30. juni 2017

Det gjeldfrie året



Eg veit ikkje kva høve du har til det talet som står fremst i fødedatoen din, altså datoen i den månaden du er fødd. For meg har det fort blitt eit tal eg vel til ulike ting (nei, ikkje til passord!), og når det då kjem eit heilt år med dette talet i, så er det som om høgdepunkta står i kø. Til dømes er det tolv eksemplar av datoen 17.x.17! Ok, litt nerdete, men slik er det no. 


            Når eg blar opp i dagens bok, må det likevel ha lege der i bakhovudet dette året, 2017. Som eit frigjerande år liksom, året der alle lenker er brotne og eg kan segla ut i verda som ei FRI KVINNE! For det står der, svart på kvitt, i lånebrevet frå 1999 der me hadde tatt opp den noble summen av 775 000 kroner til vårt første huskjøp. Det var hausten 1999 og langt der framme, i 2019 var det først, står saldoen rett og slett på 0! Etter diverse restruktureringar av lånet var 0-saldoen i 2005 sett til 2017!
            Men no når året er her, så er eg altså IKKJE gjeldfri! Tvert imot, det har est ut, og eg veit ikkje om målet er nokon gong å få det ned på null igjen. 

 
            Kva i all verda var det som skjedde?

            Vel, livet banka på, med alle sine krumspring. Plutseleg måtte eg betala nokon ut. Plutseleg var det berre eg som skulle betala på lånet. Plutseleg måtte eg ta opp litt ekstra lån for å takla dei åra som kom. Har ikkje peiling på når siste avdraget er tenkt betalt no. Det får berre vera.
            Eg trur livet dessutan har lært meg at dei lenkene det er viktigast å løysa seg frå, ikkje handlar om pengar. Det er eit prosjekt som aldri blir fullført, men det ligg i MINE hender.
            Det er enormt frigjerande berre det.  
           
D131/6-7, 112-113


23. juni 2017

Påfyll til sommarguiden



Spanande turopplevingar står i rekke og rad no om sommaren, særleg viss ein er på farten. Men kanskje du skal ha sommargjestar, då er det plutseleg du som må ta på deg guidehatten og syna fram det me har. Me er jo inne i Luther-året – 500-årsmarkeringa for reformasjonen – som jo for oss nordbuarar var eit steg bort frå katolisismen. Men då landet vårt blei kristna, var det jo denne religionen, som tok landet vårt. Det skal handla om steinkors i dag, som mange stader i fylket vårt står som vitnemål om kristning frå vest. 


            Bur du i Stavanger er det næraste steinkorset du kjem det som står i inngangspartiet til Stavanger Museum på Våland (det er også eit høve til å nyta den første delen av oppussinga på museet). Eitt anna lett tilgjengeleg er på Krossberg, ved Hålandsvatnet.

            Artikkelen i Pluss i Aftenbladet frå 2006 tar oss med til Tjora i Sola kommune. Her står det to kors. Den tidlegare biskopen Fridtjof Birkeli meinte at steinkorsa og steinane med kors, sto i ein religiøs samanheng og at det var legitimt å trekka først og fremst religionshistoriske konsekvensar av det. Den eineståande konsentrasjonen av steinkors i Vest-Noreg syner at me har vore ein åndeleg «provins», intimt forbunde med dei britiske øyane også når det gjeld innføringa av kristendommen i landet vårt, skriv Birkelid. 

            Det er to hovudtypar av korsa som står i Rogaland, les me. Dei norsk-keltiske med retta armar og runde armholer, og dei norsk-angliske med store bua armholer. Dei ulike formene på korsa kan tyda på kulturell kontakt med ulike område på Dei britiske øyar, eller at steinhoggarane var knytt til ein særleg produksjonsstad. 

            Turen går vidare til Krosshaug i Klepp, her ligg det ein gravhaug, opprinneleg over 30 meter i tverrmål og 5-6 meter høg. Den gravlagde i gravkammeret var ei kvinne kledd i festdrakt. Steinkorset står midt i gravhaugen og blei truleg reist på 1000-talet, rundt 600 år etter at haugen blei bygt. 1000-talet var rundt tida då landet blei kristna, og ein tenkjer seg at Krosshaug kan ha vore ein av dei første kristne samlingsstadene i Klepp. 

            Ein skal ikkje så langt unna alltid, og la fantasien gjera sitt, så har me spanande historier i vår eigen bakgard!

            Fin sankthanskveld til alle!    

D130/91


16. juni 2017

Færøyane neste!



Det opna seg eit ferievindauge før sommarjobb og feriegjestane inntar juli. Så då berre bestemte eg meg; eg oppfyller ein ny draum om å koma meg til Færøyane. Skal først testa ut Fjordline sin båt frå Tananger til Hirtshals, før eg sjekkar ut den europeiske kulturbyen Aarhus i Danmark. Så vidare til København for å dufta inn den deilege lufta der, før eg tar fly frå København til Tórshavn. Så då passa det så godt at det låg ein artikkel om nettopp Færøyane klar for meg i boka som heiter Tur 2.
            No skal du få vera med på reisa gjennom artikkelen, så kanskje du blir frista du også?


            «Det blåser bris frå øst, det er skyfri himmel og perfekt turvær. For femten minutter siden var det regn og nordavind. Dette er en vanlig dag på Færøyene.» står det i ingressen på artikkelen. Du reiser altså ikkje til dette øyriket for å oppleva sol og varme!

            Øyriket består av 18 øyar, og er det tur du vil ha, så finst turopplevingane i hopetall, anten for fottur eller sykkeltur. Den storslåtte naturen ligg rett utanfor dei store byane eller bygdene. Det er registrert 300 ulike fugleslag på øyane, éin av dei, lundefugl, kan du visstnok også få på middagstallerkenen.
            Bil, buss, helikopter og hurtiggåande båtar eller store ferjer er transportmiddelet mellom øyar og bygder på øyriket. Mange tunnellar er også opna dei siste åra, også undersjøiske. 


            Turistrådet på Færøyane har lagt til rette for ei rekke fotturar på øyane, og sjølv om det ikkje er målet for min tur denne gongen, tar eg likevel med meg eit framlegg. For i brosjyren med 14 tilrådde turar meiner artikkelforfattar Odd Roar Lange at det er umuleg å unngå turen frå Tórshavn til Kirkjubøur. Kirkjubøur er proppfull av spanande historie, og heile vegen på 7 kilometer (2 timar) er ei spanande reise tilbake i tid. Den får eg lyst å plotta inn! 


            Sykkelturar er også nokon fleire og fleire ønskjer seg, og her er det lagt opp til 15 turar på øyane. For nordmenn som er vant til krevjande geografi, vil ingen av dei by på store problem. Rett nok går nokon av rutene gjennom nye eller gamle tunnellar, og då blir eg litt skeptisk kjenner eg, ikkje det mest behagelege det, altså.
            Så det beste; det er ingen språkbarrierer på Færøyene, dei fleste snakkar veldig godt skandinavisk og dei fleste trykksakene finst på dansk. For ikkje å gløyme: nordmenn er høgt skatta gjestar på øyane! No når Færøyane ligg på 80. plass og Noreg på 87. plass på FIFA (det internasjonale fotballforbundet) si rankingliste, gjer jo at det er ingen grunn til å bresa seg heller liksom, for oss, meiner eg.
            Eg gler meg til det irrgrøne graset, det flotte kulturlandskapet, sauene som beitar og først og fremst ta inn Tórshavn, og gjera research til ei ny reise ein annan gong.
            Ferie er ei veldig god oppfinning!

D129/34-36