31. mars 2017

Posttraumatisk vekst



Eg lærte eit nytt omgrep i går; posttraumatisk vekst. Det gir meining, så mykje meining at det no er skrive ei bok om det, og det var lanseringa av den eg dumpa oppi i går. Eller; som eg alltid gjer når ein hovudstadstur står for døra: eg pløyer programmet til utvalte kulturaktørar, og Litteraturhuset er ein av desse. Der sto det altså svart på kvitt at det skulle vera lansering av boka Å endres gjennom smerte – historier om posttraumatisk vekst. Arrangør var Landsforeningen uventet barnedød (LUB), og det er her linken min ligg i høve til dette bloggprosjektet, men i dag ventar eg med detaljane for denne koplinga heilt til slutt, og så skal eg i staden fortelja deg litt frå den boklanseringa i går, som varte i to samfulle timar, og som gav meg mykje eg kunne ta med meg vidare i marskvelden. 

            Det er ei intervjubok, får me vita. To av redaktørane, Kristiane M. Hansson og Trine Giving Kalstad har sitt daglege verke i LUB, medan Kjersti Wold er hyra inn som forfattaren i dette. Kristiane fortel i sine opningsord at boka er eit møte med sju menneske som fortel om den veksten og modninga som har skjedd etter hendingar dei har vore utsette for. Hendingane kan både handla om tap av helse, eller tap av kjære personar. Dei krevjande prosessane som skjer i den reorienteringa personane går gjennom etter hendingane, er det boka handlar om. 

            Endring er den raude tråden i boka. «Eg har endra meg, blitt ein annan», er ofte omkvedet etter erfaringar om kva som skjer når ein har opplevd store tap. Men, poengterer Hansson, dette med at ein har endra seg, erstattar ikkje det vonde, og det er viktig å få fram. 

            Ho syner oss eit lysark og forklarar oss at posttraumatisk vekst har mange uttrykk, og omfattar mellom anna dette; nye mestringsstrategiar, eksistensielle spørsmål, nærare relasjonar, større forståing for andre menneske, personleg styrke, dei nære tinga blir viktigare, nye vegval, nye verdiar, kjem tettare på livet, blir betre kjend med og trygg på seg sjølv,, andre prioriteringar og nytt engasjement.
            Samstundes er posttraumatisk vekst (PTV) eit samansett omgrep. For det kan vera komplekst og paradoksalt, og kanskje også provoserande, for det er nemleg ikkje alle som opplever å veksa på ei krise. Men utgangspunktet er altså at det skal vera rom for også å kunna snakka om dei «positive» konsekvensane av vonde livshendingar. 

            Eit lite mellomspel, for opp på scena kjem Hans Christian Lillehagen, som er generalsekretær i ExtraStiftelsen. Det er nemleg slik at det er ein liten prosentdel av overskotet til Norsk Tipping (som vel dei fleste av oss er med og støttar innimellom), som går til ExtraStiftelsen, og som går vidare til ein haug med prosjekt som får støtte over heile landet. Gode idear som byggjer kunnskap er mantraet, forstår me, og nettopp LUB har sendt mange gode søknadar oppigjennom åra. Boka Å endres gjennom smerte er ei bok som byggjer kunnskap, seier Lillehagen. 

            Kjersti Wold, forfattaren som er éin av tre redaktørar av boka, snakkar om litterære medisinskap når ho inviterer oss inn til refleksjon om kva vekst er. Ho meiner at vekst handlar om å bli betre til noko, eller bli meir sanne. Alle kriser gjer at ein kjenner seg uttrygg, samstundes som det handlar om å gå til den staden det gjer vondt. Ho presenterte diktet Ett er nødvendig av Hans Børli for oss. Der skriv han om å gå inn i mørkret og pussa sotet frå lampa. For viss du ikkje pussar bort sotet, så blir det mindre og mindre ljos, og slik kan det skje at sorga maskerer seg. (Kjersti Wold er også dagleg leiar i Noesis – senter for kreativitet og kommunikasjon, besøk dei gjerne på noesis.no.)

            Gertrud Sofie Hofstad og Johan Siqveland er dei to fagpersonane i prosjektet. Gertrud var der på opninga, ho er psykolog og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho inviterte oss inn i den japanske kunsten kintsugi for å finna parallellar i andre kulturar til historia om at dramatiske hendingar kan påverka personar positivt. Kunstforma kintsugi går ut på å reparera keramikk med ein spesiell type emalje tilsett støv av gull eller sølv. Tanken er at nettopp desse reparasjonane utgjer ein viktig del av historia til gjenstanden, og ikkje er noko ein skal sløra til. Det var eit vakkert eksempel. Bær dine sår med ynde!  (Les meir om kintsugi på wikipedia.)

            Posttraumatisk vekst (PTV) har ein snakka om i rundt 20 år, fortel Hofstad og det var psykologane Richard Tedeschi og Lawrence Calhoun som lanserte omgrepet, etter at dei i sitt arbeid med sorgterapi skreiv om positive endringar hjå personane dei møtte. Men PTV er altså noko som har lange røter, men ei kort historie. Hofstad trekk trådar tilbake til oldtida, og etter krigen har bøkene til Viktor Frankl vore sentrale; han snakkar om vilje til meining og kor viktig dette var for dei som blei internerte i konsentrasjonsleirar under krigen. No skjer det masse forsking på posttraumatisk vekst, får me vita.
Veksten og modninga mange erfarer etter PTV kan samanfattast i tre område; synet på seg sjølv, relasjonar og synet på livet. For mange er det eit komplekst omgrep. Mange kan få skuldkjensle når dei faktisk opplever noko positivt koma ut av det som er negativt.

Så var det pause med kanelbollar og kaffi, før Trine G. Kalstad inviterte to av dei sju personane som har bidrege med historiene sine til boka opp på scenen. Livets nye målestokk – om krafta i smertefulle erfaringar, kalla Kalstad denne delen av programmet, og losa oss godt gjennom samtalen med Unn Fossdal og Jon Schultz. Fossdal og mannen mista sonen Anders i krybbedød for snart 50 år sidan, medan Schultz og familien opplevde at sonen Olaf tok livet av seg i 2011, 19 år gamal. 

Historiene deira gir oss ein peikepinn på at det kostar å finna fotfestet igjen, etter slike altomfattande hendingar som ramma dei. Det er mellom anna tid til å ta livet av mange klisjear, slik eg forstår dei. Sjølv om den mest tydelege av munnhella, at livet går vidare, faktisk møter dei med det eg oppfattar som ei naturstridig naturlov. Men kva med rådet om å ta ein dag om gongen? Det er alt for ambisiøst, fortel Fossdal og Schulz. Fordi smerta set seg så intenst i kroppen, så handlar det i starten meir om å koma seg gjennom minutt for minutt; ha ork til å setja den eine foten framom den andre. Men så, etter kvart, blei det viktig å ha noko å sjå fram til, noko å gleda seg til, noko med meining i. 

Det er snart 50 år sidan Unn Fossdal og mannen mista barnet sitt i  krybbedød. Det var ei heilt anna tid med ein streng kodeks for å visa sorg. Både Fossdal og Schultz vil ta livet av ideen om SORGÅRET! At ein må koma seg gjennom dei ulike sesongane, og etter det så er ein liksom ferdig. Det er løgn! meiner dei. Dessutan må ein leggje bort spørsmålet om rettferd, meiner dei to. Livet er brutalt, og det er ikkje rettferdig. Og dei slit med skuldkjensler, sjølv om alle rundt fortel at det treng ein ikkje ha. Men det har ein altså; skuldkjensle. For at viss  ikkje eg hadde lagt barnet på magen, så hadde det ikkje dødd. Eller: viss me var heime og ikkje på ferie i Afrika, så ville ikkje 19-åringen tatt livet av seg. 

Oppi alt handlar det om å finna ei historie som du har tru på.
Og: Livet blir veldig nake etterpå. Det er veldig mykje som ikkje betyr noko lenger. Det blir veldig opptatt av korleis dei brukar tida si. Mottoet til folk i salen:
Bruk tida!!!

Marthe Haaland Wang gjorde mellom anna det med uendeleg vakker song. 

Til slutt var tida inne for at generalsekretæren i LUB, Trond Mathiesen, kunne dela ut blomar og bøker til dei sju bidragsytarane, som altså alle reflekterer over tap, om det gjeld nære personar eller tap av helse. Eg tar med lista på dei sju her: Marthe Reienes. Jon Schultz, Anne Grethe Solberg, Hege Sundquist, Ingvard Wilhelmsen, Linn Stokke og Unn Fossdal. 

Kva er så min link til dette, og til arkivet mitt?
Jo, på 1990-talet ein gong sat eg i styret i Sør-Rogaland Korforbund saman med Thorbjørn Kjærstad. Me laga informasjonsblad saman om korsongen, og gjorde det på pc-en hans heime på Bryne. Der blei eg kjend med han og kona Julia. Rundt år 2000 kom han med eit spørsmål; då var han blitt leiar av landsstyret til Landsforeningen til støtte ved krybbedød. Dei hadde i ein overgangsfase behov for nokon som kunne redigera medlemsbladet Oss foreldre imellom. Og slik blei det, i boka mi for denne veka er den høgtidelege kontrakten med underskrifter lima inn. 


Slik kom eg i kontakt med denne flotte gjengen i det som no heiter LUB, og no var det altså snart 15 år sidan eg hadde sett dei; Trond, Trine og Unni. Framleis travle, framleis aktive, og framleis ivrige på å få ut ny kunnskap! Denne bloggposten skriv eg til ære for dei og det arbeidet dei gjer, og kjøp gjerne boka. Du får den i abstrakt forlag, eller i bokhandlarar landet rundt.
        
Kriser kan me alle oppleva. Den gode nyheita er altså at det kan – eg presiserer kan – koma noko godt ut av det.

D118/5


24. mars 2017

Mange bekkar små gjer ei stor å



Det blei tatt i bruk sterke ord då Kveldsnytt surra over skjermen i går kveld. Dette var det Ingerid Stenvold sa i introduksjonen til innslaget frå down under, altså Australia: «Det må ein krig mot global oppvarming til for å redda verdas korallrev. Det viser ein studie av eitt av dei mest kjente; Great Barrier Reef i Australia.» Bileta som følgjer er flyfoto av bleike, øydelagde korallar. Elefanten i rommet med tanke på å ta betre vare på Great Barrier Reef  heiter å gjera noko med klimaendringane, seier Terry Hughes som blir intervjua i innslaget. Studien dei har laga viser at lokale tiltak ikkje lenger er nok. Ein kan ikkje beskytta korallrevet mot klimaendringane. Det må gjerast noko med klimagassutsleppa. Dei lokale tiltaka med å betra vasskvaliteten eller hindra turistar frå å fiska, nyttar ikkje, seier forskarane. Det er klimaendringane det må gjerast noko med, og tida er knapp. På berre19 år er det oppdaga fire store av det dei kallar korallblekingar, og det urovekkande no er at tida mellom desse tar kortare og kortare tid, og diverre, for korte til at det kan rettast opp, forklarar Hughes. Ein konsekvens av alt dette, er at den betydelege turismen ein så langt har sett til desse områda, snart må ta slutt. 

            Desse 19 åra er omtrent dei åra som har gått sidan eg var så heldig å få besøkja dei same korallreva. Koplinga til Australia i dagens bok fann eg i eit ruta skjema som syner fordeling av inntekter og utgifter for året 2000. Under «diverse» står Australia, der eg sette av tusen kroner i månaden i fleire år for å peila inn dei olympiske leikane i Sydney same året. 


            Australia som reisemål kom fire år tidlegare. Søstera mi, Ingeborg, var keeper på Klepp og litt inn og ut av landslagstroppen. Denne søndagskvelden i 1996 hadde ho sete på jobben sin utover kvelden og spikra karrieremål. Då måla var sådd på eit lite stykke papir, tok ho turen innom meg i leilegheita i Stavanger og fortalte kva ho hadde kome fram til. OL-gull i Sydney 2000 sto øvst på lista. Viss det er målet ditt, så skal eg vera der når det skjer, sa eg til henne. 

            For å gjera ei lang historie kort: Eg var der, den gylne kvelden i Sidney då Ingeborg kunne hengja gullmedaljen om halsen, etter tidenes golden goal-kamp med eit norsk lag i ein finale (golden goal = første laget som skårar vinn viss resultatet er uavgjort etter full tid). Etter den første veka i OL-byen, hadde eg og kjærasten framleis tre veker å utforska austkysten i Australia på. Turen gjekk til Brisbane, og vidare til Great Barrier Reef, der verda opna seg med uendeleg skj    ønnheit. Eg prøver å ta innover meg at store delar av dette no er i ferd med å døy ut. Tenkjer på den lange flyturen eg hadde ned der, og som bidrog til litt av klimagassutsleppa. Lukkar eg augo, er eg plutseleg tilbake i Sidney. Og like kort tid tar det altså for at levande system kan døy ut. 

            Så til erkjenninga; eg kan røysta på parti som tar klimaet på alvor, som tør å gjera upopulære tiltak. Og eg må gjera det EG kan. Eg prøver å fly mindre. Setja pris på å reisa sakte. 

            Mange bekkar små gjer ei stor å. Noko også Norges Bondelag har tatt inn over seg.

D117/150


17. mars 2017

Om å erobra nye rom



Ei prosaisk timeliste har potensiale i seg til å opna nye rom. Slik var det i alle fall for meg den dagen hausten i 1998 då eg fekk ein telefon frå sjefen i Kielland-jubileet, Kurt Kristensen. Året etter skulle Alexander L. Kielland bejublast på alle måtar, 150 år etter at han blei fødd i Stavanger, som næraste nabo til Kongsgård og Breiavatnet. Eg hadde kome fram til eit slags vegskilje i NRK Rogaland, kjende på eit behov for å gå litt meir i djupna på ting, og Universet svarte altså med denne informasjonsmedarbeidarjobben i Kielland-jubileet. 


Ein møter av og til på folk – og kjenner du etter så har du kanskje vore der du også –
 som ber på ei slags frykt for å opna nye rom. Ikkje minst fordi det inneber å lukka andre. Men er det det ein gjer; lukkar dei andre romma? Er det ikkje meir slik at ein tar med seg alt ein har erfart inn i det nye, og at dette samla opnar for nye erfaringar? Og at relasjonane våre fungerer på same måte? I dag har eg bursdag, og dagen opna med ei sorgtung kjensle, for ho som bar meg fram til livet er ikkje her lenger. Det rommet ho erobra kjennest veldig tomt ut på slike dagar. Men slik du må ha ein jobb for å tena pengane til å betala husleiga, treng også sjela næring, den treng gode rom å boltra seg i. Potensialet til å etablera desse romma, ligg i oss. Det handlar om å ha næringsvett, bestemma seg for kva ein ønskjer å oppleva. Og det er her ein samlar erfaring frå alle dei andre romma; dei peikar ut ei retning for dei nye erfaringane. 

Sjela veit at ho fortener gode rom.
No er ho her for å erfara dei gode romma.
Det er derfor me er her.

D116/134

10. mars 2017

Gunnar Berges gode råd



Honorarkrav og lønsslippar er vanlegvis anonyme greier. Eg avvikla den eine Formiddagslokalen etter den andre i NRK Rogaland på 1990-talet, men berre glimtvis klarar minnet mitt å fanga opp kva sakene dreidde seg om. Men så føreslo eg å laga ein del seriar som blei sendt i Ettermiddagslokalen, og i desse honorarkrava trer det fram namn, og minneverdige augneblinkar. «Eg vil ikkje sakna arbeidet, men folka eg arbeidde med», seier ofte folk når dei skiftar jobb. Og dette er det eg saknar aller mest med NRK-jobben; alle folka eg fekk møta. Det er i desse analoge møta magiske ting skjer, og mange møte levde i meg lenge. Og kanskje det viktigaste av alt; nokon formidla vidare gode råd som eg tok med meg vidare i livet.

Eg fekk ideen til serien «bli ved din lest». Tanken var å bli med stort sett kjende rogalandsnamn til dei tidlegare arbeidsplassane deira. Slik var eg mellom anna med Svein Fjellheim, AP-politikaren frå Stavanger som også sat ein periode i gjengen rundt Jens Stoltenberg då han var statsminister. Fjellheim hadde ei fortid som pølsemakar! Kari Thu, den første kvinnelege ordføraren i Stavanger, Høgre-dame, tok eg med tilbake til Hundvåg skule der ho var lærar i si tid. Og så fekk eg innpass hjå Gunnar Berge, og tok han med tilbake til Rosenberg verft, der han starta arbeidslivet sitt, før fagforeiningsarbeid fekk han inn i bystyret i Stavanger, og derfrå vidare til rikspolitikken. I går kom jo nyheita om at dei smilar breitt på Rosenberg igjen, etter nokre tunge år.

Rådet Gunnar Berge gav meg og lyttarane i dette intervjuet har vore ei fin rettesnor, og det kjem ofte til meg i desse dagar der det er masse fokus på den skeive fordelinga av kapitalen i verda. Det er jo ikkje til å begripa at dei 7-8 rikaste i verda eig like mykje som 2 milliardar (eller kva det no var) av dei med minst å rutta med. 1 milliard kroner er jo berre småtteri for desse folka, men la oss ta tak i denne summen. Ein sum som også er knytt opp til nyheitene den siste veka, for dette er jo summen den norske regjeringa vil leggja inn i den norske transportplanen framover. Altså: la oss seia at du tener 400 000 kroner i året. Du må arbeida i 2 500 år for å klara å tena éin milliard kroner!!! 2 500 år! Og kva med alle dei som lever for rundt éin dollar dagen? Då eg sjekka internett no, så låg dollaren på 8, 591 kroner. Viss me gangar det med 365 dagar, så blir årsløna på 3 135 kroner. Desse må arbeida i – held deg fast no! – 318 979 år for å koma til summen 1 000 000 000 kroner.

Det er altså i dette perspektivet Gunnar Berge gir håp for dei fleste av oss. Han var jo både finansminister og kommunalminister, og visste kva han snakka om. No hugsar eg ikkje ordrett korleis han ordla seg, men rådet er like klart: For å bli rik treng du ikkje å tena mykje, men bruka lite. For min eigen del kan det også omskrivast til å gjelda fridom. For å bli fri treng du ikkje tena mykje, men bruka lite. Eller: ta utgangspunkt i behova dine, og ikkje bli freista av alt det du kan bli freista av. Livet kan fort ta av viss du snur rundt på munnhellet om å setja tæring etter næring. Prøv heller å setja tæring etter næring. Det kan bety at du må kjenna etter kva du har lyst til, men det er verd det! Og ha tillit til at det ordnar seg.
D115/101