24. november 2017

Viking



I føremiddag tikka det inn eit nyheitsbrev frå Stavanger Aftenblad, med overskrifta Vikings fall! Sakte, men sikkert går det inn: Viking skal ikkje spela i eliteserien neste år. Sist gong det skjedde var i 1986, det betyr at eg har hatt gleda av å kunna gå på Viking-kamp kvart einaste år eg har vore i Stavanger.  Eg har ikkje alltid vore like tittgjengde, har vore litt medgangssupporter, har nok det. Men det har smerta meg når det eine poenget etter det andre denne sesongen har gloppe på overtid. Og eg jublar uhemma når dei skårar.

            I morgon lovar Stavanger Aftenblad ein skikkeleg Viking-pakke; dei har intervjua ein haug med folk og kanskje kjem me litt lengre fram mot eit svar på kva som har skjedd i Viking. For det kan nok ikkje vera så lett å vera kommentator i Aftenbladet heller. Viss du er litt interessert i Viking, så har du fått med deg at årets trenar fekk sparken tre serierundar før slutt. I fjor på denne tida var den same sparka trenaren framtida. For også i fjor sparka Viking trenaren: Kjell Jonevret. Gnissingane og usemja mellom Kjell Jonevret og klubbleiinga blei for stor, las me. No er det fornuftig at Ian Burchnall rykkar opp og overtar, skreiv kommentator Stig Nilssen. No er altså han også sparka. 


            For det er vel dette som  gjer det så fristande å sparka trenarar. Sjølvsagt er det dei som sit med ansvaret, og skal ta ansvaret for dårlege resultat. Men Stavanger Aftenblad set også så intenst si lit til at trenaren skal utøva mirakel. For ein sportsjournalist i Aftenbladet treng også eit håp; korfor driv ein elles på med sport? I kommentaren til Nilssen frå i fjor, les me at Jonevret ikkje hadde motivasjon til å følgja opp styret sitt mål om at halvparten av troppen innan nokre år skal bestå av eigenutvikla spelarar. Den rette personen til å takla denne situasjonen, er Ian Burchnall, skreiv Nilssen i fjor på denne tid. «Han har en filosofi som er i tråd med klubbens ambisjoner, er dedikert og veldig dyktig på treningsfeltet», skreiv Nilssen. Han nemnde også Bård Wiggen som aktuell for ei meir sentral rolle og overta fleire av oppgåvene Jonevret hadde. Han nemner også Brede Hangeland. 


            Eitt år seinare: både Burchnall og Wiggen er ute av Viking. Eg tørstar etter ein analyse i Stavanger Aftenblad som tar for seg alle dei som meiner noko om Viking, alle aksjonærane med pengane. Er det på tide å sparka nokon av dei?


            Eg må nok setja av litt tid til Viking-pakken i Stavanger Aftenblad i morgon. Kanskje løftar dei litt på sløret? Medan Brede Hangeland leitar etter nye trenarar.

D152/56-57


17. november 2017

Desperasjonen



            Du og Magel er like på den måten at de alltid har noko i nærleiken av dykk som de kan lesa i, sa mamma til meg ein gong. Sitatet kom til meg i dag då eg fann sitatet som er utgangspunktet for dagens bloggpost. For det  var jo slik det var. Måtte alltid sørga for å ha ein tekst klar, ein tekst som kunne gje kvile for forvirra tankar, eller hjelpa ein vidare med å setja ord på erfaringar. Så her kan eg kjenna meg igjen i sitatet frå Bjørn Gabrielsen, som er litteraturmeldar i Dagens Næringsliv.

            "Sannheten er at ingen starter å lese skjønnlitteratur av rent overskudd. Vi starter lesingen i desperasjon."


            Eg kan la auga vandra over bokhylla, og historiene kjem til meg om kor eg var i livet då eg las akkurat den og den boka. Dei står der som eit lappeteppe av livets erfaringar.

            Men så kom dagen der ting roa seg litt. Eg kunne gå inn i bøkene på jakt etter noko anna enn sjelebot, som eg har gjort denne veka med Maja Lunde si nyaste bok «Blå». Lunde er blitt ein stor norsk eksportartikkel med «Bienes historie». Med «Blå» lagar ho også ei forteljing som sakte, men sikkert glir inn i kroppen og der lev den vidare lenge.

            Maja Lunde tar for seg klimatrugsmålet i bøkene sine. For meg er ho ein dagens Alexander Kielland. Hans metode var å tenna opp eit bål, og så fylla ut persongalleriet ut frå korleis dei best gir bensin til bålet. Derfor kan du lesa Kielland i dag og kasta bøkene hans rett inn i debatten om æreskultur, til dømes.
            Tv-bileta frå Fiji slår mot meg; korleis eit høgare havnivå gjer at folk på mange øyar der, snart må seia farvel til landsbyane sine. Eller historiene frå Sør-Afrika om rasjonering på vatnet. Det er tid for å ta til seg ein ny type desperasjon.

            Maja Lunde er ein god stad å starta.

D151/17


10. november 2017

Kontakt

            Denne veka starta ein ny serie der Helene Sandvig i NRK flyttar inn på seks ulike institusjonar for å sjå korleis kvardagen er der. Ho starta på ei lukka akuttpsykiatrisk eining ved Blakstad sjukehus. Det blei ein fascinerande time, der det igjen slår meg at der det har svikta for dei som er hardast råka, er i kontakten med andre menneske. Eg trur det var denne veka eg også fanga opp ungdomane som hadde laga ein app der dei oppmoda kvarandre til å ta kontakt med folk dei ikkje kjende. Folk som kanskje var nye på ein skule. Krafta i dette kontaktpunktet er så kraftfullt, og kan gjera så stor skilnad!

 
            I ei tid der me også vurderer kva rang mennesket har over dyra, fall mine augo derfor denne veka på ein artikkel om villhesten som blei tam på 63 minutt. Drifur heiter han, hesten, og er seks år gamal. I desse seks leveåra har han aldri vore skild frå flokken sin, og han har aldri vore i ein stall. Derfor var oppgåva til «hestekviskraren» Sigrid Ritland å temma Drifur og la han bli glad i menneske, slik at han ikkje er farleg å vera saman med. Parelliteknikken heiter den; teknikken som gjer hestar trygge blant menneske, slik dei ikkje sparkar, steiklar eller vrinskar i redsle når barn hyler, bilar passerer eller folkemengder brølar.

            Mannevonde hestar er uheldige hestar med ubehagelege menneskeopplevingar, meiner Ritland. Éin time og tre minutt seinare sit Ritland på ryggen til Drifur og klør han på manken. 


            Kontakt er altså poenget, for menneske og dyr.

            Og med dette har eg passert eit nytt jubileum: dette er bloggpost nummer 150!

D150/72-73


3. november 2017

Det kjæraste ho eig



Kven ho er? Ta sats, ho heiter Rasolorazanaparany, og bur på Madagaskar. Ho var ein av mange som blei intervjua i ein serie som Aftenbladet presenterte. Dei reiste rundt i verda og snakka med eldre folk. Rasolorazanaparany er 70 år og har levd heile livet sitt på denne øya som har vore prega av statskupp og korrupsjon. Men det var ikkje desse historiske hendingane ho henta fram då ho blei spurt om kva som var dei viktigaste hendingane i livet hennar, nei det var då foreldra døydde. Dei betydde alt for henne. Det var dei som hadde gjeve henne livet. Kjærleik er den viktigaste lærdomen livet har gjeve henne; nestekjærleik og respekt. Ho får ikkje pensjon. Ho uroar seg for å bli sjuk, redd for at ingen vil ta seg av henne om ho skulle bli sjuk. Hadde ho fått velja livet på ny, så meiner ho det hadde blitt som det det har blitt. Ho skulle ønskt at ho fekk gå på skule, men ein sjukdom i ledda sette ein stoppar for det. 



            Så får ho spørsmålet om kva som er hennar kjæraste eigedel. Ho eig ingenting, seier ho. Så på det spørsmålet må ho svara «sjela».

            «Sjela er min kjæraste eigedel».   

    

D149/160-161