25. desember 2015

Viljestyrke



Siste bloggposten i år! Kvar fredag klokka 14 har eg formidla ein oppdatert refleksjon på det arkiverte frå arkivet mitt, dei såkalla Kina-bøkene. Prosjektet har hatt eit klart formål; at eg skulle klara å setja ein tidsfrist for meg sjølv kvar veke, utan at andre sto og venta på det eg kom med. Etter å ha halde meg til tidsfristar heile mitt yrkesaktive liv, ville eg rett og slett testa om eg var i stand til å gjera ein avtale med meg sjølv. Derfor er eg litt stolt av at eg har klart det. Dette er det jo mange av oss som prøver på; nettopp å setja oss mål som har ein verdi for oss også etter eit par tre frydefulle oppstartsveker. Derfor kviler blikket mitt på ein artikkel frå tidsskriftet som Universitetet i Oslo (UiO) gir ut, Apollon, frå 2008. Artikkelen slår fast i starten at nettopp viljestyrken er blitt dramatisk svekka i den norske folkesetnaden, og handlar om at psykologar ved UiO har tatt moderne teknologi i bruk for å hjelpa nordmenn til å nå måla sine. 


Professor Pål Kraft seier me lever i eit samfunn der alle ventar å få behova sine tilfredsstilt med ein gong. Denne svekka evna og viljen til å venta på løna kan få store følgjer for det einskilde individet, og enorme konsekvensar for samfunnet, seier han.

Men kva er så viljestyrke? Jo, evna til å overstyra umiddelbare impulsar for å nå eit mål på lang sikt, også kalla sjølvregulering på fagspråket. Ein kan sjå på viljestyrke som ein muskel, og den gode nyheita er at ein kan trena opp den mentale muskelen til å uthalda meir, slik ein gjer med dei andre musklane i kroppen. Pål Kraft skil mellom å vera i «hot state» og i «cold state». I hot state er du i ein tilstand der kjenslene styrer og svaret på å lindra ei kjensle blir å drikka eit glas vin eller å eta eit stykke napoleonskake. I cold state kjenner ein ikkje på kjensler som svolt, sinne eller nedtryktheit og dermed er det lettare å motstå alt det som fristar. Det syner seg at dei fleste som sprekk i ein ambisjon om å slutta å røyka, drikka og eta usunn mat, gjer det i ein fase der dei er fylt av negative emosjonar. Kraft syner til at halvparten av dei som blir rekna som overvektige, et for å kjenna seg betre.

Kva er så denne teknologien som skal hjelpa oss på veg i desse farefulle stundene? Jo, ein mobilteknologi der ein skodespelar les ein liten tekst, eit lite eventyr for vaksne. Etter fire-fem minutt har lyttaren fått eit kjenslemessig «løft» og dermed er det lettare å handla i tråd med dei langsiktige ønska. Det har store positive konsekvensar viss du har viljestyrke og sjølvkontroll, seier Kraft og syner til omfattande studiar om dette i USA. Dei som har sterk viljestyrke, er i stand til å sjå langt fram i eige liv og greier å opptre meir strategisk. 


Så bruk romjula til å setja deg nokre langsiktige mål. Ingenting er som eit nytt år å starta med dei klisjéfylte blanke arka, men det er faktisk sant! Mitt viktigaste råd? Du må berre starta,  ikkje tenk på sluttresultatet altfor mykje, men berre start, med eitt lite steg kvar dag, eller kvar veke  - alt etter kva prosjekt du har lyst å starta med.

Hovland i 50-bloggen held forresten fram neste år! Kina-bøkene er så langt nummerert til 100, så det er nok å ta tak i for 2016 også! Takk for det gamle til alle som har følgt meg på bloggen. Første nyttårsdag er eg tilbake!
D52/30-31

18. desember 2015

Om å vera i teneste for den gode saka



Seks dagar til jul når denne saka blir skrive. Den kristne høgtida som markerer fødselen til Jesus, etter det ein har grunn til å tru, ein god mann. Det er alle dei som nettopp pushar han framføre seg for å kjempa andre saker, som gjer at eg kan kjenna meg litt framand for religionen. Og alle dei som for tida gjer det i namnet til islam. Passande nok er det to seriar i Dag og Tid som dekkjer store delar av Kina-boka for denne veka. I den eine serien fekk kjende personar spørsmålet om dei trur på Gud, og når dei hadde gjort seg ferdig med den serien, lurte dei på kva folk ville med livet sitt. Det siste spørsmålet til Jan Inge Sørbø var slik: «Er det noko om livet du gjerne skulla ha skjøna tidlegare?» Svaret hans har eg lyst skal bli mi julehelsing til dykk som les bloggen min. Jan Inge Sørbø sitt svar:

«Ja, at eg i ungdomen køyrde over folk i den gode saks teneste og i overtyding om at eg hadde rett. Eg var altfor umusikalsk andsynes andre og andre sitt syn. Det gjer at eg i dag er allergisk mot folk som skal prøva å overtyda meg. Då ser eg meg sjølv som tjueåring – og det er ikkje eit syn eg likar.»


D51/22

11. desember 2015

Nobel krim



Me er inne i Nobel-veka. Altså den veka nobelprisane blir delt ut, på dødsdagen til Alfred Nobel, 10. desember. Tunisisk dialog er blitt heidra med fredsprisen i Oslo, og i Sverige er det høg festfaktor når dei andre prisane blir delte ut. Vår eigen fredspris er det jo lukkelegvis gitt for dei fleste av oss å forstå bakgrunnen for, slik også med litteraturprisen. Men fleire av oss slit med å forstå dei gjennombrota som ligg bak utdelingane til dei framståande kvinner og menn som blir tildelt nobelprisane i fysikk, kjemi og fysiologi eller medisin. Og det var nok eit ønske om å forstå nettopp desse sistnemnte prisane, som gjorde at eg klypte ut meldinga av boka Nobelfysik i vardagen. 100 nobelpris förklarade i en mordgåta av Arvid Hove i Dag og Tid. 


Han har utrøytteleg meld bøker om naturvitskap i avisa, og denne med nobel krim tiltalte meg ekstra. Forfattarane bak boka er Patrik Norqvist og Maria Hamrin og den kom ut i 2007. Du kan kjøpa den som e-bok fleire stader på nettet, har eg sjekka i dag.  Arvid Hove har forresten sympati for mitt utgangspunkt i meldinga. Som han seier: «Når nobelprisen i fysikk vert forkynt, kan grunngjevinga for prisen ofte vera vanskeleg å forstå for ein lekmann som til dømes i 1980 då amerikanarane Cronin og Fitch fekk prisen for «oppdaginga av symmetribrot i nedbrytinga av K – mesona». Det er to mord og eit mordforsøk som er utgangspunktet for mordgåta, og politiet får hjelp frå to fysikarar til å oppklåra mordgåtene. Det syner seg at veldig mange av dei oppfinningane ein har kome fram til i fysikk, spelar ei stor rolle i det livet me i dag omgir oss med. I 1909 til dømes var det fysikarane som sto bak utviklinga av trådlaus telegrafi, som fekk prisen, og utan denne ville det ikkje vore muleg å bruka mobiltelefonar. Hove tilrår boka på det varmaste – dette er boka for dei som ønskjer å få presentert god kvardagsfysikk! 

Og så eit slags malapropos til den overdådige nobelfesten i Stockholm – og delvis i Noreg.  Eg unnar alle prisvinnarane all heider dei kan få. Men det kom til meg også i denne vekas Kina-bok, eit sitat frå Sokrates. Ta det med deg inn i dei siste juleførebuingane: 
«Han er nærmest Gud som trenger minst.»


D50/73, 94