presidentvalet i USA. Millionar av menneske set si lit til ein sterk mann, og håpar at han anten skal skaffa dei ein jobb, eller sørga for at nabolaget er reint for alt som minner om mangfaldselement. Eg les analysar skrivne av alle dei som prøver å forstå, men kjenner likevel på at viss eg hadde budd i USA akkurat no, og altså hadde fått denne mannen som min president, så måtte eg ha sytt for at kvardagen min var mest muleg kjemisk fri for påverknad frå denne «politikaren». Og dermed finn eg styrke i ein liten notis i dagens bok. 


Det handlar igjen om mauren. Maur vandrar i kolonnar gjennom skogen for å samla så mykje mat som muleg og har ikkje tid til å vika for noko. Men kva viss dei så støyter på eit hol i skogbotnen? Jo, så kravlar dei oppå kvarandre til dei dannar ei bru og når alle har passert, så forsvinn brua. Maurane har altså ein kollektiv intelligens, som forskarane lar seg imponera av. Ingen leiar fortel maurane kva dei skal gjera når dei lagar brua, samstundes som dei vurderer omkostningar og fordeler.

Mauren er ein del av naturen, slik mennesket er det. Me må finna tilbake til den kollektive intelligensen vår.

D99/17



11. november 2016

Dei akademiske slitarane



I september var det forskingsdagar i heile landet. Det er akademias store formidlingsprosjekt, der dei møter folket med det dei har forska på sidan sist. Éin av dei beste ideane på lenge, var det Universitetet i Stavanger som sto for. Dei bestilte rett og slett ei av vognene på eit heilt vanleg tog til Egersund, og inviterte med seg alle som ville til å høyra professor Inge Særheim fortelja om stadnamna langs Jærbanen. Det blei ei feststund av dei sjeldne for dei som er interessert i kunnskap. Så mange møtte fram, at fleire vogner måtte takast i bruk. Så der sat me, med blikka flakkande over det flate jærlandskapet, tok ein liten prat med folka rundt oss innimellom, medan Særheim med sin vakre jærdialekt losa oss gjennom. Og dermed er me over på dagens tekst. Då Særheim var hovudfagsstudent på 1970-talet i Bergen samla han nemleg inn 2500 stadnamn langs jærkysten. Etter å ha supplert utvalet litt, og lagt seg til ei litt meir folkeleg tilnærming enn det hovudfagsarbeidet la opp til, gav han ut boka Jærstrendene. Namn og stader i fjor. Tidlegare har namnegranskaren gjeve ut boka Stadnamn i Rogaland


            Eit stadnamn er ei adresse som hjelper oss å lokalisera og identifisera ulike punkt i terrenget. Men mange namn skjuler også hendingar som skjedde for fleire hundre år sidan, fortel Særheim til Aftenbladet. Namnet Ofeliasteinen til dømes, er staden der dampskipet «Ophelia» forliste 8. januar 1880.
            Men like viktig: Stadnamn er av dei eldste språklege kjeldene me har. Ein reknar med at dei eldste namna for framleis er i bruk i Noreg i dag, blei tatt i bruk for 3000-4000 år sidan. Dette er med andre ord kulturhistorie på sitt beste!


            Eg kallar dei dei akademiske slitarane i tittelen. Det er noko med desse veteranane som held oppe ei slik fagleg interesse gjennom år etter år, og som i tillegg har dette genet at dei klarer å formidla det vidare til oss andre. Og ikkje minst at det no ligg eit verk der i bokhylla som alltid er tilgjengeleg når ein lurar på tydinga av eit namn ein har støtt på langs ein tur på jærstrendene. 

            Kva Jæren betyr?
            Det kjem frå gamalnorsk og betyr kant eller rand (ned mot sjøen).
            Så veit du det!

D98/42-43