25. august 2017

Nyord



Det blir fleire og fleire hundreåringar blant oss. Tenk alt dei har opplevd, alt det nye dei har måtta ta stilling til! Men det gjeld jammen meg oss som har gått halve distansen også. Eg har kome til data-boka i samlinga mi. Når ein set si ære i å vera litt sjølvhjulpen på dette med data og oppsett og slike ting, så innser ein at det har snike seg inn ord, som ikkje naudsynleg er ein del av daglegtalen, men som likevel har prega liva våre på ein heilt grunnleggjande ny måte. 

Kjenner du deg igjen i dette, henta frå ei bruksrettleiing for ruteren min?
            DMZ
            A Demilitarized Zone is used to provide Internet services without sacrificing unauthorized access to its local private network. Typically, the DMZ host contains devices accessible to Internet traffic, such as Web (HTTP) servers, FTP servers, SMTP (e-mail) servers and DNS servers. 


D139/159


18. august 2017

Gründererfaring



Denne veka sto det ei sak i Stavanger Aftenblad som fanga interesse. Ein ny rapport syner at nyetablerte bedrifter skaper nærare to av tre arbeidsplassar i privat sektor. Og det er ikkje snakk om store industribedrifter, men ein haug med veldig små bedrifter. Professor Torger Reve meiner me nordmenn ikkje lukkast særleg i å utvikla nye, globale vekstbedrifter, og at me heller må vri innovasjonspolitikken mot å følgja dei små gründerbedriftene endå betre. 

            Det er noko livgjevande med å gjennomføra draumen om å starta sitt eige. Det er gudegneist i fri utfolding! Entusiasme kopla med uthaldenheit og ei sterk tru på at dette er vegen å gå for akkurat deg. Eg blei invitert til å halda eit føredrag for nye etablerarar på Rennesøy. Eg fortalte om den første spira, til alle moglegheitene som opna seg undervegs, men også sidespora. For meg har magekjensla vore eit heilt vesentleg styringsverktøy i kvardagen, noko eg trur eg har felles med mange andre gründerar. 
            Eg fekk lyst å dela eit slikt sidespor, henta frå foredraget eg heldt ein junidag i 2006:


            «Me blir opplært til som etablerarar at me skal ha fokus på kunden sine behov. Og det er viktig, ikkje misforstå. Men mi erfaring er at ein ikkje må gløyma sine eigne. Eg blei oppringt ein gong av eit firma i byen, der dei trengte ein person til å steppa inn for ei som skulle ut i svangerskapspermisjon. Eg burde ha ant det med ein gong – det første eg blei møtt med når eg kom til intervju, var at vedkomande syntest at radiostemma mi var så fin. Det er sjølvsagt kjekt å høyra, men etter kvart i intervjuet var det stort sett hans og firmaets planar som var fokus, og eg skjønte ikkje heilt kva eg skulle der. Men jobben var likevel spennande, så eg bestemte meg for å tenka vidare på det. Så ein morgon, klokka var fem, og eg spratt opp i senga. Plutseleg sto det klar for meg at dette ikkje var jobben for meg, og eg sende ein mail og sa nei takk. Jobben låg rett og slett ikkje i den leia eg hadde staka ut, og eg var glad for at eg fekk rista det av meg.
            (…)
Spora du skal gå kjenner du igjen ved at dei gir energi. Det er ikkje tyngande, ein får gode idear og pågangsmot.»



            Eg avslutta med desse orda, som var retninga for mitt eige gründerliv:
            «Eg ønsker å gi folk trua på livet. At det er eit poeng med at me er her. Og at dette ikkje er ein ventestasjon til døden. Men at livet er og blir ein arena der me skal erfara stadig større versjonar av oss sjølve. Livet er vekst for forandring. Det gir etablerarlivet rikeleg høve til.»
            Har du ein gründer i magen? Hopp ut i det!

D138/134-136


11. august 2017

Om å få eit prosjekt ut i verda



Ideen om å starta noko eige var der, og derfor var invitasjonen til å vera med på Etablerarskulen for kvinner i Rogaland velkomen der den dukka opp på midten av 1990-talet. Tove Marberger var éi av dei som losa oss gjennom den første samlinga. Ho fortalte om stadia i eit prosjekt, med utgangspunkt i gudsnamn eller planetsymbol. Den mytologiske tydinga av Saturn, til dømes, er den første gneisten, den inste kjernen til ideen din. Dette samsvarar til sjølvaste «Eureka» i eit prosjekt. Så kjem Jupiter som representerer den fullenda forma, den fullkomne oversikten. I eit prosjekt er dette stadiet der ideen blir vidareutvikla og blir prøvd  ut. 


            Mars er der med si mobilisering og kraftutfolding. Det inneber førebuingar til å bringa ideen ut i live, og det inneber mellom anna å søkja etter medspelarar og støtte.
            Sola! Her skjer den eigentlege fødselen, her tar ein steget frå ideanes verd og ut i den fysiske verda. I etablerarspråk er det her bedrifta blir oppretta, og produksjon og sal startar.
Venus  innbyr til å lytta og tena. Her tenkjer bedriftseigaren (eller bør): «Kva meiner verda om meg og mine produkt». 



            Kvardagen med Merkur: Den endelause og mekaniske gjentakinga av det same. Her er det masseproduksjon, automatisering og den grå kvardagen som gjeld.
            Månen: Rutinar tar overhand, ein gløymer kva bedrifta er til for. Bedrifta «sloknar» dersom ikkje den opprinnelege ideen blir gjenoppdaga eller omdefinert.
            Så viss du går rundt med planar om å etablera eit prosjekt; vær så god, her har du ein veg; presentert av Tove Marberger. Den hjalp for meg!

D137/8