28. august 2015

Sira Myhre, Sartre og kroppen


Det kan vera mange inngangar til ei sak. Som at nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre nettopp la fram strategiplan for biblioteka saman med kulturministeren. Dagens tekst handlar om søstera hans, Ingunn Sira Myhre, noko intervjuet også tar tak i; at ho er søstera hans altså. Men så går intervjuet med Ingunn Sira Myhre for rundt ti år sidan fort over i noko meir substansielt; og her kjem det inn ein annan inngang:
Eg nytta høvet i den deilege augustmånaden til å ta ein tur til Trondheim; ein flott tur gjennom mellom anna Gudbrandsdalen med Lavprisekspressen. Mens eg rusla rundt i denne flotte byen som var i ferd med å ta imot nye studentar, gjekk eg inn på Wangsmo Antikvariat og kom ut igjen med Væren og intet av Sartre, eit utval rett nok. Og som ikkje det er nok, les eg for tida også romanen Gjesten av Simone de Beauvoir. Sartre og de Beauvoir kamperte saman og blei på kvar sin måte viktige bidragsytarar til intellektuelt tankegods som framleis mange har eit sterkt høve til. 

Ingunn Sira Myhre skreiv hovudoppgåva si i filosofi om Sartre, og det at han var opptatt av medvit (”bevissthet”), at medvitet i seg sjølv er tomt, at det gir fridom, men at me flyktar frå denne fridomen. Sira Myhre var i oppgåva si mellom anna opptatt av likskapen mellom hans omgrep tomt medvit og den same tenkinga i indisk filosofi. Men så kjem det;  Sartre nedvurderer kroppen, og dette kritiserer ho han for. Dei kroppslege erfaringane våre utgjer ein viktig del av medvitet vårt, av eg-et, men Sartre såg på dette som annanrangs, fortel Sira Myhre i intervjuet og meiner at dei kroppslege erfaringane er viktige.
Og med spørsmålet ”Kva er det å vera eit menneske” i bagasjen etter hovudfaget reiste ho tilbake til heimbyen Stavanger for å bli ny leiar for nettverket for feministisk teori og kjønnsforsking, samtidig som ho skulle forska. Nettopp fordi omgrepet menneske så ofte har vore synonymt med omgrepet mann, er det eit poeng med kjønnsforsking, seier Ingunn Sira Myhre:
”Mye tyder på det, og dermed er det viktige erfaringer om å være menneske som er forsvunnet, eller ikke har kommet fram. Den filosofiske retningen fenomenologi er studiet av erfaringer på erfaringens egne premisser. Ut fra ønsket om at et begrep som ”menneske” skal være mest mulig sant, og reflektere bredest mulig det å være menneske, blir det viktig å studere erfaringer som tradisjonelt har vært knyttet til kvinner.”
Simone de Beauvoir og hennar bok Det annet kjønn danna forresten utgangspunktet for det forskingsarbeidet Ingunn Sira Myhre tok fatt på då ho kom tilbake til Stavanger.

Så kan ein fundera over korfor Sartre neglisjerer kroppen, og lar intellektuelle øvingar vera einerådande. Kanskje han ikkje hadde tilgang til erfaringane kroppen kunne gje han? Eigne erfaringar i livet har gitt meg prov på at kroppen sit inne med fleire svar på dårlege dagar, enn filosofiske utlegningar klarar å lækja. Og at det er mykje visdom på innsida av kroppane våre! Derfor drog eg kortet endå ein gong i går, etter å ha smuglest litt i boka på biblioteket, og kjøpte boka Sjarmen med tarmen av den 25 år gamle tyske forskaren Giulia Enders. Endeleg ei ung kvinne som fokuserer på noko anna enn det ytre! Les meir om boka her.

Ingunn Sira Myhre er forresten nå doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger – heiter visstnok Ingunyrsa Milia Mandt Larsen og prosjektet hennar blir omtalt slik:
””Nærværets didaktiske betydning – en studie av nærvær i estetiske og emosjonelle læringsprosesser”. Prosjektet belyser aktuelle betydninger av nærværsbegrepet innenfor estetisk og pedagogisk teori og praksis. På bakgrunn av systematisk og analytisk tilnærming til nærværsfenomenet, skal skisseres et begrep om didaktisk nærvær.”
 D35/37


21. august 2015

Om å knusa spegelen i ein valkamp



Det er valkamp og denne veka fekk me ein manøver frå leiaren i Framstegspartiet som me sjeldan får i vår lokale andedam. Eit stort sett samla storting har gått inn for å ta imot 8000 syriske flyktningar, men partileiar – og finansminister – Siv Jensen vil bruka valkampen til å be kommunane om ikkje å ta imot flyktningane. Det er eit lite halvår sidan me stort og flott feira Grunnlova, som slår fast prinsippet om at Regjeringa si oppgåve er å setja ut i livet vedtak Stortinget har gjort, og stakkars Solveig Horne, Jensens partifelle og regjeringskollega, som fekk ei slik lita delikat sak å kosa seg med i augustsola.

I gjennomgangen av ”dagens tekst” (som altså er ei stor bok med artiklar og anna eg har samla på, og som er utgangspunktet for desse bloggpostane; det er ikkje alle som har fått med seg det! – eg har over nitti slike bøker og går gjennom éi kvar veke) for veke 34 festar augene seg ved eit foto. Det er ein bestemt mann festa på eit lerret, og av samanhengen forstår me at det er ein storskjerm som er sett opp i Svenska Akademin i Stockholm. Høvet er utdelinga av Nobelprisen i litteratur i 2005. Mannen på skjermen er døyande, han hadde ikkje krefter til å koma til Stockholm for å ta imot prisen. Men han hadde framleis kraft nok i seg til å skriva ein skakande og rå tale. Prisvinnaren var Harold Pinter. Utgangspunktet for talen er korleis USA forstår rolla si i verda og korleis landet fyller den rolla. Men det er eit par samanfattande utdrag om politikarar og sanning – og verdigheit – som me kan ta til oss i den vidare valkampen. Utdraga er henta frå Dag og Tid, og det er også dei som har omsett det til nynorsk. 

”(…) Politikarar (…) er ikkje interesserte i sanning, men i makt og i å halde makta ved like. For å halde på den makta er det essensielt at folk forblir uvitande, at dei lever utan å kjenne sanninga, tilmed sanninga om deira eigne liv. Det som omgjev oss, er difor ein enorm vev av løgn som vi tek til oss.
(…)

Når vi ser i spegelen, trur vi at biletet som møter oss er korrekt. Men flytt deg ein millimeter, og biletet endrar seg. Vi ser faktisk på ei uendeleg mengd avspeglingar. Men somme gonger må ein forfattar knuse spegelen – for det er på andre sida av spegelen at sanninga stirer på oss.
Eg trur at trass i dei enorme oddsa imot, har vi alle ei grunnleggjande plikt som borgarar til å syne prinsippfast, urokkeleg, beinhard vilje til å definere den verkelege sanninga om livet og samfunna våre. Det er faktisk obligatorisk. Om vi ikkje har slik vilje i den politiske visjonen vår, har vi ikkje noko håp om å gjenreise det som nesten er tapt for oss – verdigheita til mennesket.”
 Noreg, også denne veka; ei twittermelding:
”På jobben min i dag fikk jeg besøk av seks syriske barn som kom hit i forrigegår. Vi spilte fotball og spiste is. Jeg hater Frp.”

Ønskjer med dette alle ein verdig valkamp.

D34/7


14. august 2015

Det vesentlege utgangspunktet



30. april i fjor var det biskopskifte i Tunsberg. Per Arne Dahl overtok etter Laila Riksaasen Dahl, som hadde vore biskop sidan 2004. Per Arne Dahl har nå landa i den såkalla homofilisaka. Han seier eit tydeleg nei til å via likekjønna par. Forgjengaren hans endra syn i homofilisaka. Det gjorde ho mellom anna etter å ha sete i Lærenemnda til Den norske kyrkja. Riksaasen Dahl gjekk inni Lærenemnda med ei oppfatning om at homofilt samliv ikkje kunne sameinast med å vera tru mot Bibelen, men så skifta ho syn. Eg sit her med ei ytring i Stavanger Aftenblad der ho skriv om kvifor ho endra syn. Det blir fort så lange ord i denne saka. Derfor skal eg nøya meg med nokre få setningar frå ytringa hennar. Av og til handlar det om å leita seg fram til det vesentlege. 


”Jesus Kristus er Skriftens sentrum; Alt i skriften må prøves på ham. Da jeg fulgte denne gode regel, ble jeg slått av at kirkens klassiske holdning til homofili ikke stemte med det mønster Jesus viste i møte med mennesker. De som av mennesker var satt utenfor, enten årsaken var kjønn, fattigdom eller sykdom, ble av ham løftet opp og bekreftet. Når de som hadde sitt på det tørre – fariseerne og de skriftlærde – gransket og anvendte Lovens bokstav, refset Jesus dem for ikke å ha grepet Lovens dypere mening: Kjærligheten til Gud og nesten. For meg har det vært tankevekkende at de skriftlærde i sin nidkjærhet tapte hovedpoenget av syne”.

”Kravet om seksuelt avhold for dem som har en homofil identitet, har opp til vår tid vært veien å gå for kirken. Når det gjelder de heterofile, tar Paulus høyde for at ikke alle har avholdenhetens nådegave. Hvordan kan jeg være med på å forsvare å legge byrder på andre, byrder som jeg ikke legger på meg selv?”
Laila Riksaasen Dahl, tidlegare biskop i Tunsberg


D33/9

7. august 2015

Fribybyen

Av alle merkelappar som er blitt festa på Stavanger oppigjennom historia; sjøfartsbyen, hermetikkbyen, oljebyen, matbyen; er det éin status som ikkje er så kjent – men byen er også fribybyen. For rundt ti år sidan overtok Stavanger som koordinator for alle fribyane i verda, og etablerte ICORN – International Cities of Refugee Network. Dette er altså eit nettverk av fribyar over heile verda som tilbyr forfølgte forfattarar skrivero og husrom. Eg fekk vera med å driva fribyarbeidet i Stavanger ein periode, og har dermed hatt eit ekstra auge til forfattarar som har kome og gått til byen. Det spesielle med det siste året, er at to av dei forfattarane me har hatt her i byen, har gått ut av tida, nemleg Mansour Koushan, og nå sist Chenjerai Hove frå Zimbabwe.



I september i 2004 blei det klart at Hove skulle til Stavanger, omtalt den gongen som Zimbabwes bråkmakar. Året etter hadde han sju månader bak seg i Noreg og blei intervjua av Stavanger Aftenblad. Han samla opp erfaringar om byen og arbeidet.

”Stavanger er som en baby som har alt den ønsker. Byen trenger noe å gråte over, noe å lengte etter”,
sa han. Og heldt fram: 
”Det er veldig behagelig, så behagelig at det blir forstyrrende. I Afrika protesterer vi alltid på noe. Av og til kommer ikke toget. Myndighetene er gjerne korrupte. Maten er dårlig. Jeg er ikke vant med at alt er ok. Blir livet for komfortabelt, stopper folk å tenke. Det er det som skjer her”,
meinte Hove og uttalte at eit sjølvtilfreds samfunn ikkje er bra for litteraturen, den treng sosial og psykologisk turbulens.


To lokale forfattarar frå Rogaland, Solveig Aareskjold og Helge Torvund, fekk høve til å kommentera utspela. Aareskjold er samd med Hove på i alle fall eitt punkt; at ein kan spora noko slapt; ein manglande vilje og evne til å ta tak i dei verkelege problema, dei underliggjande konfliktane og realitetane me står i. Helge Torvund på side meiner at Hove tenkjer for snevert om litteratur og det behagelege. Han viste sjølv til ei diktbok han hadde skrive om korleis Noreg deltok i Kosovo-krigen. ”Å vera i eit land som gjer noko så spinngale, kjennest ikkje særleg behageleg”, seier Helge Torvund.


Her kan du lesa meir om Icorn


D32/38-39