Den såkalla Napoli-kvartetten, eller
Ferrante-kvartetten er ute med si fjerde bok i norsk omsetjing. I ei tid der
mange har forkynt romanens død, er heile dette diktverket eit eineståande
eksempel på at romanen lev i beste velgåande.
Elena Ferrante er undervegs i
lanseringa av dei fire bøkene blitt intervjua, og seier dette i eit intervju
med Stavanger Aftenblad om det berre er romanen som gjeld for henne:
«Eg les mange sjølvbiografiske tekstar, private tekstar, dagbøker og forteljiingar. Den italienske tradisjonen er full av slike. Det som interesserer meg mest, er tekstar som ikkje imiterer kultiverte uttrykksmåtar; eller endå meir, dei tekstane der skrivaren er i affekt, slik at dei forseggjorde formuleringane forsvinn. I slike tekstar leitar eg etter ei uutforska ektheit som er verd å studere, verd å lære av. Eg må tilstå at romanens død ikkje interesserer meg. Eg er meir opptatt av litteratur som blir opplevd som ekte. Slik skriving er krevjande, og stadig sjeldnare, men samtidig det einaste som kan bevise, slik at meiner Knausgård gjer, at romanen ikkje er død.»
Og i debatten om røyndomslitteraturen, der særleg
Vigdis Hjorth si siste utgjeving Arv og miljø
er blitt diskutert denne hausten, er det nettopp dette argumentet som står
tilbake: Kvart einaste ord i denne boka kjennest som det er ekte. Du får ikkje
meir levande litteratur enn dette, og derfor må me takka for at me som les har
fått tilgang til den!
D96/4-6